[Tidender.] Fraa Laardal.


(Brev).

 
Me hev havt ein utifraa læe Hauste. Fyrst her ein Dagen kom Snjoren til kon. Men no er han radt burte att. Fem Vermdegrader var det igjaar, andre November; det hev nokk sjella hendt fyrr. Og Folk som fer med aa spaa meinar, at det vert liten og ingen Snjo av i Vetter, daa vist ikkje fyre Jol. Og held det paa aa regna som no idag, so bli dei sannspaadde au. Det er mi Spaaing.

Den nye Regjeringi gjer vist ikkje klokt i aa deila ut Pensjonar slik som Selmer gjorde. At ho sparer alt, som sparast kann, det er det fyrste Kravet til henne. Vinstreprogrammi bli ikkje lika her; men Fedraheimen hev havt so mykje um det, at eg skal tigja. Eg vil berre faa segja, at me ventar Program fraa Regjeringi, og ikkje av andre. I andre Land er det vist au slik, at Regjeringi legg fram Program fyre Tingvali. Og so dømer Folket ved aa velja Tingmenn for hell imot Regjeringi. Denne Skikken høyrer vel med til den nye Styremaaten me no hev fenget med Sverdrups Ministerium. Og me hev viss Tru um, at den nye Regjeringi baade kann og vil koma med eit Program, som me er tente med.


3die November 84.
Diril.