Tidender.


Kristiania, den 18de November.


Professorposten i Filosofi. Den svenske Mannen Pontus Wikner skal vera innstelt av Kyrkjedepartementet til aa faa Posten.

Strindberg er frikjend av Juryen. Boki hans vert send ut i Handelen att. Ein Ting er viss Fylgje etter denne Sakleggingi, Giftas vert lesi og granska og Forleggjaren tener.
 
 
1ste Upplaget av Vildanden er alt utselt.


Nyt Tidsskrift, Hefte 7, inneheld:

Første kapitel av Jonas Lies nye fortælling. _ Nogle ord om kvindesagens udvikling og nærmeste opgaver i vort land (Gina Krog). _ I de seirendes rækker (Anton Welde). _ Keshub Chunder Sen og Brahma Somay af Indien (Kristofer Janson). _ Literaturbrev fraa Sverige (Artur Bendixon). Mindre anmeldelser. _ I anledning av kunstnernes høstudstilling (Margrete Vullum).


V. Ullmann skriv i Dagbl., at det fyrste som no er aa gjera i Landet, det er aa ordna dei mest paatrengjande Saker, ved Hjelp av næste Val aa faa Parlamentarismen fastslegen for Framtidi, og so faa lagt all Ting til rettes for at vaare Etterkomarar kann koma til aa tala og skriva det norske Maalet og inkje som me det danske, nett slik som Sverdrup vil hava detordnat. Men naar so det er yver, kann so inkje Tidi vera komi til aa taka Statskyrkja upp til Forhandling?


Gideons Her. Daa den konstitusjonellepaa Veslehamar aat til Kvelds Tysdag 8 Dagar sidan, sagde Yverlærar Karl Nilsen, at han vilde slipa Sverdet sitt og strida mot den Styringi, me hev no, daa han tykte ho var tyrannisk; men han vilde gjera det stilt. Kaptein Boyesen bad Prestarne um aa halda politiske Talar baade i Kyrkja og ellest.

Kvat Slag Politik Kapteinen vilde at Prestarne skulde arbeida for, det hev me inkje høyrt nokot um; men han veit, korleids dei Kararne fyrr hev talat um Styringi, og kvenn som hev innsett henne, so det er trulegt, han vilde hava dei til aa minna Yverlæraren og andre, som tenkjer som han um, kvat dei skyldar den Styringi, som er av Gud.


Statsraad Sørensen hev haldet ved Sengi no nokre Dagar. Ein Dag han skulde gaa i Departementet stod ei Vedluke i Portromet uppe; Statsraaden merkte seg inkje det; men dat ned i Vedkjellaren og slog seg sleimt paa dein eine Foten. Han er i Betring no.


Tyskland. 550,000 Sosialistar skal hava voret med i Tingvalet i Aar. I 1877 raadde dei berre yver 495,477 Røyster. Tvangsloven mot dei hev soleids verkat alt annat, enn det Bismarck tenkte.


Rusland. For nokre Dagar sidan fann Politiet i Petersburg eit løynt Prentarhus, og det saag ut for, at det hadde voret i Bruk lenge. Listur med Namni aat paa Lag 200 Nihilistar vart og funne og mange vart fengslade. Ellest er Misnøgjet framleides stort yver alt Landet.


Krigen i Sudan. Gordon er inkje fangad, som det vart meldt for eit Bil sidan. Han er framleides i Khartum og hev Von um aa halda seg til han fær Hjelp heimanfraa. Krigsfolk fraa England er paa Vegen til Khartum.
Kolerasjuken vert verre i Paris. Fraa 7de til 13de d. M. døydde det 385 av han der i Byen. Folk tek til aa verta rædde, og dei, som kann koma til det flytjer ut paa Landet.


Kongospursmaalet vert no dryft av Utsendingar fraa flestalle Lande i Evropa. Dei held Møte i Berlin og Bismarck er Ordstyrar.


Kyrkjedepartementet vil beda Stortinget um Pengar aat ei kongleg Nemnd til aa granska Lovframlegget hans J. Sverdrup um Skulesaki.


Ihelkøyrd paa Jarnvegen . Klokka 10 Sundagskvelden kom det Melding til Politistasjonen paa Grønland um, at nokot galet hadde hendt nede ved Jarnbrui ved Galgeberg. Daa Politiet kom dit laag der ein daud Mann paa Sporet. Jarnvegsvogni hadde gjenget yver honom, skoret av det eine Beinet og gjevet honom tvo digre Flerrur i Hovudet. Nokot ovanfor fann dei Beinmolar og Merg og Blod, og endaa lenger uppe laag Lua hans, so Trænet hadde ført honom med seg eit inkje so litet Stykkje, fyrr det knuste honom.


Skiutstelling skal haldast i Kristiania den 14 _20 December. Den som vil senda dit Ski, maa melda det aat Skiforeningen i Kristiania.


Røykt Brisling, nedlagt i Olje vert det sendt mykje av fraa Stavanger til Sudamerika.


Tjovar. Paa Lensmannskontoret aat Havig i Vefsen vart det nyleg gjort Innbrot og stolet 800 Kr.


I Meiraak er dei tenkte paa aa grunna eit Fjellhotel for helseveike og byleide Folk.


Raa Møte. Kvinnfolki hev lenge brukt aa hava utstoppade Fuglar i Hattarne sine; Kolibriar og andre Smaafuglar er no mest nedskotne berre til det Bruk. No skal Maakarne og andre Sjøfuglar sama Vegen, ser det ut for. Eit Kvinnfolk i New-York, som driv Motehandel hev teket seg paa aa skaffa 40,000 Fugleskjinn til eit Handelshus i Berlin. Sjøfuglar av alle Slag vert difor no skotne ned for tvert i Nordluten av Amerika. Skjotararne fær 30 Øyro for kvart Fugleskjinn, som er heilt, av Motehandlarinna i New-York, men sjølv fær ho att 90 Øyro Stykkje i Berlin.


Gagnlegt. Styringi i Danmark hev gjort Framlegg til Riksdagen um, at han skal lata til Pengar til aa sjaa etter Liki (kanske rettare Moldi av det, som eingong var Liki) aat Dronning Elisabeth, Mannen hennar og Sonen hennar. Ei Bok med Bilæte i skulde daa skrivast um det, som dei saag i Kisturne, Leivingarne av Liki er nyleg førde fraa Holland til Danmark.


Ved Linderbach(Tyskland) stod eit Slag millom Landsbyfolket og eit Taterfylgje. Taterarne kom inn i Landsbyen med 8 Vognar og 15 Hestar og gav seg til aa plundra og røva alt dei kunde faa Tak i; so for dei sin Veg att. Men Landsbyfolket likad linkje aa verta plundra, difor sankad dei seg saman og væpnad seg. 40 Mann sette avstad etter Fantarne og naadde dei att eit Stykkje inne i Skogen, der dei heldt paa aa steika nokre Gjæser, dei hadde stolet. Taterarne vilde no røma undan, men fyrr dei hadde fenget Hestarne fyrispende, var Bybuararne komne, baate Hestarne og Vognarne med det som i var vart no teket av Bybuararne. Daa Taterhovdingen saag det tok han til aa beda fint for seg, og Enden vart, at han fekk att det, han hadde aat fyrr han kom til Landsbyen; men det, han hadde stolet vart medteket til Landsbyen att.


Flaum. I Sudspania hev det voret mykje Regn og stor Flaum no i det siste. I Ein By, Mijas, er fleire Bygningar øydelagde og dei hev Otte for, at Folk og hev stroket med. Mange andre Stader hev og Flaumen gjort Skade og Ulukke.


Underlege Dyr. Ein Mann i Kalifornia hev ein Hest, som hev tvo Horn (paa Lag som Kuhorn), ein Gris med 8 Bein og ei Høne med 4 Bein.


Spenedyr, som legg Egg. Dei er no komne etter, at Nebbdyret, som liver i Sudlandi, inkje føder livande Ungar, men verper Egg.