[Tidender.] Sakførararne paa Nattelauping.



Ein skulde tru, det berre var Gutefantar, som ingen Ting forstod, som for paa Nattelauping; men so ser det ikkje ganske ut fyr aa vera, naar sopas Karar som Sakførarar ogso er ute paa slik Gjerd.

Daa me no nys her i Firdafylket hadde Haustting, fylgde der millom andre med Fut og Skrivar ogsaa ein heil Del Sakførarar.

Tvo av desse Sakførarar hadde um Kvelden spurt upp, at bort i Fjoset aat Tinghusherren laag Gjentur. Naar det leid paa Notti, viste Kararne med seg sjølve, kva dei vilde gjera. Lidt yver Midnott grov dei seg upp drog paa seg Underklædi, lurde seg ut og fann fram aat Fjoset. Men daa dei skulde lata upp Døri, sette ho i aa gnelle i Hengslurne, so Gjenturne kvapp upp. Dei, som i Myrkret ikkje saag kven det var, trudde det var Fantar, som vilde fara stygt med dei, og byrjar difyr aa ropa og skrika alt det dei vann. Aa rop ikk so stygt da, det er oss, sagde Sakførarne; men Gjenturne skreik likevel dei.

Kyrne, som var vande med Nottero, og som forstod det var nokot galet paafærde, tok ogso til aa smaalaata og smaatryte.

Utav alt dette Staaket bort i Fjoset vaknad Gutarne, som ikkje laag langt ifraa. Dei upp, treiv Ljos og Lykt og bort i Fjoset det fortast dei vann, for dei trudde, det var Kyrne, som heldt paa aa riva sund kvarandre. Men kva Augo sette dei vel ikkje upp, trur du, daa dei vart var _ tvo av Proterakarne standande midt inne paa Nautegolvet i berre Underbuksa!

Eg meiner Hinmannen er i Dykkar heil og halden, tok endeleg ein av dei i, De set heile Garden paa Styr paa Nattetider. Er det so, De er gjengne ut paa aa skræma Folk av med Vetet, De, so skal me no sjaa til aa gjera det med Dykk, som De skal koma til aa hugsa, og dermed treiv dei fat paa Proterakarne og vilde til aa tyna dei. Proterakarne maatte til aa beda vakkert um aa faa sleppa vel fraa dei, og det gjorde dei vist og; men at dei ikkje kjem der igjen so braadt, det meiner baate eg og andre.

At Sakførarne vart standande midt paa Nautegolvet, daa Gutarne kom med Ljos og Lykt, kom seg derav, at dei let Dyri att, daa dei gjekk inn, og daa Gjenturne byrjad aa skrika og Kyrne aa raute, vart dei so forfjamsad, at dei ikkje fann att Døri so snart, som det trengdest.

Dagen etter daa Folk fekk vita, at Sakførarne hadde voret paa Lauping etter Gjentur um Notti, maa du tru, dei flein godt.

Men ingen hadde nokon Medynk um dei, som var ute i ein slik Bardage um Notti, tapte ei Sak fyr Retten um Dagen.


L. + S.


E. S. Saag Fj. Bl. seg Rom til aa upptaka dette, skulde det vera ynskjelegt.