Politikk og Bygdastell.


Eg minnest eg saag i Bladi, at ein dansk Greve sagde det i den Festen dei heldt for Sverdrup nedi Danmark her i Sumar, at Politikken i vaare Land hadde den Fyrimunen framum andre Stader, at han var komet upp nedanfraa, at han hadde vakset fram utor Allmannskravet i Landet.

Og det er vist, at det vert inkje nokot fast Grunnlag for Politikken, inkje nokot Tryggje, mot at Interessa er berre Elingar, som snart kann vendast, naar det er so, at dei politiske Spursmaal inkje er framkomne av ein naturleg Utviklingsgang i Folket, men berre reist Styrarar og Autoritetar imillom. Den sterkaste og traustaste Studnad for Landspolitikken er i ein kraftig Bygdepolitikk.

Inkje soleids, at det skal vera Bygdehensyn, som vert sterkare enn Umsynet for heile Landsens Bate, og verka til aa øyda og forspilla det store nasjonale Arbeid og dela Folket i Smaaflokkar, slik som me hev set det altfor ofte, naar det hev boret inn paa slike Ting, til Dømes i Veg- og Jarnvegssaker. Men soleids, at det som vedkom det heimlege Bygdastellet fekk ein framifraa Plass i Folks Umhug og Umtanke, so at Landspolitikken vart for ein stor Del berre aa utnytta paa større Forhold dei Tankar og Synsmaatar, som alt var gjenomførde i Bygdastyret.

No er det væl nokot som alle maa sanna, at det er den Dugleik og den Hug for Bygdastellet, som Formannskapsloven hev gjevet Folk, og denne Evne til Sjølvstyre, som her hev fenget øvt seg upp, som hev vakt Hugen til aa tenkja paa dei Spursmaal, som vedkjem heile Landsstyringi, og som hev skapat Kravet um Sjølvstyre i Staten ogso.

Men i dei siste Aar hev dei politiske Spursmaali soget i seg so reint alle Tankar, at Bygdastyringi hev som komet reint i Skuggen, so at ho inkje vert haldi for naame nær so stor ei Sak som Politikken. Fyrr var det slik, at den duglegste Mann i Formannskapet han vart ogso halden for aa vera den duglegste til aa greida Politikken. Men no er det slik, at den som er mest uppe i Storpolitikken, han trur dei ogso skal vera sjølvskriven til fyrste Plass i Bygdastyret. Me vil inkje lasta, at det hev vortet gjort slike Umsyn i dei serskilte Tider, som no hev voret. Men me meiner, at paa Lengdi vil det vera ille, um det vart gjort deretter. Folk meiner, at dette hev voret til Styrkje for Politikken, det fekk inkje hjelpa, um sjølve Bygdi kanskje ikkje fekk sitt eiget Stell so godt greidt, Politikken var fyrste Sak, og alt annat maatte ofrast for Skuld honom. Og dette var vist rett.

Men paa Lengdi er det sjølve Politikken som kjem til aa kjenna Skaden av det, han kjem til aa sakna den støde Vigt og den rette Tyngd, som dei heimealne Bygdestyrarar hev, han kjem til aa sakna den sunne Sans i Folket, som ei Bygde-sjølvstyring fri for alle andre Umsyn gjev, han vil faa mest slike Politikussar inn i Tinget, som berre fer med dei store Spursmaal i Einingi og flyt paa store Ord, men som inkje hev korkje Vit hell Hug til aa gjeva seg inn paa Arbeidet i det smaae, til aa taka for seg alle Vandskarne.

Heile Rikslivet kunde koma i Faare for aa verta tomt og innhaldslaust, berre boret av nokre faae Hender, og kunde blaasast yverende av ein liten Vind.

Nei Folk maa sjaa til aa faa eit ganske annat Liv for Bygdastyringi si. Og i so Maate kann Ordførar og Formannskapsmedlemer gjera inkje so litet. Dei skal inkje sjaa paa si Stelling som nokre Kongar og Bygdapavar, som det berre gjeldst for aa verta valt, og so hev dei inkje nokot meir med Folket og gjera. Nei dei skal gjera alt sitt for aa faa Folket til aa fylgja med, i det som dei tek for seg, senda Meldingar um sitt Verk til Bladi hell syrgja for at Avskrifter av Forhandlingarne vert utlagde paa Stader, der mykje Folk fer. Og er det slike Saker, som større Prinsip ligg til Grunn for, bør dei kalla saman Folkemøte, leggja fram sine Meiningar, telja for dei, og lata Folket faa segja sitt Ord med.

Lær Folket aa vera med i det smaae, som ligg dei nærmast, for det fyrste; daa vert det so mykje lettare aa faa dei til aa faa Hug til dei Spursmaal, som rekk vidare.

Me meiner at her ligg det fyri oss eit overlag stort og vigtigt Arbeid.