Kunstutstellingi.

 
(Del 2 av 3. Fyrste delen.)
 
(Framhald fraa No. 51.)


Alle hev væl høyrt gjetet Namnet aat Maalararne Tidemand og Gude. I Norigs Soga vil dei faa Rom atmed slike som Landstad, Asbjørsen og Moe, Lindeman og Bjørnson. Desse Maalararne hev inkje minst Ære for at Nasjonalitetskjensla vaar vart kveikt, for at den Kjærleiken til Land og Folk kom upp i Bymennerne, som no hev fenget sitt Utslag i den store Turistsvarmen, som kvar Sumar fyk utyver Bygderne.

Minnest eg inkje kor dragande Magt dei hadde desse Maalarstykki deira, naar eg um Sundagen fekk sleppa upp i Nasjonalgalleriet her i Kristiania _ det var den Tid eg gjekk paa Latinskulen _ det var likesom eg med ein Gong vart lyft upp or Bylufti og kjende den friske Fjellvinden leika umkring meg, eg drøymde meg uppe i dei grøne Liderne og paa dei blanke stille Fjordarne, og inni den gamle Røykstoga, rødande med dei gamle Kallar og Kjellur, leikande med dei friske Gutar og Gjentur _ aa eg tyktest berre eg skulde høyra deira gilde gamle Maal ogso ljoma ikring meg. Det sette ei Lengsla i meg, som gjorde meg mest som ør.

Kunsten var slik i den Tid, hildrande, lokkande med Huldreljod, dragande Hugen til ei Verd so endelaus fager og blank, bakum og burtum alle andre Ting.

Men den Tidi sluttad. Kvifor kunde ho inkje standast? Nei det gjeng inkje ann berre aa drøyma um Livet, i all Æva, ein maa eingong finna sjølve Livet, slik som det er.

Og ingen hev lagt seg meir um det enn desse Kunstmennerne vaare i det siste.

Eg kann hellest inkje segja, at eg likad det nokot skilleg væl, daa dei tok til med denne Leitingi etter det verkelege Livet og maalad stygge Potetaakrar, Kaalmarker, Skrap og Filledom, som det ingen Hugnad tyktest ved vera.

Berre Lastord fekk dei av alle kunnuge, men den unge Flokken var utrøyteleg, gav seg inkje fyrr han fekk Folk til aa sjaa paa Arbeidi sine, heldt Utstellingar paa eigi Haand, og hev no vunnet Godkjenning av dei fleste kanskje. Til duglegare dei vert, til meir tagnar Klagarne yver, at dette er Nedbrot og Forfall av den sanne Kunst; det sannast meir og meir, at her er gjort eit Framstig, som vil verta til store Ting, og som ber rike Varer i seg for Norigs Framtid.
 
Eg hev faret mykje umkring i Bygderne og leita etter det fagre Folkelivet og dei glimande Fjell og Fjordar, som dei eldre Maalararne og Kunstmennerne hellest hev skildrat, men eg hev ingen Stad funnet det. Alt hev havt ein anna Svip. Ofte hev eg sturat og tenkt: Er det daa berre til dei lidne Tider, at det høyrde alt dette gilde? Korleids skal det ganga med det nasjonale vaart? Nye Straumar kjem skyljande yver det gamle Draget, nye Menn, som inkje forstend dei gamle Stemningar. I Bokheimen var alt det nasjonale likesom stroket ut. Og aller minst var eg bisnefus til aa venta nokot meir i den Vegen av Maalekunsten, som hadde brotet so tvert nedfyre med det gamle. Men kor undren vart eg inkje, daa eg merkte, at nettupp der var det, at ein ny nasjonal Vaar heldt paa og ovra seg. Jamvæl me Maalmenn maa med Skamm segja, at det er snaudt um me skriv so nasjonale Bøker som me no hev Maalestykkje.

E. Werenskjoldheiter den Mannen, som paa nytt hev, aa kalla, gjenfunnet det nasjonale. Paa Nasjonalgalleriet er det aa sjaa eit Bilæte av honom, og paa denne her Kunstutstellingi er det tri, iser desse tvo er aa merkja seg. Eit Stabur og Aftenstemning (tri Telegjentur), Katalogn. 125 og 126. Eit godt Kjennskap fær ein hellest til honom i den bilætlagde (illustrerte) Utgaava av Æventyrboki hans Asbjørnsen og Moe, som det er utgjevet fleire Delar av.

Den nasjonale Syni, som raadde her fyrr i Kunsten vaar var langtifraa so sann og djup som ein skulde tru. Det var helst Bymannens Trong til det heimlege, som der fekk sitt Utslag. Allvist Forteljingarne hans Bjørnson leidde det heile nokot paa Villspor, det Vinje væl var einaste Guten i Samtidi, som var gløgg nokk til aa sjaa.

Werenskjolds Kunst bind seg inkje det Slag attaat Bjørnson, men gjeng likesom lenger attende i Tidi, og minner meir um Folkediktingi, samstundes som den er mykje meir moderne, frisk og livfull enn Bjørnson. Telegjenturne hans Werenskjold er soleids eit Verk av større nasjonalt Verde enn Synnøva Solbakken hans Bjørnson.

Fyrst du kjem innaat dette Bilætet, skvett du reint i, du gløymer at du gjeng paa ei Utstelling, det er som du kom framstingande sjølv bakum Skidgarden og so braadt fekk sjaa dei sitja der i Graset framfyri deg. Det kom slik ein Hug paa meg til aa slengja seg burtaat og til aa kveda Stev med dei og so liggja og sjaa burtetter Lauvhaugarne og dei grøne Lider. Eg vaagar at dei kann Stev desse Meggurne, alvist den minste der, som sit so fortenkt, eg trur ho kann fine Stev ogso ho.
 
Hanen sit paa Burshella
og Bonden gjev honom Konn.
Rakkjen reikar i Bakko nord,
og Hjuringjen blæs i Honn.

Plent dette Stevet rann fyri meg, daa eg skodad paa Staburet hans W. _ So reint heimehyggjelegt og vent, Hønurne gjeng so fredeleg og stilt kringum, og det er slik ei linn god Sumarstemning yver det heile.

Og so ljos ei Grønske, det er berre so det skjer i Augom. Ja dei maalar Graset mykje ljosare desse nye Maalararne imot dei fyrre. Og det er mange, som mislikar dette, og kanskje er det væl mykje innpaa det gule og. Men det er rart med det, naar ein skal døma Vaargrønska um Hausten, ein kann aldri tru, at det hev voret so grønt nokotsinn. Eg veit no at det er slik med meg, fyrst eg kjem ut um Vaaren, at Graset er so blankt og ljost, at eg snaudt vil tru Augo mine. Det er som Vinje segjer: Det er likesom Lauv og Gras er grønare enn ifjor.


( Meir.)