Boksjaa [Vildanden.]

 

 
Henrik Ibsen : Vildanden . (Gyldendals Forlag. Pris Kr. 3,00).

 

 

 

Ein gamall Løytnant, hev voret, som hev setet paa Straffi, og som fær og steller med nokre Hønur og Kaninar og ei And uppaa eit Loft, og forvitar seg med aa fljuga og skjota paa dei med ein Pistol, likesom um han var tilskogs.

 

 

Og so Sonen (Hjalmar Ekdal), ein Tufs, som driv med Fotografarbeid og trur seg aa vera mykje til Kar. Truskuldig hev han latet seg gifta med eit Kvendfolk, som Grosserar Werle hadde havt Lag med.

 

 

Men so kjem Gregers Sonen aat Grosseraren heim, og byd ”den ideale Fordring”, snakkar um ei Livsuppgaave, han vil hjelpa Hjonfolket ut or ”Fortielsens Sumpluft”. Han gjev Ægtemannen Greide paa alt, og det kjem upp at den 14aars Gjenta deira nok er Dotter aat Grosseraren. Og so vert Hjalmar arg og vil reisa ifraa Kjeringi, men vert i Staden sitjande heime og maula Smørebraud. Den vesle Gjenta ho skyt seg, naar ho fær skyna, at det er rangstelt.

 

 

So er det ein Lækjer Relling, som gjer Narr av dette Pratet aat Grosserarsonen um det ideale Krav (”brug ikke det udenlandske ord: idealer. Vi har jo det gode norske ord: løgne”). Det duger inkje nokot med Uppgreidingar millom Folk, meiner han, det fører berre til Ulukke. Det er berre ei Raad for Folk, og det er aa halda Livslygni uppe hjaa dei. (”Tar De livsløgnen fra et gennemsnitsmenneske, saa tar De lykken fra ham med det samme”) .

 

 

Det er ei rar Bok, og ho vert vist inkje sett millom Ibsens beste Arbeid. I ”Et Dukkehjem” var det Kjeringi, som flaug fraa Mannen, i dette Stykkjet er det Mannen, som vil fljuga fraa Kjeringi, for her hev Mannen voret den ærlege og godtrugne, og Kvendefolket falskt. Og det er heiltupp drevet Gjøn med ”Retskaffenheden”, som gjeng for vidt, og med det Kravet um aa vera ”i Sandhed” i alle Høve. Ein fær taka Livet som det er, og inkje bry seg nokot um gamle Ugreidur; dei berre skiplar det Livet, som hellest gjeng nokso bra og væl. _ Dette er Lærdomen.

 

 

Stykkjet vil rimelegvis taka seg mykje betre ut, naar ein fær sjaa det paa Teatret, enn naar ein les det, for Rødurne fell svært kvardagslege for ei Bok aa vera. Dei skal spila det paa Kristiania Teater.

 

a .

 

Frå Fedraheimen 15.11.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum