Maalsaki


gjeng fram, men di lenger me kjem frametter, di fleire Krav. Eit av dei største Kravi no er vist aa faa eit godt Maalblad for Born. Naar dei fekk lesa eit høvelegt Maalblad, so vilde dei faa større Kjennskap og Kjærleike til den store Nasjonalsaki, som so mange gjæve Mennar hev arbeidt og framleides arbeider for. Hugen i dei til Maalet vilde daa ogso verta so sterk, at dei sikkerleg _ naar dei vart vaksne _ vilde setja det som si fyrste og største borgarlege Uppgaava aa driva Maalet fram paa alle Leider. Tenk paa dette, Maalmennar, og lat oss faa eit slikt Blad, di fyrr, di betre. Myki vilde ved det verta vunni for Maalsaki, og Bladet vilde no i desse fredelege Tider sikkerleg faa Studning.

Hallvard