[Tidender.] Du gløymer deg Morgenbl.!

 
Friele gjeng endaa stundom og sullar i Draum um dei gamle Tider.

Framlegget hans Sverdrup um Skulestellet kom veltande seg som ei Mare yver Bladet, so det fekk mest inkje pusta. Dei fekk væl Hertzberg til aa masa litevetta med det, men det munde lite hjelpa.

Men her um Dagen kom det eit Glederop fraa den klemde Bringa. Dei hadde spurt at Framlegget skulde sendast til ei kongl. Nemnd for aa granskast og fyribuast væl. Og faae Ord hev havt slik ein god Klang i Øyro aat ein Høgremann som dette kongelige Komisjoner, for det tyder for dei det same som Begravelsesbyraa, dei tykkjer alt aa høyra Klokkeklang og Liksang og Komitemedlemerne er liksom Berarar, utvalde til aa føra Framleggi aat Jordi. For slik var det fyrr, naar det kom fram Ting som dei inkje likad, so var det ingi Raad som var so glup, som aa faa nokre kongl. Menn til aa halda Gravøl paa det i ein Komisjon. _ Aa du morosame Morgenbl. som fortel so beint fram, korleids De hadde det. Men du vaknar nok snart upp att fraa dine sæle Draumar og fær sjaa det kalde Livet flirande imot deg. For du skal med Graat og ille Laat faa koma til aa sanna, at her no er andre Tider og andre Menn, ja at jamvæl det som heiter kongelegt hev fenget ein leid Teft for deg av Fridom og Framgang.