Fraa Folkehøgskulen i Sogndal.


(Brev til Fedrah.)

Daa eg trur, det vilde gleda mange av dei, som hev gjenge paa Folkehøgskulen her, aa faa høyra lite fraa han i Vetter og, skal eg freista aa fortelja nokot um det. Han byrja som kjennt den 2dre Oktober. Daa var me frammøtte umkring femti Gutar. Sidan hev det aukat mest fyr kvar Dag, so no er me inn paa 80.

Dei, som hev voret her fyrr, kann nokk tenkja seg all den Moroi, me hev i Fritimarne med Klatring, Byksing og annat me finn paa. Gymnastikk hev me og ein Par Gongjer i Vika.

Skulefagi er som vanlegt: Fyredrag um Noreg, som me hev tvo Gonger fyr Vika, tykkjes meg aa vera det gjævaste. Me fær daa vita mangt og myket um Landet vaart, baate kor det saag ut fyrr, og kor det ser ut no fraa Fjelltoppane til Fjøra. Noregssoga er og gjild. Av hennar fær me vita um det Liv, som hev leikat millom Fjelli og Fjordarne.

Andre Laurdagskvelden, etter at Skulen var byrjat, samla me oss paa Helgheim fyr aa velja ei Nemnd paa fem Mann som skulde velja Emne til aa samrøda um næste Laurdagskvelden. Den kom og me samlad oss i den store, godt upplyste Skulestova. Til aa diskutera um hadde Komiteen valt Folkeskulen. Ein av Medlemarne steig fram og helt som eit lite Fyredrag. So skulde me til aa ordskiftast. Det gjekk fælt smaatt i Fyrstningi. (Lesaren fær koma i Hug, det var fyrste Gongen); men etter kvart som det leid, blei det livlegare. Det me mest slost um var Puggingi. Some meinte, ein inkje kunde læra nokot utan aa pugga. Andre trudde, ho likefram var skadeleg og kunde vera Skuld i all den tankelause Lesnaden, som ofta finnst i Folkeskulen.

Møtet byrja og slutta med Song. Lærararne var og med. Dahl var Ordstyrar. Han gav oss, etter at me hadde sagt vaar Meining, ei større Utgreiding um Puggelesnaden. Me likad oss godt heile Kvelden og eg trur, me kjem til aa faa mang ein hugnadsam Laurdagskveld paa Helgheim i Vinter.

Her er inkje mange, som les Fedraheimen enndaa. Men det skal nokk bli fleire.

Ei venleg Helsing, og velkomen.
 
Den 27de Oktober 84.
Ein Skulegut.