Boksjaa [Det flager i Byen og paa Havnen]

 
Det flager i Byen og paa Havnen. Forteljing av Bjørnstjerne Bjørnson.


Fyrr heldt dei det for, at eit Menneskje var inkje meir, enn det du kjende honom fyrr. Sidan vart det sagt, at du kjenner inkje Mannen, fyrr du kjenner det Samfundet, som han liver i. Men no er inkje Folk nøgde med det hell, no vil dei kjenna heile Ætti hans attigjenom, fyrr dei veit kvat det er for Slag Kar.

Alle kjenner til Ervesyndi fraa Barnelærdomen sin, og me hev høyrt mykje gjete den, men det hev inkje voret gjort nokot større vitenskaplegt Aalvor med det fyrr no nytt. Diktararne tilvissa hev inkje ansat noko vidare etter dette, berre skilda Mannen og fortalt Soga hans ende til. Men so kom Gjengangere hans Ibsen, der Osvald-Guten døyr for Skuld den laake Erven etter Far sin.

Og no tek Bjørnson iveg paa same Leidi. Fyrr han fer til med sjølve Forteljingi si, slepper han seg 200 Aar atti Tidi og rekkjer so Ætti utigjenom til han kjem dit som han vil byrja. Hu, det var sanneleg ymse Gutar han hadde aa ættast paa og denne Tomas Rendalen, nokre fæle Fantar og Horegastar av verste Slaget. Og han hev vist inkje sminkat dei Bjørnson, det skal han ganga fri for, han legg fram all den kallege Ulivnaden ende til, plent som det var; det er berre so det grys gjenom deg.

Det var inkje greidt for honom som hadde slik laak Farsarv, men so var Mor-slaget hans godt, og det vart daa Liten hans, at Arv møter Arv, so ein treng inkje aa vera mistrøystug. I Tiderne utigjenom hev Ætterne vortet soleids uppblanda, at ei leid Erveline, som maa tyglast, mest altid hev ei god ved Sida av seg, som kann styrkjast ved Bruk. Det gjeld aldri aa lata Tilfellet faa raada. Erv var ingen bestemmelse, bare betingelse. Hvor svækkelsen var kraftig møt af blodblanding, opdragelse og selv-opdragelse, gikindividet frelst til sin gjerning. Desse siste Ordi, kann ein segja, er som Emnet i Boki, dette er det, Forteljingi gjeng ut paa, korleids ein kann verta frelst for Usedugskaps ervelege Mein.

Midlarne er daa fyrst aa sikra seg eit betre Avkjøme ved aa velja høvelegt friskt og sunt Gifte, so at reinare og betre Blod kjem inn i Ætti; um korleids ho paa denne Maaten vart betra er det fyrste Delen av Boki handlar um.

So vert det fortalt um den Uppalingi, som Mori gav Guten til han var 14 Aar, og no skulde ein venta at det kom den forvitnelegste Delen, Sjølv-uppalingi, Striden millom Farserven og Morserven, i Guten og korleids den sedelege Taatten vann yver den hin; men aa skildra dette hev nok inkje Bjørnson trutt seg til, han slepper Guten reint ifraa seg, og tek honom inkje att, fyrr han er 28 Aar gamall og fullvaksen Kar. Og no handlar Resten og den største Delen av Boki um, korleids Mor og Son hjelpte andre til dette rette Skyn paa Sjølvuppaling ved ein Skule, som dei fekk istand for Gjentur, og som var bygd paa den Grunnsetning, at dei unge skulde faa Kjennskap til alt som vedkjem Lekamet i rett Tid, det var den beste Hjelp til eit sedelegt Liv: Får du i tidlig alder tilstrækkelig kunskab om, hvorledes dit legeme er sammensat og arbeider; og får du vite helt ut, hvorledes du kan gagne eller skade det, og gennem dig dem, der skal fødes eller bli afhængige af dig, så er denne din viden ikke alene din sikreste vogter, hvis du vil bruke den; men den gir dig i regelen også vilje til det. Ansvarsfølelse vækkes stærkere af kunskab æn af noget annet.

Den uskyld, som vét, hvilke farerne er, og har kæmpet mot dem fra ung af, alene den er stærk.

Men religionen? Kan den ikke her hjælpe over? Ja hvad mener man? Kunskaben om Gud, om moralbudene er naturligvis en nødvendig kunskab; men først naar den blir til et forhold, er den virksom. Og det er det sjældneste . Byg ikke for meget paa en tro, som kan tapes! Det er de færreste, som gripes varig af religiøs tro.

Tomas Rendalen var væl sjølv Fritenkjar, men hadde Vyrdnad for Religionen. Han meinte, at så længe Kristendommen bærer menneskenes moralske bevidsthed, måtte enhvær skolestyrer passe, at den gaves barnene så sant og innerlig som muligt. Og etter det gjorde han ogso paa Skulen sin.

I det heile visar inkje Bjørnson nokon beintfram Uvilje mot Kristendomen i denne Boki. Væl er det so, at det helst er reint menneskjelege Midlar til aa reisa uppatt Ætti, som han peikar paa, men ein kristen jamvæl skulde inkje vanvyrda desse, um han og kjenner andre. Denne Boki hev den Fyrimunen framfyri Gjengangere ( likesom Bjørnson framfyri Ibsen i det heile) at ho inkje berre nemner Meinet, men ogso vil lækja og uppbyggja.

Men det tykkjest inkje aa vera det fulle Samhøve millom Meinet og Raadi mot Meinet.

Det er Sedløysa aat Mannen, som er nemnt som Meinet, men Hovudarbeidet vert lagt paa aa byggja upp Sedugskapen aat Kvinna, men inkje so mykje aat Mannen, der det skulde trengjast mest. Kvinna hev fyrr eit mykje høgre sedelegt Ideal, men ho magtar inkje stort, solenge Mannen er so sedlaus, det er hjaa honom, at reinare Kjenslur maa vekkjast, men det er so mykje vandare, og kanskje berre mogeleg paa den Maaten, at Kravet vert reist av Kvinna, so at det gjenom henne vert framsett aat Mannen. Difor er det kanskje inkje so underlegt likevæl, at denne Boki, som er skrivi imot Sedløysa aat Mannen, handlar um Kvendesaki.

Ei Preike um Sedløysa, skrivi av ein Fritenkjar, kann me taka imot slikt?

Ja kvifor inkje. Solenge Prestarne hev ei Blygsla for aa tala um vaart Folks største Synder, som dei inkje hev lært av dei heilage Profetar og Apostlar, so fær me taka mot Preika, kvat for ein Kant ho so kjem ifraa.

Men det er inkje berre for Emnet sin Del og for Skuld dei Tankar og Uppmaningar, ho ber ut, at denne Boki er forvitneleg.

Ho er ogso eit Diktarverk av høg Rang, det er inkje snaude Tankebygnader ho ber fram, men Menneskje med Liv og Blod og med dei Synsmaatar, som sjølve Livet gjev dei. Det er ei Bok, som fører oss inn i mange Slag Høve, som er rik paa sterke Stemningar, og ho hev Skildringar, som er makalause, baade i Kraft og Venleik, og som er av det beste Bjørnson hev skrivet.

Dette er ei Bok, som alle maa lesa, det nyttar inkje aa stagga henne med aa faa Folk til aa tru, at ho er kedelig slik som Høgrebladi gjer. Me og kann nok tenkja oss, at det maa vera kedeligt for mange aa faa lesa um sine ymse Synder, men som Forteljingsbok skal alle sanna, at ho er nokot av det beste og trøysamaste ein skal lesa.


a