Fredsvenerne



kallast dei, som arbeider paa aa faa burt Krigen og faa innført ein æveleg Fred millom Folki. Mange kloke Folk finn, at inkje nokot Arbeid, ikkje Avhaldsarbeidet eingong kann vera meir til faafengjes og faanyttes hell detta.

Korleids kann nokon tenkja paa aa faa burt Krigen? spyr dei.

Og naar ein ser paa, korleids serleg Statarne i Europa no for Tidi væpnar seg for aa verna um Freden, som dei kallar det so fagert, nar ein ser dette umaatelege Strævet for aa faa Herarne sine og Verni i det heile so gode som mogelegt, so kann ein sanneleg koma til aa tru at Arbeidet for Fred og Avvæpning vilde vera til faanyttes. Men so tenkjer ikkje den, som ser, kor naudturvelegt detta Arbeidet er. Skal ikkje Folki i Europa heilt koma til aa siga ned under Trykket av desse uhorvelege Herutgiftar og Rustningar, so lyt det koma eit Umbrøyte. Ein kann ikkje halda ut lenger, slik som det no er.

Me lovar Tidi vaar for at ho er komi langt i Folkeskikk og kanskje er det sant. Men desse store staaande Herar og Rustningar, som det ingen Slutt er paa, dei vitnar likevel ikkje um nokon Folkeskikk i den rette Meiningi av detta Ordet. At Folki i vaare Dagar skal hava so daarlege Tankar um kvarandre, at dei ikkje eit einaste Bil heilt ut torer sysla med sine fredlege Starv, men kvar Stund og Time lyt staa væpna til Tennerne _ det er Raaskap og Villskap og inkje anna.

Og kor vitlaust er det ikkje i denne Tid som vaar, daa dei dregst slik um Braudet paa alle Kantar, daa det berre er med største Møda, at Folki og kvar Mann kann halda seg uppe i den rivande Kappstriden, som no er i alle Næringsvegjer _ daa skal dei bruka slikeuhorvelege Midlar for aa faa Krigsreidskapar, og den største Delen av Ungdomarne og den beste Arbeidskrafti i Landet skal dei øyda i den Tidi, som er den dyraste for alle Næringsvegjerne! For eit Uppstig vilde ikkje alle Næringsvegjerne vaare gjera og med det same heile Velstandet i Landet, um me kunde bruka alle desse Pengar og all denna spræke Arbeidskrafti til fredlege Verk?

Og kvifyr skal me ikkje kunna? Og kvifyr skulde ikkje Folki, allvist dei, som krev aa kallast for dannade siviliserade, kunna verta samde um aa slutta med detta Narreverket, som dei kallar væpna Fred, leggja ned Vaapni og verkeleg syna, at dei ikkje lenger reiknar kvarandre for Røvarar og Villmenn? Skulde ikkje Soga, vætt med Blod, som ho er paa kvart Bladet, no snart hava lært Folki og Styrararne deira, at Krigen aldri hev bata korkje den sigrande helle tapande, og at Freden difor altid er det gagnlegste?

Ein segjer, at det ikkje let seg gjera for det eine Folket aa avvæpna seg, fyrr dei andre ogso gjer det. Det kann væl vera; og nett difor er det, at Fredsvenerne yver heile Jordi sluttar seg saman og freistar paa aa rydja Vegen for Fredstanken hjaa alle Folki. Men me trur hellest ikkje, at eit Folk vilde vaage so mykje ved aa vera det fyrste, som lagde ned Vaapni. So langt er ein no komen likevæl, at eit Aatak paa eit slikt vaapenlaust Folk vilde verta merkt som eit Illmannsverk i den aalmenne Tankegangen, og i detta ligg det ei ikkje so lite Tryggje likevæl for slike Aatak. Hadde Frankrike i 1839 (trur me det var) gjort som Jules Favres sagde og avvæpnad seg, so hadde det i 1820 snaut lidet eit mannafall, som det med Sedan. Me trur, at ei slik Avvæpning i eit Land vilde vera til ei Løysing for dei andre; trykte som dei alle er av Tyngslurne ved den væpnade Freden vilde dei skunda seg og fylgja Fyredømet. Og vist er det, at det Folket, som her var hugstort nok til aa gaa i Fyreenden, vilde samla seg ein Heider, større og drjugare og meir verdefull enn all den Krigsheidren, som finnst i Verdi.

I Fyrstningi av Juli hadde Fredsvenerne eit Allmanns-Møte i Bergen. Her kom det Utsendingar fraa alle Land i Europa. Ogso Nordlandi hadde sine. Soleids møtte fraa Norig Stortingsmann Præsident i Odelstinget Konow, fraa Sverike Diktaren Strindberg og fraa Danmark Folketingsmann Fr. Bajer.

Møtet, som vart opna av Utanriksministaren i Schweiz heldt serleg fram, for eit Gagn det vilde vera, um dei store Statarne gav Tryggje og Fredlysing aat nokre Land. Ein trudde, at Krig ofte kunde verta hindra, naar det millom dei Statar, som hadde Ufred med kvarandre laag Land, som var fredlyste. Møtet gjorde ogso eit Vedtak, um at dei trudde Fredlysing for dei tri Nordlandi var gagnleg.

Eit anna Spursmaal, som Møtet heldt paa med, var um Minkning av dei staaande Herarne og um aa faa Fredsdomar Rikje imillom. Hr. von Bühler, Medlem av den tyske Riksdagen gjorde Framlegg um, at Møtet skulde beda Regjeringi i Sveits um aa bjoda Magterne i Europa ihop til eit Møte; der skulde dei leggja Raader um paa ein Gong aa minka Herstyrkjen aat alle Stataar til det halve av det som no er. Dette fekk Medhald og eit slikt Skriv vart sent til Fyrsteministararne i England, Frankrike, Tyskland, Rusland, Austrike og Italia.

Dei Fredsvenerne som no er samla i Forbundspalasset i Bern ber fram for Dykk den Voni, at De vil stydja Endemaalet deira: ved ein samtidig og jamstor Avvæpning endeleg aa tryggja den aalmenne Freden.

Medan Møtet heldt paa, fekk dei eit Skriv fraa Fyrsteministaren i England, Gladstone og fraa Utanriksministaren i Italia, Mancini som baae tvo meldte sitt Samtykkje og sin Varmhug for det, som Møtet strævad med.

Etter det, som kom fram paa dette Møtet, ser det ut til, at Fredstanken vinn fleire og fleire i alle Land i Europa, jamvæl i Tyskland.


(Menneskevennen).