God-Vilje og God-Raad.


(John Lie).


Han hev fillutte Hus og ustelte Jor,
Inki hev han Hest og inki hev han Tjor,
Inki hev han Pæning og slikt paa Rente _
Jauvist var det Synd um so fin ei Jente!

Ja, kan du skjyne kot ho kom paa?
Inki hev han Sofa og Bolster blaa,
Inki hev han Dukar og Serviettar,
Inki Præsenter-Bræt, Glas og Asjettar.

Og endaa tok ho han, stakkar Dros!
Aa, kos ho der stod seg sjølv i Ljos!
No veit me alle kvat det vert av ho.
Kvi lydde ho inki dei Raad mi gav ho!

No klarar Jenta seg nokkso væl,
Og liver med Guten sin glad og sæl _
No segjer dei, som glirde og gliste:
Den Jenta fôr væl, det var det me visste!


Aa ja, du hev høyrt kos Folk er paafærde med God-Vilje og God-Raad, naar tvo skal gjiftast ihop. Og til bettre dei liksom høver saman dei tvo _ til verre skrik dei, skjek med Hovudet og røder. Fyr eg skal segja deg, at bakum dei fagre Ord ligger Vond-Vilje og Missunning paa Lur; i mjuke Talemaatar, graa som Haust-Skodde, løyner seg Klodyret længtande etter Rov.


No ja, set inn Folkog Maalhera istaden fyr Jente og Gut, so høver det inki illa no um Dagen, det eg syng um i denne Visa mi.


Aa nei, som dei talarum det norske Folk og Maalum Dagarne! Dei vil det no altsamen so væl, at det er inki Maate paa det. Men gjeranokot tilgangs i Bygderne fyr at Folket og Maaletkan koma ihop og hyggja seg i Heimen, det er det smaatt med.


Maaletog Folketmaa inki koma ihop. Hu nei! Maaleter so raatt og ufint at ei fin og gjild Jente maa skjemmast ved det. Tak inki denne Slarven! Kot vil du med denne Jaala!so lyder det.


Ja, ja, lat skaka dei med Hovudet, lat skjelle dei, lat dei prøva alt dei kan paa aa svæva inn med sine mjuke, graae Talemaatar _ det veit eg, og det er det som helle mit Mot uppe, at Folket og Maalet kjæm til aa koma ihop, og dei skal verta vigde og signa av sjølve Presten, og daa vil det gaa gamle Norig gott og væl i alle Maatar.


Og so underleg er Verde _ naar no alt hev javna seg, og Folket og Maalet hyggjest gott i Heimen, daa vil det lyda so: ja, ja, det er det me jamt hev sagt, at eit fritt, sjølvstødugtFolk maa eiga og bruka sitt eiget Maal, det er inkje rødande um annat. No vil Norig bløma, no eig det i aandeleg Meining seg sjølv, og stend paa eigne Bein!


Ja so gaar det.


Daasegjer dei som glirde og gliste:
Den Jenta fôr væl, det var det me visste!