Kolerasotti


munar so smaatt og jamt; um det inkje spyrst kvart eit Fet ho gjer, og kvar ei Øyding ho gjer, so et ho um seg til kvar Tid. Og sume spaar det, at ho kjem til aa snerra burti alle Land i Europa, fyrr ho gjev seg.

Ho heldt paa aa lakka og lida lenge, fyrr ho vitjad Parisarane ogso, det var som um ho vilde gjeva dei Tid til aa umraada seg væl, og det vart ogso sett ein Støkk i Byen fyrstundes, daa dei berre hadde aa dragast med Otten for at ho skulde koma. Men no daa ho hev slegjet seg fast i Byen, og dei hev vortet vande med henne, er det som dei inkje gjevst nokot større for henne, for det er lettliva Folk, som inkje idest syta for lenge, dei hev annat aa gjera, dei maa gama seg og forvita seg, maatru, og so let dei Sotti stella som ho vil, til des at ho hev gjort ifraa seg; um ho drep nokre Tusund Fillefantar, so vøre det inkje nokot faarlegt Tjon. Fyrr ho vert so sleim som ho var i Neapel, meiner dei iallfall at det inkje kan vera nokot sers vyrdande.

Sotti kom til Europa fyrst i 1831 ifraa India, der ho held seg jamnt. Aaret etter var ho i Paris og reiv med seg yver 18,000, so kom ho att i 1849 og drap yver 19,000, i 1854 nære 8000, i 1866 nære 6000 og i 1873 innmot 900, so ein ser at ho linnast for kvar Gongen.

Aat Norig kom ho i 1832, og heldt paa alt til 1834, og drap i det heile umlag 1900. Fraa 1848 til 1850 var ho her att og drap 1200, i 1853 _55 tok ho 2600; i 1857, 28; i 1866, 54 og sist i 1873 berre 10. _ Strengast var ho i Aaret 1853, daa det rauk med 2500, derav 1400 berre i Kristiania.

Kolera hev aldri komet lenger upp i Landet enn til Saaler og inkji lenger nord enn til Firdafylkjet. Det er sjaaande til at ho inkje likar seg i den friske Fjellufti vaar, og inkje naar Kalden vert for streng hell.

Dei hev granska Sjukdomen mykje iaar, Vitenskapsmennerne, og sume av dei meiner, at det er noke ørende smaae Dyr, som valdar Sotti, og desse Smaadyri aukar so urimeleg fort, og dei ligg gjøymde i Mat og Klæde og førest fort um- kring. Men ingi Raad hev dei funnet upp til aa drepa desse Smaadyri.

Det er berre den Raadi, som gjeld for all Sjukdom, aa halda eit reinslegt Stell.

Det er rart, at slike store og megtuge Byar som Paris, som lig slik til at han er so fengd for alle Sjukdomar, inkje hev lært dette endaa. Men der er Lorten so stinn, at han mest forgjeng dei; det er berre sume fine, som hev det nokot skikkelegt. Men kjem du inni Smaakotti, so er det det verste Villmannsliv du kann tenkja deg, Fillur og Folk um kvarandre, og Griseskap utan Like; Vatnet tek dei mykje ifraa Sæne-elvi, som er reint gul av all den Myk og Søyle, som renn uti fraa Kloakkarne. Um du brukad Siget fraa Mykkjellaren din til Drikkevatten, fekk du vita korleids dei hev det i so Maate i Paris.

Det er rart, at eit slikt rikt og gjævt Kulturland som Frankrike inkje skal hava skaffat Arbeidsfolki sine likare Vilkaar, men Vesaldomen er for gamall maatru.