Landbruksskulen i Telemork.


Daa eg saag, at det skulle bli Landbruksskule i Telemork, gledde det meg. Det er vist paa mange Stader og ikkje minst der, dei kann hava Bruk for slik ein. Vel er det so, at den ikkje so med det same, den er ny, kann maale seg med mange andre Landbruksskular i Landet, men den kann vera go etter Høvi, og forutan aa lære Folk Landbruk, kann den vekkje Lyst til det, og det er ikkje det minste. _ Jordbrukje med alle sine ymse Greinir er eit innvikla Stell, og det er ikkje rart om ein treng aa lære. Der vert gjort Framstig paa Framstig, so ein kann drive betre, og dei burde ein lære. Ein kann tenkje tilbakers, daa der mange Stader vart bruka Tregreipar og andre liknande kleine Greiur. Kor tungt gjekk ikkje Arbeie, og kor kleint vart det ikkje mange Gaangur gjort, mot naar ein fekk go Gogn og Greiur. Daa vert det meir Moro i Arbeie, og ein fær gjort det betre, so der bli betre Skjikk paa all Ting. Og det meste av desse gode Greiurne og Framstigi i Jordbrukji i det heile hev mi Landsbruksskularne mykje aa takke for, baade her i Landi og i Utlandi, der Jorbrukje vert drivi meir i det store, og der det er mange fleire Landbruksskular.

Mi ser her er mange, som kvert Aar reiser til Amerika, og Mesteparten reiser etter mi Meining, just for at dei synes, her er for kleint aa live, og trur dei skal faa det betre der. Mi ser dei synes det er tungt, for mang ei Taare trillar, naar dei skal forlate Heimen, men dei reiser likevel. Det er tungt aa sjaa paa dette. Og det syg Livskrafti ut or Landet, for det er Ungdommen, som skal vera det nye Norig, og naar han reiser vekk, er det som det skrumpar og krype saman, Folket eldest og luter mot Gravi.

Og kot er det som gjer, at her bli so mange Bondestudentar? Er det Aandsevni tru? Det er vel mange Gaangur det, at dei trur det skal bli so overlag gjævt aa bli Embættsmennar og _ Heimen er ikkje rigtig go nokk. Men lat oss ikkje fare etti slikt. Lat oss prøve aa faa Heimen go, so Aakrarne bylgjar og Engji stende blømande med Skog og Fjell omkring. Daa kann mi sitja i Heimen og sjaa utivi Dalen og Fjelli likeso fjaage og fornøgde som Embættsmannen og dei som byggjer paa Prærien i det store Amerika.

Lat oss prøve aa faa Heimen slik, at Folk ikkje treng aa reisa fraa Landet for aa finna seg ein. Men for aa faa det maa der Hjelp til. Og ein av dei Ting, som eg trur hjelper her, er Landbruksskulen og derfor ynskjer eg den til Lukke.

B