[Tidender.] Preste-Storthing-Overhus.



Ikkje mindre enn tvo Forslag um Overhus er framsette fraa Høgre; men dei gjeng ikkje igjenom, det veit Høgremennerne. So tek dei til aa arbeida for Tanken fraa ein ny Kant.

Høgre maahava eit Overhus. Daa det ikkje eig Tankar, kann det ikkje faa Fleirtal paa naturleg Maate, og so maa det prøva aa faa Magti paa kunstig Vis. Dei ser, kor godt Høgre hev det i Danmark. Der kann Estrup sitja og regjera so mykje han vil, fordi han hev Landsthinget i Ryggen; og det er valt paa ein slik Maate, at Bakstrævet altid vil hava Studning der. Slik ei Statsmagt, som er skipat serskilt til Hjelp for Høgre, maa dette Partiet hava her i Landet og.

Fyrr skulde Regjeringi vera Overhus. Og ho var det.

Regjeringi sat og hjelpte Minoriteten av all Magt. Ho sat og stengde for Folkeviljen plent som eit Overhus. Men alt, som kunde vera til Glede og Hjelp for Embætts-Adelen, Grosserar-Adelen, Kontorveldet, forsvarad ho so langt ho kunde, um det var aldri so mykje til Tyngsla og Faanytte for Landet.

No er dei Dagarne ute. Høgre hev ikkje lenger Støtte i Institutionerne. Det finst ingi Statsmagt lenger, som berre er til for aa hjelpa Høgre; Statsmagterne hev til Formaal no aa arbeida for Landet.

Men so kjem Prestarne.

Sjølve Presten Heuch kjem. Og han segjer beint ut det, som dei andre berre klunkar paa og kanskje ikkje lenger vil sitja og vera Overhus, _ no maa me hava Kjyrkje-Storthing.

Dette Kjyrkjethinget skal veljast etter einskilde Reglar, og det slik, at minst Tridjeparten av Thinget skal vera Prestar. Dei andre kannvera Lækfolk. Men ettersom Valreglarne skal vera, kann ein gaa ut ifraa, at Fleirtalet av desse Lækmennerne ikkje just vil vera stive Opposisjonsmenn.

Det skulde i det heile gaa undarlegt til, at Prestarne, naar dei sjølve hadde Tridjeparten av Røysterne, ikkje skulde kunna faa so mange av Lækmennerne med seg, at dei altid kunde hava Bugti og baae Endarne i dette Kyrkjethinget.

No er det Meiningi, at Kyrkje- elder Prestethinget skal vera Overhus for det rette Storthinget i alle kyrkjelege Saker. Men dei kyrkjelege Sakerne er mange, dei. Og dei kann verta fleire. Me hev set, kor fime Prestarne er til aa faa alle Slags Spursmaal, ikkje minnst dei politiske, til aa vera kyrkjelege Saker.

Men dessutan skal Prestethinget hava Rett til aa senda inn til Kongen sine Meiningar og Vedtak og Ynskje og Uttal um ymse andre Ting, som dei finn, at dei hev noko aa segja um. Og det kann verta svært mange Ting. Det vert væl i Røyndi alle Ting, som hev noko Vigt elder Vidd. Prestarne plar vita aa draga innunder seg.

_ Dermed vilde Høgre hava sitt Overhus.

I ei stor Mengd med Saker vil dette Overhuset hava fullt Veto til Storthingets Avgjerder. I andre større Saker vil Overhuset iallfall uttala seg, og so senda sine Uttal til Konge. Og desse Uttal kann daa Høgre elder ei Høgre-Regjering stydja seg til mot Folkemeiningi. No hev Høgre 31 Mann, elder kor mange det kann vera, i sjølve Storthinget. Og so vil det dessutan hava Kyrkjethinget. So kann Høgre segja: 31 Mann i Storthinget, so og so mange Mann i Prestethinget, det er Fleirtal det, og det er den sanne Folkemeining. Slik gjer Estrup med sitt Landsthing, og eit Prestething, rett ihopsett, kann brukast likso godt som eit Stormannsthing hellest.

_ Ikkje alle dei Prestarne, som var med i Stiftsmøtet, tenkjer slik, kann du vita. Some av dei er frilyndte, og for mange av dei er Tanken berre den, at Kyrkja skal hava Sjølvstyre i sine eigne Ting. Men Storaugurarne, dei gamle høg-konservative Statsprestarne med Heuch i Odden, dei er ikkje framande for Overhustanken, dei, og slik som dei vil hava heile dette kyrkjelege Sjølvstyret stellt, vert det som me her hev sagt. Hellest gjekk nok ikkje Heuch og Morgenbladet med paa det, kann du tru. Dei hev aldri likat Sjølvstyre, dei; ikkje i Staten og ikkje i Kyrkja, dei hev lært og forkynnt, at Sjølvstyre er Antikristendom og Gudløyse; og naar slike Karar tek til aa snakka um Sjølvstyre, so kann ein vita paa Lag, kva Veg detpeikar.
 
I seg sjølv skulde det vera berre rimelegt, at Kyrkja fekk Sjølvstyre. Men Tingen er den, at skal Kyrkja hava Sjølvstyre, so maa ho skilja seg fraa Staten. So lengje ho er Statskyrkja, maa ho finna seg i aa vera statsstyrd. Ho er i Røyndi no berre eit Departement i Staten, og det eine Departementet kann ikkje hava Sjølvstyre meir enn det andre. Det skulde sjaa underlegt ut, og det vilde føra mykje vondt med seg. Det vart ein Strid millom Stat og Kyrkja liksom i eldre Tider. Men no vil Prestarne ikkje skilja Kyrkja fraa Staten. Og daa vert det ikkje so rimelegt aa snakka um Sjølvstyre, som dei tenkjer.

Vaar Tru er, at Høgre ikkje fær fram Overhustanken sin paa denne Maaten helder. Dei er ikkje kloke nok. Dei slepper Presten Heuch og slike upp til aa fortelja Folk, kva det er, som ligg under, og daa vart Folk vakne. Ingen Talemaate vil hjelpa mot det, som alt Folk no veit: at det kyrkjelege Sjølvstyret skal brukast som Vaapen mot Folkets Sjølvstyre og som Vern og Vakt og den siste faste Borg for Bakstræv og ein dømd Politikk, som ikkje lenger paa annan Vis kann halda seg uppe.