[Tidender.] Amerika.


Embættsmennerne i Amerika vert inkje utnemde paa Levetidi liksom her heime. Det vert vald President 4de kvart Aar, og Presidenten vel sjølv Embættsmennerne yver heile Riket, so ein Embættsmann sit nett like lenge i Embættet sitt som Presidenten, som valde honom, sit paa Presidentstolen. Kvar Gong, eit Presidentval er yver, kjem dei, som ynskjer aa faa seg Embætte til Washington i store Flokkar fraa alle Landslutar for aa godsnakka med den nye Presidenten, elder nokre, som stend honom nær, um aa faa seg eit Embætte. Det er daajamnaste dei, som hev hjelpt det vinnande Parti mest under Valet, som vert dei lukkelege. Men det hev, som ventelegt kann vera, inkje altid voret dei beste og mest høvelege, som hev komet fram, og Folket hev jamt boret seg ille for, at Embætttsmennerne inkje hev voret som dei burde. Det skal soleids hava hendt inkje so sjeldan, at dei hev stolet av Landsens Pengar elder gjort sitt til for aa venda Retten for Pengar o.s.b. Verst skulde det vera under President Grant. Han hadde voret ein heiderleg og dugande Mann under Innanlandsufreden; men han dugde litet til President; han var ein Ball, som Venerne hans leikad med mest som dei vilde. Republikkanararne hev no voret ved Styret i mange Aar; men dei hev inkje gjort nokot vidare for aa endra dette, difor hev no og mange, som ellest vilde halda med dei, vendt seg ifraa dei og slegjet Lag med Demokratarne, daa desse nettupp sette ei Betring av Embættsgreidurne paa Programmet sitt. No ser det ut for, at Demokratarne hev vunnet og Folk kjem til aa venta av dei, et dei heldt Lovnaden sin. Vist er det og, at Clevelandvil arbeida for det; men det er mange som trur, at han er for veik til aa faa gjort nokot, som det er Mun i.

Dei trur, at Demokratarne vil setja ned Innførselstollen paa ymse Varur; men so langt som til full og heil Frihandel vaagar dei seg inkje endaa.