[Tidender.] Fraa Stryn.



(Nordfjord).


Maalsaki hev inkje voret mykje kjend her endaa, og det er inkje so mange gode Maalmenn endaa.

Men eg vonar, at me kjem snart etter me og, og det er betre seint enn aldri.

Her vart, som me segjer, eit godt Aar baade med Høy og Konn, daa Sumaren hev voret overlag go. Baae Høyet og Konne vart godt, so at, um det inkje er stor Uppburd, vart her eit godt Aar likevel. Gardbrukararne her er no svært flittuge te aa vøle um Gararne sine med Uppbrjoting, Veiting o.s.v., som tenar te Framvosktr av Jorbruke. Aarsaki, kor fyre me fyrst no hev byrja aa forbetre Jora, er den, at Gararne fyrr var sundbytte i berre smaae Teiger elder Remsur, so ein laut spyrja Grannen, um t.d. aa arbeia ein Veg elder slikt nokot. Men no hev me havt Utskifting paa flestalle Garar, so at kvar Gardbrukar hev sin Teig i eit Stykkje og kann soleids rydje og byggje, som han sjølv vil.

Eg vonar, at Jorbruket skjyt snart fram heretter, daa mange byrjar leggje seg etter det, helst Hagestell.

Avdraatten av Krytera var iaar mindre enn vanleg, avdi Krytera kom seint paa Sætrane fyr Skuld Snjoen, som laag lengje i Fjellom ivaar.

Nokon Partistrid i Politikken kann eg inkje segja her er, avdi at flestalle er Vinstremenn. Vistnokk er her 5 _6 Høgremann; men dei tegjer seg, daa dei no ser, at deira Sak er tapt likevel, og det gjer dei rett i.

Idag vart det skjipa ei Vinstreforeining med 30 _40 Medlemer, som hev te Formaal aa framhjelpa Vinstres Sak og upplysa Folkje um dei vigtugaste Ting, som det gjeld um aa gjenomføra.

Eit Folkevæpningssamlag vart og skjipa i fyrre Vika med 30 Medlemer; men dei hev inkje fenget Byrsur enno.

Te Lukka med Maalarbeiet Fedraheim.

Du helsast fraa din

n.

Stryn 1 _11 _84.