Kvinna


skulde gjera nokot sjølv au, segjer so mange. Ja hadde ho berre Motet so, men det hev ho endaa inkje. Mangt eit godt Emne hev vorte burtkastad, fordi ho sjølv inkje hev trudd seg til aa freista. Kvinna veit vel som jamnast inkje so mykje som Mannen, difyre hev ho vel gruva seg; ho torer snaut halda fram si eigi Meining. Ho hev kjent seg forlita og kjent, at ho hev stadet under Mannen i eit og alt.

Fyrr hev Mannen inkje vilja slept Kvinna med i nokon Ting; han hev voret rædd, ho skulde faa Auga upp fyr ymse Ting som han fær med. Og hev han fyrst gjevet henne att nokot av Retten hennar, som han hev brukat, so kunde han inkje vera sikker paa annat, hell ho kunde vaaga seg til aa segja imot honom. Han set ofte Æra si i aa daara dei veike og draga dei likaso djupt ned i Søyla som han er sjølv _. Hev han synst, det hev voret Skam, at slikt skulde verta kjendt, so var det enndaa nokot; men tvert i mot. Han synest just, at han inkje er nokot til Kar, fyr han kann vera med dei andre i all Styggedom. Og Hovudstaden, som skal gaa fyre heile Landet med det, som skal vera godt, hev og i den Vegen gjort det, som skal vera det bedste. Jau, det ser ut til, at den Ukjura hev sine beste Røter der. _ Eg vil inkje orsaka Kvinna paa nokon Maate, for hadde ho voret betre, so var det inkje so galet, som det no er.

Ho hev voret for veik; men naar ho berre fær reist seg upp att og fær so mykje Krefter, at ho meir kann lite paa seg sjølv, lyt me tru, ho au vil kara seg ut or den Søyla, som mange av dei no ligg i.

No er det mange Menn, som vil hjelpe Kvinna, so ho meir kann staa paa eigne Føter. Og skulde ein inkje kalla det stort og gjævt, at dei vil sleppa fraa seg sjølve nokot av den Magti, som dei eingong hev faatt Tak i? Jau, eg synest dei alle hev gjort mykje for oss, um der endaa er mange, som er rædde aa høyra tala um Kvinnesaki. Men endaa er det inkje mange Kvinnur, som hev sagt so godt, som at dei er glade, fordi dei vil hjelpe oss fram.
Dei tegjer, liksom dei er fornøgde med det slikt som det er.

Me vil tur, at Kvinnesaki eingong heilt vil vinne fram og inkje drygja allt forlengje.


Hallgjerd.