Ein Blink.

 

 

”Mer end Livet _ _ _ _ _ _ _ _ _ _

Er en Drøm, som ei fik Liv.”

Henrik Ibsen.

 

 

Himlen var kald og graa. Soli hadde ikkje vore aa sjaa paa ei heil Vika. Berre denne skyfulle, snøtunge Himlen, som fødde Vanmod og myrke Tankar.

 

Det var Berrfrost og Marki var klaka, enndaa det enno ikkje var Slutten av Oktober.

Fraa Glaset i Stova tyktest Vegen so sumarleg og turr. Men dei lauvlause Piletrei, dei nakne Aakrarne og Gropkantarne med det vissne Graset viste, at det maatte vera ei Synkverving.

 

Kviksylvet i Gradstokken stod tvo Gradar under Null, og Vinden bles bitande kald. Han ruska i dei nakne Greinerne nedi Hagen, smelte dei ihop, fauk i villaste Kav til Glasi, so dei darra av Kulde, men laut lell gjeva seg tilslutt og skar i aa kvina illhervelegt.

 

Men paa hi Sida av Garden var det lognt. I andre Høgdi var det tilmed eit Vindauga uppe _ nett som det var høgst aa Sumar. Og i Glaset sat det ei ung Jente.

 

Tett um Akslerne, Brystet og Halsen hadde ho eit mjukt høgraudt Tjeld. Andlitet, som glytte fram, saag forfrøyst ut, Hudi hadde ein blaaraud Lit, Lippurne var bleike, Hoka smaug seg ned i Plagget. Det gule Haaret hadde losna og fall liksom eit Bylgjedrag yver vinstre Oksli frampaa Brystet. Augo var blaa, med eit tunglynt Lag, men stundom kunde det ljosna i det... det kom ein lukkeleg Smil paa dei bleike Lippurne, og ein saag ein Skimt av eit Par skinnande kvite Tenner.

 

Auto var rette uppetter og fylgde med Skyerne, som for frampaa Himlen.

 

Der uppe var det eit yrande Liv. Det krydde med graae Skapnader, store og smaae _ mest Smaafolk liksom her neda. Frametter lagde dei avstad allesaman, ideleg frametter i tenjande Tan og Tevling. Ein for framum dei andre, ein vart attende, alle stridde dei same Striden for Tilværet. Og alle vart jaga av same Vinden frametter _ ende frametter _ mot Uppløysing og Tyning.

 

Tankarne hennar flaug med Skyerne _ langt burt. Men ikkje aat Kjærasten, som laag i Kristiania og ”ekserte Unggut”. Nei aat han, som kom liksom ein Solblink um Vetren _ men som kvarv burt likso snøggt som den.

 

Huslæraren hadde vore klein og laag paa Sjukehuset i Byen ein Maanad. I Millomtidi hadde Kandidaten, Bror hans, gjort Tenesta for han. Det var alt _ og det var daa ikkje noko aa tala um...

 

Men den Maanaden hadde vore den fagraste i hennar Liv. Det var liksom all Livsens Kulde og Prosa hadde vike for hans Aand.

 

Han hadde tolka for henne Strævet aat dei unge. Han hadde ført henne inn i ei Verd, som til dess hadde vore framand for henne. Han hadde gjort henne kjend i Bokriket, og det var noko ho var reint ukunnug i fyrr.

 

No var ho det ikkje meir. No kjende ho til dei bylgjande Strøymingar i Tidi, viste, at dei kjempa og streid der ute i den vide Verdi, dit hennar Auga ikkje kunde naa fram. Men Endskapen saag ho. Kvart Innlegg av ei megtig Aand las ho med ei Kjensla av Siger og strøymande Gleda. Ho elska dette Stræv etter Sanning, naar ein gav seg sjølv heilt med. _ Det hadde han lært henne.

 

Og stundomtil kunde det koma yver henne ei uroleg Lengting etter aa stella seg i Radi millom dei unge. Daa kjende ho seg so modig, so sigerviss. Men straks etter kvakk ho attende for sjølve Tanken paa Verdi og Folkedomen. Ho visste, at denne Kjensla var vanvyrdeleg, at det var ein laak Frodom; men ho kunde ikkje kasta han fraa seg.

 

So kom det yver henne ei tungsam Kjensla av Vanmod. Var ho væl god til ei slikt Arbeid? Hadde ikkje Uppfostringi hennar nettupp gjenge ut paa aa binda henne fast ved desse Fordomarne? Ikkje hadde ho væl det Grunnlaget helder, som gjorde ho verdig til ein Plass i Radi aat dei unge?

 

Nei.

 

Men kvifor? _ Kvifor hadde ho ikkje det? Jau avdi hennar Liv var fraa Fyrstningi av vanskjøytt, og no var det nokk for seint aa taka til med Fyriarbeidet. Desutan _ det var au noko: ho vær rædd. Annat Namn kunde ho og vilde ho ikkje gjeva denne Kjensla, og ho kjende eit Slag vaandefull Fysna ved aa saara seg sjølv med Brodden i det. _ Ho var rædd, rædd for ved slik ei Aatferd aa missa ein Snev av Livslukka si elder kanskje heilt og haldet vigja seg til eit Liv i Talm og Kvide. Ho vilde ikkje slengja seg inn i Hopen av Vegbrjotararne for dei nye Idear, for yver Liki deira skulde hine brjota sigrande fram. Kvat Gagn hadde ho av, at dei sigra, naar det var paa Kostnad av hennar Livs Lukke?

 

So lenge han hadde vore der, hadde Arbeidet tykst henne so fagert. No hadde Tvilsmaali kome.

 

Livslukka _ finnst ho i Freden?

 

Det kom an paa Huglaget, hadde han sagt. For sume kunde ho liggja nettupp i Striden. _ Ho hadde kjent det so livande _ daa. Ho hadde trutt seg sjølv skapa til Strid.

 

Og so hadde han sagt, at det var nettupp ho, som burde gaa fyrst og kasta burt dei Aarhundrad gamle Fordomarne. For millom dei, som kjempa for Kvendesaki, laut det finnast Daning i fyrste Radi. Vegen er vrang og full ak stingande Tornar, det hadde han ikkje dult. ”Men det kan liggja Lukke i Lidingi au, naar ein lid for ein Idé”.

 

Ho hadde trutt det daa.

 

No hadde han reist, langt burt mot Sud, for han hadde ætlat sit Liv aat Kunsten. Og no var det slutt. Ho kjende det paa seg: ho vaagad ikkje... ho var for rædd!

 

Der sat ho ved Glaset og stirde mot den skytunge Oktoberhimlen... saag kor Vinden fraa Nord jaga Snøskyerne yver henne mot Sud, nettupp mot Sud, dei... lukkelege. Langsamt siglad dei avstad og kvarv smaaningom burt ved Himmelbruni. Daa skin Himlen fram millom tvo Skyer, og ein bleik Straale fall som eit Sylvband yver Haaret hennar. Og fyri Augo hennar glima Regnbogefargarne. Straalarne braut seg i tvo Dropar, som dirra i baae Augnebrunerne.

 

Det heldt ved eit Sekund, so vart det myrkt att. Atter jaga Sky paa Sky deruppe. Ikkje ein Skimt av det Blaae, ikkje av Soli. Det var berre ein Blink.

 

Ho sveipte Plagget betre um seg. Ein saag, at det med eit kulsad igjenom henne.

So klembde ho att Glaset og burte var ho.

 

Frå Fedraheimen 08.11.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum