Boksjaa.



En Digters Hustru af John Paulsen. Gyldendals Forlag.

Denne Boki handlar um Kvendesaki og skildrar ei Umvending; korleids ei ung Gjente vart kjend med ein Digtar, og vart Kona hans, men han røyntest inkje aa vera den same i Livet som i Bøkerne sine; so var det eit annat Kvende, som hjelpte henne iveg, so ho fekk betre Tankar for seg og kom ut av sin Aands Trældom og vart endeleg millom dei utvalde.

Den som inkje hev leset mykje av dei nyare Bøker vil kanskje tru, at med dei utvalde er meint paa dei kristne, slik som Ordet hev voret brukat fyrr, og at det skulde vera meint ei Umvending til Kristendomen; men det er nok inkje so; nei med dei utvalde meiner han Fritenkjarar og sovorne. Slike Diktarar agtar inkje andre Umvendingar enn dei som fører inn i Nylæra.

Fyrr strævad Diktararne gjenom Bøkerne sine for aa faa Folk gifte, no skriv dei likeso lange Bøker for aa faa Hjonfolk ifraa kvarandre att.

I gamle Dagar var Emnet i Forteljingarne annleids, daa var det gjerne um ei rik Gardmannsgjente og ein Husmannsgut, som etter mykje Motstand og Strid endeleg fekk kvarandre. Tilslut lærte Folk den Soga og vart keide av aa faa fleire nye Bøker um det Slag. No ei Tid hev det voret Bokemne, um korleids tvo Hjonfolk vert leide av kvarandre og etter mykje Stræv kjem fraa kvarandre, soleids som no i denne Paulsens Bok. Dette Emne tek no til aa verte likeso utsletet som det fyrste var det, so at Bokmakararne fær nok finna paa annat, skal dei faa Folk med seg. Fyrst vart dette Emnet uppsletet i Frankrike og no hev dei lært det same her; og daa kann ein inkje venta, at dei skal gjera nokot utav det, som høver oss fullgodt, allvist daa inkje nokot for Bonden, som nok dei fleste Diktararne vaare inkje bryr seg um no lenger.

a.


Bjørnsons Forteljing. Det flager i Byen og paa Havnen er komi (Gyldendals Forslag). Umlag 500 S. Pris Kr. 6.00 forutan Band.


Vildanden av H. Ibsen og Fortuna av A. Kjelland kjem snart.