Det bur Lengsla i...

 
kver Mannabarm, ei Lengsla, som søkjer sit Maal i han sjølv og ifraa han sjølv. Lengsla peikar utom han sjølv og syner, at Mannen inkje hev Heimvist her, og skal Lengsletorsten stillast, so maa me vita oss i Samband med han, som me gjekk ut fraa, daa vaar fyrste Morgosol spratt.
 
Gleda hev seg inkje i lett Liv, mange Vener og store Eignalutar, men Gleda er aa faa hava eit hugheilt Sind under alt. Der det hugheile og fredsæle Sind vantar, der vantar og Gleda, lat det vera i Konga-salar millom Guld og Glimesteinar heller i Fatigmannens røykfulle Hytta. Difor finn du den sanne Gleda berre der, som Gud hev gjevet Fred. All annan Gleda eimar burt, og etterlet seg den beiske Anger.
 
Tru mot Gud,
Trufast mot sin Ven,
Sann mot seg sjølv
gjev Mannen Styrkje.
 
Framande Mann vert spurd etter Fretningar, vis Mann etter gode Raader og Rettleidingar. Farande Mann fær mykjet høyra og Folkatale kring Bygderne ber han. Baade ganga med han Mann og Mann millom. Vitug Ferdamann fortel det, som Folk kann læra og hava godt av, den, som litet forstend, segjer um alt, han høyrer og ser. Mannens Lyte veit han vel aa nemna, Botavoner mot deim er faae. Mannens sanne Dygder ser han inkje, han vantar den retta Gløggskapen. Katula kann venda Hovudet mot Soli, men ser gjerer ho inkje i Sollyset.

Reisande Mann kann mykjet gagna, naar Vit i Hausen er Mannens Pryda.

Skodar du med blidlegt Andliti det klaara Vatnet, so møter Blidka deg i dit eiget Bilæte. Berre er Blidka endaa mildare. Det hev Vatnet gjort.

Skodar du med ilske Andlit, møter Ilska deg i dit eiget Bilæte. Men daa er Ilska endaa fælare. Vatnet hev synt Ilska endaa djupare. Det kunne vera oss ei Skuggsjaa.

Tenkte me meir yver det, kunne det kanskje vera meir Blidka yver oss, naar me gjekk ut i Verdi.

Kjelda kunde verta Kjelda til Blidka.