Umbot i Rettsvæsenet.


(Del 3 av 3. Fyrste delen.)
 
(Slutten.)


I England hev dei eit godt Ord, som betre enn nokot annat syner, at det bur eit fritt og sjølvstendigt Folk der. My house is my castle, segjer dei, mitt Hus er mi Borg. Men i Norig? Ein Mann ser 4 Mann koma med Vaapen imot Huset, han bed dei stadna, naar det ikkje hjelper, vil han skræma dei, raakar for langt upp _  og fær Straff.

Kann denne Mannen og segja: My house is my castle ?

Slikt hev kuat det norske Folket meir enn mange vil tru. Eg tek ikkje for stort i, naar eg segjer, at mangein Nordmann hev vortet so skræmd ved Domstolarne, so han vaagar knapt aa verja seg og Eigedomen sin mot Yverfall.

Og her hev voret ikkje so litet med Yverfall og Herjing her i Landet, men Styringi hev ikkje gjort stort ved det.

Naar me les um Røvarsegner fraa Sikeløy og Tyrkiet, tykkjer me Haari kunne reisa seg paa ein gamal Kuffert, og tenkjer: Gudskjelov, i Norig er det daa trygt.

Men her hev det knapt voret so mykje betre enn paa Sikeløy.

Fantar hev fenget Lov til aa strenda umkring i store Fylgje _ dei hev trugat Aalmugen, allvisst paa Gardar, som hev leget langt fraa Folk, til aa gjeva dei Mat og Klæde, so mykje dei vilde hava. Og Aalmugen hev visst, at det var betre aa gjeva fraa seg Fleskeskinkur og Spikekjøt enn aa verja sitt eiget Hus mot Røvarar, og han hev ikkje verjat seg.

Paa Sikeløy hev Røvararne røvat fraa engelske Ferdafolk; i Norig fraa Heimefolket, og det er etter mi Meining verre.

Og det verste er ikkje dei Fleskeskinkurne og det andre Herfanget, som dei norske Røvararne hev teket. Men det hev sett eit stygt Merke paa Folkelynnet, som fyrr sagt; der er nokot ræddvoret og umanneleg, og Mistru til Retten, og detta er det verste.

Fyrste Gongen eg kom til aa tenkja paa detta var fyr nokre Aar sidan, eg las i eit Blad um ein Bonde i Nordland, som kom roande heim fraa Kræmaren med Varur, han hadde kaupt. So møter han ein Baat med tvo Røvarar (Fantar); for dei norske Røvararne fer tidt paa Baat og, naar dei er ute etter Herfang. Bonden fær Valet, anten han vil slaast, elder gjeva dei alle Varurne; korkje det eine elder det andre var han hugad paa. Han var ein sterk Plugg. So med ein Gong triv han Masti i Baaten sin og legg til den eine av Røvararne, so han uvitad, og Masti rauk i tvo Bitar. So lyfter han den eine Biten mot hin Røvaren, men han vart rædd og rodde undan det snøggaste han vann, og Bonden let Røvaren fara med Fred. No er Bonden glad, han hev bergjat seg sjølv og Føringi si. Men han hev liksom eit Agg: Skal tru han hev voret for tung paa Handi? hev Røvaren nauat nokot, skal tru.

Korleids det gjekk med Røvararne, veit eg ikkje; men han nauad visst ikkje, og kannhenda det var best slik fyr Bonden. No strender vel Røvararne umkring liksom fyrr.

Men hadde denne Mannen havt den sanne Retts-Sans, hadde han ført baade Røvararne til Lensmannen og fenget Straff yver dei. Og hadde han tenkt paa, at han hadde den Skyldnaden paa seg aa fri Samfundet fyr slike Skarvar og ikkje sleppa dei ut paa Vikingferd att, so hadde han og ført dei til Lensmannen.

Men Bonden hadde korkje Retts-Sans elder Samfunds-Tanke. Han var, liksom dei fleste av oss, ein heiderleg Mann i det private, ein Fagnadmann i Smaating, fyrutan Sans fyr det større, glad naar han bergjar seg sjølv, og tykkjer det er litet lønt aa søkja Rett fyr Rettens eigi Skuld _ soframt det er Rett aa faa i slike Ting daa.

Ein Bymann fraa Kristianssand fortalde meg, at ein Kveld paa Sætersdalsvegen eit Stykke utanfyr Byen saag han det stod eit Lass, og ein Fant, ein liten Trave, stod og røvad, det han vilde, av Lasset. Sæbyggen, som aatte Lasset, ein stor sterk Døl, hadde gjøymt seg inn i eit Skogsnar og saag paa Røvaren.

Daa Bymannen kom til, so tok Røvaren Beini paa Nakken, og Sæbyggen kjem fram. Bymannen vart reint upp-i-Gap, daa han fekk sjaa den store Karen, som hadde gjøymt seg. Han kunne gjerne dengt 20 slike som Fanten. Men Sæbyggen var rædd _ fyr Politiet. Heime var han kannehenda ei stor Slaastkjempe.


Naar vaart Folk no vil hava Jury innført, so helsar me detta som eit Merke paa, at ei betre Aand arbeider seg fram i Folket, og at Folket skynar, at denne Aand vil trivast betre med eit folkelegare Rettsvæsen.

Juristarne hev og visst det, at ein Dom kann vera reint urettferdig, naar ein dømer etter Bokstaven (Summum jus, summa injuria, den høgste Retten er den høgste Uretten).

Difyr hev Kongen fenget Benaadningsrett, ikkje fyr aa hjelpa sine eigne Vener, ikkje som eit Prærogativ fyr seg sjølv, men fyr aa repræsentera den folkelege Retts-Sansen, naar Domaren kjem til aa gjera Urett ved aa døma etter Loven men likevæl ikkje vaagar seg til aa døma annerleids.

Men detta er berre ei Naudbergjing, so lenge Folket er umyndigt.

Naar Upplysningi aukar paa og Folket vert betre, so krevst det, at Retts-Sansen fær det upplyste og rett-tenkjande Folket til aa stydja seg paa.