Norskt Maal i Skulen.



Hallingdals Lærarforeining heldt nyleg Aarsmøte sitt. Det var søkt taa umframt mange, og det kunna nokk nemnast, at tri Prestar ogso var tilstades. Der hadde dei for seg millom annat Om Forstaaelsen af Undervisningsplanens Bestemmelse om Brugen af Barnets eget Maal i Skolen. _ Innleidaren minte fyrst um, kossleine det var for ei Tid sedan, at korkje Lærar elder Lærlingar hadde Lov til elder vaagde seg til aa bruka sitt eiget Maal i Skulen. Det stivaste Bokspraaket var det grummaste. So i 1877 fekk me ei Undervisningsplan, som ogso nemnde um, kossdan Maal, som skulde brukast i Skulen. Der staar soleids: Læreren maa navnlig i Førstningen ikke blot tillade Barnet at bruge sit eget Maalføre, men maa ogsaa selv, for at kunne forstaaes, saavidt muligt benytte sig af samme; efterhaanden opøves Børnene i at forstaa og selv benytte det i Bøgerne almindelig brugte Sprog. _ Straks etter kom Skuledirektør Bonnevie med si vælkjende Utlegging taa desse Ordom, den som gjekk ut paa, at Borni i Aalmugeskulen skulde der læra seg til baate aa tala og tenkja dansk. Det var rettigt eit lukkelegt Hende, at denne Utleggingi kom, for denvar det, som gjorde, at Saki daa kom i den Skora, ho kom, og som ber i seg ein Lovnad um, at ho um ikkje so lenge vil verta ordnat paa rette Maaten. Kvarein veit, at daa kom Johan Sverdrup og med honom 35 andre Odelstingsmedlemer, gjæve Menn med Hjarta og Evle til aa hjelpa alle desse Smaaborni, som skulde leggjast ei slik Tyngd paa, _ dei sette fram det Forslaget, at Læraren ved Lov skulde paaleggjast aa bruka Barnets Maal i Skulun saavidt muligt og lata Borni ogso bruka det. Daa det kom fyre i Tinget, vart dei ei lang og forvitneleg Raadlegging um det, og daa vart mange gode Ord sagte, som me ikkje for mykjet vilde hava usagde. Soleids vilde me støtt hugsa, kvat dei noverande Statsraader Jakob Sverdrup og Arctander daa sagde. Dei viste so greit, kor vigtug Saki var baade for Upplæringen i Skulen og for Nasjonalitetskjensla og kvat Synd det difyr var mot Borni aa vilja tvinga dei inn i eit Maal, som ikkje høyrde deim til. Slutten paa det heile var den, at den nemnte Forskrifti skulde takast inn i Undervisningsplanen. Derom vart baate Stortinget, Regjeringi og Stiftsdireksjonarne samde. Naar dei 36 gav upp sitt fyrste Krav paa ein Lov, kom det seg av, at det var nokot uhøvelegt aa hava Ord som saavidt muligt i ein Lov.

Men det var daa like godt, anten Kravet kom i den eine elder andre Formi, det kunna ikkje etter dette vera Tvilsmaal um, at Læraren var pligtug aa retta seg etter dei. Men likevæl fanst det Lærarar, som ikkje gjorde det. Der var dei, som nokk vilde bruka Barnets Maal til Upplæring i verdslege Fag, men slett ikkje i gudelege, _ aa _ likesom um Vaarherre skulde lika betre dansk enn norsk! Ialfall fekk Borni taa slikt den Trui, som dei so lenge hev havt, at det framande er gjævare enn vaart eiget. _ Og der var dei, som trudde, dei ikkje var pligtuge aa retta seg det minste etter Kravet. Det hadde ogso hendt, at Autoritetar ikkje i dette hadde gjort det, som dei skulde. Fleire her viste um, at ved ein Kyrkjevisitats for ei Stund sidan fekk ein Lærar, som greidt og fullt snakka Barnets Maal einslags Kritik for det, medan nokon andre, som danska, so det var ilt aa høyra, ikkje fekk eit rettleidande Ord eigong. Slikt var ikkje rett og ikkje bra. Og for aa hindra meir taa sama Slage fraa aa koma fram og for aa gjera sitt til, at Lærararne kunna gjera si Pligt og Borni faa sin Rett i desse Stykkje, var det, at Saki var framdreget her idag, skjønt det ikkje var so lengje sidan, ho hadde voret framme her.

Fraa mange Kantar vart det deretter kvast framhaldet, at den omtalte Forskrifti maatte forstaaast slik, at Læraren var pligtugtil aa bruka Barnets Maal i alle Fag solangt han var god for, og altid sjaa til aa læra det betre og betre. Gjorde han ikkje det, var han ein _ Lovbrjotar. Slik greid Framlegging taa Meiningi i Forskrifti vilde vera bra til aa stengja Vegen baate for dei, som var ukunnuge, og for dei, som var uviljuge.

Det var fleire, som omtala, at det kunde ikkje vara nokot lengje, at Læraren og Borni paa ei Sida og Bøkerne paa den andre tala kvar sitt Maal.

I Samtalen vart det ogso nemnt, at det hadde vist seg, at Foreldri som i Fyrstningi ikkje hadde synst um Maalet paa Skulen, sidan hadde vortet glade i det, naar det hadde voret brukt ei Tid, fordi dei daa fekk sjaa kormykje gladare Borni vart i Skulen, og kor-mykjet snøggare dei daa lærde. For aa koma vidare, burde der spreidast ut Skrifter paa norsk, og ved alle Høve visast, at det norske var likeso godt som Bokspraaket ogso til gudelegt Bruk. Difor skulde dei, som hadde Autoritet og kunna tala Maalet, men lel ikkje gjorde det, hugsa paa, kvat det hadde paa seg.

Det var fleire, som vart reint forundra, daa dei saag og høyrde, at ikkje ein hadde nokot aa segja imot det som var omtalat. Ein taa dei gjorde daa Framlegg um, at Møtet skulde igjenom eit Vedtak segja Meiningi si um Spursmaalet, _ og um ei Stund vart dei allesaman samde um, at det skulde lyda soleids:


Forsamlingen, der sterkt vurderer Betydningen af Undervisningsplanens Bestemmelse om Brugen af Barnets eget Maal i Skolen, forstaar denne saaledes, at Læreren er forpligtet til at bruge det i alle Undervisnings fag, saalangt hans Evner rækker, samt til stadig mere og mere at dygtiggjøre sig i det, og vil have sin og Brødres Opmærksomhed vakt for dens alvorlige Gjennemførelse.


_ g.