Umbot i Rettsvæsenet.


(Del 1 av 3.)
 

No ser det daa ut til, at det skal verta Aalvor med aa faa ei Umbot i Rettsvæsenet vaart, og det var visst ikkje for tidleg. For det me hev havt, hev sett djupe Merke i Folkelynnet, og desse Merki er ikkje alle av det gode.

Eg las eingong i ei Bok, at naar ein Engelsmann vart ute fyr Urett, so gav han seg aldri, fyrr han fekk Retten sin. Um han var ute og reiste, bidde han gjerne heile Vika, til dess han fekk ei Greida paa det, som ikkje var rett gjort, og haddde han ikkje Stunder til aa bida, so kom han att ein annan Gong. Detta var ei Grunnsetning hjaa Engelsmennerne, at Retten skulde dei aldri gjeva upp. Difyr vaagad ikkje Folk helder so lett paa aa gjera ein Engelsmann Uskil, stod det i Boki, for dei visste, at han aldri vilde finna seg i det.

Det er Retts-Sans hjaa Engelsmennerne.

Men ein Nordmann?

Lid han Urett, vil han reikna etter, um det løner seg aa faa Retten sin; løner det seg ikkje, gjev han seg helder: det er ikkje verdt aa krangla, eg fær helder gjera meg nøgd, som det er, eg vil ikkje hava nokon Uvenskap med dei. Aa halda paa Retten fyr Rettens eigi Skuld, høyrer me litet um. For her er liten Retts-Sans. Og eg trur knapt nokon skulde eva seg um aa taka paa ein Mann, fyr di han visste han var norsk.

Endaa so staut Riksretten var, so var det i Grunnen ikkje fritt fyr, at det var nokot av det same med den. Me veit ikkje endaa rett, um Domen vart eksekveret elder ikkje _ men me totte det var det same med det strenge Retts-Spursmaal _ me fekk Fred fyr ei Stund, og det var det me vilde hava. Hev no Engelsmannen sin djerve Retts-Sans, fyr di han hev havt Jury, elder hev han fenget Jury, fyr di han hadde denne Retts-Sansen?

Det veit eg ikkje, men eg trur dei tvo Ting heng ihop.

Det er nokot veikt, usjølvstendigt ved Nordmennerne.

Det gjekk fyr ei Tid sidan tvo Gutar ihop paa ein Veg. Du tarv ikkje vera so hoven du helder, veit eg, segjer den eine og rispar Felagen sin, fyrr han veit Ordet av det, med Kniven i Andlitet og Armen. Hin vil ikkje faa Straff paa Brotsmannen men berre krev Bot fyr Trøya, som han hev skoret sund. Men den andre vil ikkje betala Trøya, og dermed slepp han heilt fri, for den andre vil ikkje hava Krangel, maa vita.

Og detta tykker Folk er snildt og rett gjort av den, som leid Urett. I Røyndi er han etter mi Meining ikkje stort betre sjølv enn Brotsmannen, for naar ein Skarv ser han kann fara strafflaust aat, som han vil, so ryk han paa andre. Den Mannen, som var snild gjer med det so mykje, at andre kjem i Livsfaare.

Ein Franskmann fortalde, at det var ein, som hadde gjevet han ein Fik. Korleids gjekk det sidan daa, spurde ein.

Sidan?, 8 Dagar etter var Fyren i Jordi.

Naar ein Nordmann fortalde, at han hadde fenget ein Fik, og du so spurde, korleids det so gjekk sidan, tenkjer eg du fekk slikt Svar paa Lag:

Sidan? au jau, Kinnet bolnad.

Kvifyr er me slike? Er det fyr di me hev eit byraakratisk Rettsvæsen, fyr di me var slike, at det høvde aat oss?

Daa Fileas Fog for Jordi rundt paa 80 Dagar og hadde Braadhast og paa Ferdi gjenom
Amerika ikkje hadde Tider til aa jula upp Oberst Stamp Proctor som hadde voret grov mot han, so lovad Fileas Fog, at fyrst han var komen til England og fekk Tider, skulde han koma att til Amerika og slaast med Stamp Proctor.

Kaptein Mary at fortel i Peter Simpel, trur eg det er, um ein Matros, som er snytt av ein Jøde i London. Ei Tid etter, daa Matrosen var mange Mil derfraa og han fekk vita, at han var snytt, fer han radt attende til London til aa rundjula Jøden. Det lønte seg ikkje fyr han, men Mannen hadde ein vaken Retts- Sans, han kjende seg krenkt i sitt Manna-Verde, og han hev ein Tanke um, at det er betre fyr hans Jamlikar, at Skarven fær Juling, so han kann agta seg ein annan Gong. Mannen er ikkje hemnefus, men han hev der den aalmenne Moralen.

Slikt vilde aldri ein norsk Bokskrivar fortelja um ein Nordmann; kvifyr ikkje det? for det vilde ikkje høva med vaart Lynne. Me tenkjer meir paa det, som kann løna seg fyr oss sjølve, men Samfunds-Tanken, at me hev Skyldnad mot andre, hev me helder litet av.

Det skal me snart sjaa Døme paa. Det er ei Bygd, som det gjeng Difterit i (eit Slags fæl Halsesjuke, som det døyr mange utav, helst Born). Ein Bonde hev 6 Born, tvo av dei fær vondt i Halsen, og han sender Bod paa Distriktslækjaren, men Lækjaren vil ikkje koma, Mannen er fatig og Vegen lang, han segjer, at det er ikkje Difterit. Dagen etter sender Bonden Bod att, at baade Borni hev døytt, og no hev tvo til fenget vondt i Halsen. So kjem daa Lækjaren langt um lenge, gjev dei sjuke Grautumslag elder nokot annat sovoret og stryk av, og so døyr hine tvo med, og sidan sjuknar dei tvo siste med. So hev Mannen misst 6 Born. Klagar han? Nei, det er ikkje lønt, fyr honom kann det vera slikt Slag, han hev ikkje fleire aa missa no, og han fær ikkje Borni att, um han klagar. At det er ein Skyldnad mot heile Bygdi aa klaga, tenkjer han ikkje paa og vil ikkje gjera seg Uvener med Folk og ikkje hava Krangel um nokot, som han ikkje kann hava Bate av.

Enn um ein annan klagad daa og førde fram denne Bonden og andre som Vitne? Ja, eg er rædd, at den Bonden, som hadde misst alle Ungarne sine, vilde segja fyr Retten, at kannhenda det ikkje var alt so visst, at Ungarne hadde døytt av Difterit, og at naar det var so lagat, dei skulde døy, so hadde det nokk litet munat, at Lækjaren kom, og meir slikt.

So stod Klagaren der og rauk kannhenda i sjølv.

Paa denne Maaten fær allslags Slarv Lov til aa liva, til dess det med Tidi døyr ut av seg sjølv.

Og eg tenkjer dei fleste, som er kjende paa Landsbygdi, veit Døme paa, at slikt hev hendt.


( Meir.)