[Tidender.] Nora


Ei Tidarskrift fyre den Norske Huslyden er det utkomet 1 Hefte av, som inneheld: Syng ut (Dikt av Svein Urædd). Trei i Skogen av Albrekt Segerstedt. Umsetnad fraa Tysk av Ego. Til Laatt og Løgje (Rispur og dilikt) Maalsaki notildags av O. S. Tvo Dømesogor av Lessing (1. Korpen 2. Eiki). Magnus Heineson. Lovsong av Hallfred.

2dre Heftet kjem ut i Desember. Og gjeng dei, so vil det verta fleire. Me bed Folk gjeva Gaum etter det, væl var det um slikt eit Tiltak kunde faa Framgang.

I Fyreordet segjer Utgjevaren:

Den norske Bladheimen hev til dessa saknat slik ei Tidarskrift, som kunde vera høveleg til aa setja i Hylla som ei onnor Bok. Me hava til dessa havt berre Avisur aa kalla, _ og Avisur er det sjeldan, me kosta Bind paa. Ingen hev fyrr, det eg veit, byrjat paa ei slik Skrift, men eg trur ikkje, me godt kunna vera henne forutan no, og difyre tek eg i Vegjen med denne Freistnaden.

Nora kjem til aa innehalda smærre Forteljingar, Dikt, Utgreidingar, Rispur o.s.fr. Ho kjem ut ender og daa i lause Hefte paa eit Ark, og kvart Hefte kostar 12 Øyror. Strakst det er seld ei høveleg Mengd av det eine Heftet, tenkjer eg aa senda ut eit annat, og di betre det gjeng med Salet, di fortare vilja Hefti koma ut og dermed Bokheimen vaar veksa. Gjeng det godt, so kannhenda det verd prentat tvau Hefte til fyrr Aarets Slut.

Eg gjerer detta med Von um, at Maalvinerne vilja hjelpa til med Salet av kvart Hefte, etter som det kjem ut, _ og med Bøn til dei skriveføre Menner og Kvende i Fylkingen vaar, at dei vilja tenkja paa Nora sume Tider med ei liti Forteljing, eit Dikt elder nokot sovoret; for skulde Innehaldet verda skrivet berre av ein, kunde det lett verda einsidelegt.