[Boksjaa] Om Arbeidsklassens Oplysning.


Af Anton Nystrøm. Frit oversat og forsynet med Oplysninger om Stockholms Arbeiderinstitut af Olaf Huseby. Forlagt af Huseby & Olsen. Kr. 0.30.

Dei hev komet seg godt iveg med slike Arbeidsskular i Sverik, siste Riksdagen let til Kr. 15,000 aat dei. _ Denne Boki upplyser um desse Skularne, og um korleids Nystrøm tenkjer seg Arbeidet, det er mange gode Tankar, og han er Mann for aa faa dei gjenomførde ogso. Han hevdar at Arbeidaren hev Rett til full Upplysning um kvat Vitenskapen ber fram paa alle Leider (Matematikk, Stjernelære, Naturlære, Kunskap um Land og Folk, Fysikk, Kjemi, Anatomi, Fysjologi, Kultursoge, Statskunskap, Økonomi og Fedralands-soge).

Det nyttar inkje aa drygja med aa gjera nokot for Arbeidsfolki til des at dei vert nedsøkte i Lastar og komne paa Avvegjer, ein maa arbeida paa dei, medan dei er friske og sunne, meiner han. Og ei god Upplysning er det beste Tryggje, Drykkjen og Vankunskapen er dei verste Mein i Folket.