[Tidender.] Kristiania liberale Forening



hadde kallat Vinstremenn ihop til eit Møte i Gymnastiksalen paa Festningi um Maandagen. Salen var fylt, paalag tvo Tusund Mann var tilstades, so ein saag nok, at Vinstre hev vakset i Kristiania ogso no.

Statsfysikus Bidenkap opnad Møtet og gav Ordet til Stortingsmann Blehr. Han minte um det Umskifte, som var gjort i Statsskikken vaar med-di at det Motstandet som raadde millom Riksmagterne, no var avløyst av Fred og Samarbeid. Men no kravdest det at Veljararne var med og godkjende det.

Høgre hadde no gjort mange Spaadomar um, kor ille dette her skulde verta, Kongen skulde no verta so magtstolen, men no synte det seg tvertum, at han sat stødare enn fyrr, og Unionen skulde standa paa Spil, og no saag ein, at Stockholm hadde valt plent dei Menn som hadde stadet paa Vinstre si Side. Men det verste var daa det, sagde dei, at me var komne so langt ut paa Haalisen, at ingen kunde stanse Ulukka, fordi at no var vaar Skjæbne lagt i Vælgernes egne Hænder som det var sagt i denne Salen paa eit Høgremøte. Ja var det inkje fælt, ingen andre enn oss sjølve hadde me no aa lita paa. Kor skulde det væl verta av Mindretalet daa, dei som hadde vant seg til aa lita paa, at Institusjonarne skulde vera tilstelte til deira Velferd og som hadde sukkat som Per Gynt, daa han aaleine vart frelst utor Skipbrotet: Hvilken Tryghed og Trøst at vide sig separat beskyttet. Paa Høgremøtet var det sagt, at Ødelæggelsens Vederstyggelighed vilde syna seg, naar Vinstre fekk gjenomføra alle sine Reformer. Kven skulde dette koma fra? Jau Veljararne sjølve var det, som vilde draga den yver seg.

Det var daa sagt det ogso, at Vinstre vilde innføra so mykje framandt Juks, likesom dei innførde Glasperlur aat dei ville. Han skulde taka for seg ei Perle av denne Ringen, ei Sak, som det let paa Høgre, som um ho var inkje vyrdd nokon annan Stad, Juryen. Det galt kanskje inkje nokot for dei, at den var innførd i mest alle Land i Europa, og var det nokot Land som hadde avskaffat den, so hadde det inkje varat lenge, fyrr dei tok den igjen. Justitsministaren hans Bismarck hadde sagt det alt i 1873, at den Sak maatte alle halda for aa vera avgjort, den Sak trengde inkje um aa verta dryft lenger.

Og denne Saki var væl ny her i Landet, fordi ho var i Strid med det, som var nedervt fraa Einvaldstidi, men ho høvde godt med Domarskikken her i Norig i eldre Tider.


Jurysystemetnyttad inki berre Lovgranskarne, men Folks sunne Sans. Det innførde det muntlege i Staden for det skriftlege. Det fridde den som er sakad, fraa aa verta halden skuldig fyrr han er dømd. Det legg Sakerne heilt fram i Ljoset for Aalmenningen.

Dette var ei Glasperle, som hadde havt Glimesteinens Glans for dei fleste Folkeferder. Juryen var, som ein Tyskar hadde sagt det, eit gildt Kunstverk, einfengt og storlegt, født av Fridomen, fostra av Sanningi.

Talaren sluttad med ei Uppmaning til Kristiania um inkje lenger aa stella seg avvisande til dei, som raadde, og dermed stella seg i Vegen for seg sjølve. Byen hadde paa Høgremøtet fenget Ros for aa vera den Klippe der ei overskylles af Radikalismen, det var daa meir Faare for at dei skulde verta framumsiglde av Utviklingi.


Professor Schjøttfekk so Ordet. Daa det store Fanetoget gjekk til Kongen i Sumar, so var det inkje Revolusjonen, som kom, men daa var det eit nytt Stand, som gjekk inn i det politiske Livet, Arbeidaren. Dei laut missa Serretten sin no, desse som kallad seg for dei kondisjonerede, ymse sosiale Fordomar laut falla, det maatte koma ei Utjamning i Kunnskapar og Livskrav, det fylgde av den demokratiske Utvikling. Og daa var det allerfyrst ei betre Upplæring, som laut til, bygd paa dei gamle Setningar, at Upplæring er Statsak og at det ingen Skilnad maa vera millom høge og laage Skular, ein for dei fine og ein for den simple. Og det var inkje so umogelegt aa faa burt denne Skilnaden, naar dei slutta aa leggja all Vegt i Skulen paa Kunnskapen, og sette Fyrimaalet i aa ala upp eit godt Huglynne og styrkja Viljen.

Daa kunde væl ingen segja, at Skulen vart riven fraa Kjyrkja, Kristendomen vart daa væl den beste Hjelpesmann for ein slik Skule.


Lækjar Oskar Nissen fekk Ordet. Det hadde voret som ein frisk Blaast i Segli aat Avhaldsmennerne, at den Liberale Foreining hadde sett upp paa sitt Program aa minka paa Drikkingi, fraa Tusund av Avhaldsmenn kunde han frambera Takk; det var faa Ting som hadde større Vigt og Vidd for eit Kommunestyre no enn Avhaldssaki, og korleids so Kommunevalet fall ut, so skulde ingen kunna taka den Æra fraa Vinstre, at dei hadde gjort Upphavstaket her.

Kristiania var mykje verre til aa drikka enn dei fleste andre Byar, og maatte reint skjemmast for Landet, daa Kristianiafolket drikk 3 _4. Gong meir enn Bonden. Dei var fæle til aa drikka paa Landet og fyrr, men so kom Forbodet mot Brennvinsbrenningi, og der ser ein, kormykje slikt verkeleg hjelper; naar det inkje er Tilføre til aa faa fat paa Brennevin, so vart inkje Fylli naame nær so stor. Men desse Samlagi i Byarne trudde han det var lite Hjelp i mot Drikken, det var berre at Byen tok burt Inntekti fraa sine Borgarar paa ein uretferdug Maate.


Chr. Bruun. _ Vinstre skulde vera so ukristelegt; inkje berre soleids meint, at det var mange Fritenkjarar der, det var det ogso millom Høgre, og inkje so, at det var so mange ukristelege Gjerningar i den Politikken, det var det ogso blandt Høgre (soframt dei daa gjorde nokot i det heile, men Tankarne deira var daa vist inkje for vene). Men soleids at den Tankegang hell Filosofi, som Vinstre bygde paa, var ukristeleg. Men det var tvertimot, for denne Nivellering og Lyfting av dei lægre Samfundslag, den var heilt etter Kristendomen den, men for Høgreprestarne var Kristendomen berre Autoritet. Det var berre ei Teori, som var uppfunnet av Teologarne vaare dette, at Vinstre stod imot Kristendomen, og denne Læra hadde sidan vorte so gjæv, at dei fyrste Talsmennerne for den (Bugge og Heuch) hadde komet i stor Ære for det. Og so studde dei denne Teori paa det, at i alle kristne Land heldt dei kristne med Høgre; i dei katolske Landi, ja ogso Tyskland; for det Teologarne meiner med Verdi, det er Tyskland.

Vinstre skulde daa hava teket alt sitt fraa den gudlause franske Revolusjonen, men dette var inkje sannt hell. Fridoms- og Likskapstankarne var nok eldre, Franskmennerne hadde dei fraa Amerika, dit dei vart førde av Serkyrkjemenn fraa England, som hadde fenget dei or Bibelen.

Det var nok sant, at denne Striden vaar var ein religiøs Strid etter sin inste Grunn, inkje millom Kristendom og Fritenkjing, men millom katolsk og protestantisk Samfundssyn.

Men Kristendomen var det, som hadde Ære av aa hava brotet ned Skilnaden millom Jøde, Grekar og Villmann, som hadde kravt same Vyrding for Kvende som for Mann, og som hadde gjort Trælarne frie.

Det var nok berre Restar av Pavedømet som sat igjen i Teologarne, naar dei for med sitt lause Snakk um, at Vinstre var ukristelegt.


Stadsfysikus Bidenkap minte um kvat det vart sagt paa Høgremøtet her for 6 Vikur sidan, um at Grunnloven hadde sett eit Maal av Fridom større enn alle andre Land. Men no skulde det hava vortet gjort eit Hogg i dette tilmælte, inkje paa den Maaten, at Fridomen hadde vorte minka, men ved at han hadde vorte _ auka. Dei vilde, at dei Krefter, som heldt att, skulde vera i Fleirtalet, og no var Ulukka den, at dei nye Røysterettsreglar hadde øylagt dette. No var det inkje Raad til aa køyra baklengs meir, og daa var det ingen annan aa ty seg til enn Veljararne, med Krav til dei um aa gjeva Retten fraa seg, so det kunde verta som fyrr, eit Mindertal, som drog fram og eit Fleirtal som drog attende.