Kunstutstellingi.


(Del 1 av 3.)
 

Det er paalag 100 Maalarar som hev av Stykkje sine paa denne Utstellingi og 10 Bilæthoggarar.

So ein skal inkje segja, at Landet hev Skort paa Kunstmenn no til Dags. Det er væl helder dei sjølve, som fær kjenna Skorten, for det er inkje so mange her i Landet endaa, som bryr seg um aa kaupa slike Kusntverk, som jamnast kostar mange Hundra Kronur Stykkjet. Og um det og er nokon, som kauper, so er det faae, som hev Vit til aa døma um eit Kunstverk sjølve, gjeng berre aat slike Kunstmenn, som dei hev høyrt gjetet hev Ordet for aa vera gode fraa gamal Tid, og paa den Maaten vert det ein tung og trong Liveveg aa taka til med for den Kunstnæmingen, som inkje hev plent makelaust god Evne.

Det er liten Sans og Samhug for Kunsten i Folket vaart i det heile, som ein inkje skulde tru, naar det kann skapa seg so mange Kunstnarar; det kjem væl mykje av, at det er so vanskelegt for Folk flest aa faa sjaa gode Kunstverk, som det inkje er paa same Vis med som Bøker, at dei kann dubblast og sendast Verdi rundt i Tusindvis av Avtrykk. Diktararne er det difor, som vert mest kjende, mest ansad paa og mest vyrde, men i Røyndi so hev Maalaren og Bilæthoggaren inkje mindre Verde for heile vaar nasjonale Kultur. Diktaren brukar Ord og kann difor best syna oss dei Meiningar og Synsmaatar som Menneskji hev, det ordna og medvitelege Tankelivet, og han aaleine kann fortelja for oss det som hender utigjenom lenger Tid. Men dei hine, som brukar Fargar og Linur, grip visse Augneblinkar av Livet, som dei held fast paa Tavlur hell i Stein. Dei maa vera likesom raskare og gløggare av seg og tek Emnet for seg, fyrr enn Diktaren kann naa det, med di at det grip dei fyrste lause Stemningar i Livet alt fyrr, enn dei hev sprottet ut i faste Tankar og Ord, det som endaa ligg som Draum yver Livet og som Ord inkje kann fanga. Lenge fyrr enn det som susar i Lufti, samlar seg i visse Retningar og spissar seg til Problemar, kann denne Kunsten kjenna Pusten og blaase honom inn i sine Verk.

Kunstmenn det er dei Menneskje, som er gløggast til aa sjaa det sermerkte ved Folk og ved Land, og som hev Evne til aa læra andra aa verta var det same. Det som andre berre hev eit Hot paa hell ei Trang etter aa faa Tak paa, det ser alt Kunstmannen klaart og legg det fram soleids, at dei andre maa sanna, at slik netupp er det det ser ut.

Um det berre er so mykje som eit Tre hell ein Aas, so skiftest Syni vaar slik, at ved dette Treet hell denne Aasen legg me inkje Merkje til det same no som for 30 Aar sidan, og difor vert det jamnt nye Maatar aa maala paa. Og endaa meir gjeld det um sjølve Menneskjelivet, at me vert var nye Ting jamnt, for der er det inkje berre Syni vaar, som skiftest, men sjølve Livet og Menneskji vert annleids. So der tilvissa maa ein krevja, at Kunsten skal fylgja med og skapa seg nye Former til kvar Tid.


( Meir.)