Tidender.


Kristiania, den 31te Oktober.

Underkonge. Det hev lenge voret paa Tale, at Kongen skulde vera tenkt paa aa gjera Krunprinsen til Underkonge (Vicekogne) og øvste General i Norig. Det er allvist Høgrebladi, som hev havt annvint med slike Meldingar. Men det er lite verdt aa ansa paa det. Slike Underkongedøme hev inkje voret vidare folkekjære i Landet fyrr.


Ein Finnlending hev skrivet ei Bok, um at Finnland burde sjaa til og faa fat paa eit Stykkje av den norske Finnmarki, og han brukar seg hardt imot Nordmannen, som han segjer er leid til aa vilja kjøva ned dei Finnarne, som finnst i Norig. Han lyg mykje iblandt, og finske Blad likar Boki ille, so det er vist ingen Grunn for oss til aa ottast.


England ¹ ). Baade i Underhuset og Yverhuset hadde Høgre mistydt Oppningstalen. Dei tolkad Ordi aat Fyrsteministaren den Vegen, at han vilde ganga inn paa eit Forlik og ei Semja med Lordarne, og dei spurde i baade Tingi, um inkje det var so. Og dei fekk eit Svar, som dei inkje kunna mistyda. Gladstone sagde, at han og Styringi vilde til Landsens Gagn staa paa Underhusfleirtalet sin Rett imot Lordarne. Han let dei og vita, at dersom dei no set seg imot Valloven, so skulde dei sjølve bera Fylgjurne, og dei kom til aa vera verst for Lordarne sjølve, daa Spursmaalet um, anten Yverhuset skulde vera elder inkje vera, daa vilde koma upp.


Frankrike. Styringi hev vunnet Siger i tvo Saker, so det ser ut til, at ho kjem til aa greida seg betre, enn Folk trudde for eit Bil sidan.


Frankrike og Kina . Styringi i Frankrike vil no senda mange Soldatar til Asia, og avgjera Striden med Kina dess fortare.


Bismark i Paris. Franske Avisur hev fenget Melding fraa Berlin um, at Bismark skal vera meint paa aa gjesta Paris med det fyrste. Bismark vil gjera alt han kann for aa faa Frankrike paa si Sida i Kongospursmaalet, ser det ut for.


Polen. Daa Keisaren vitjad Polen fekk han ei stor Mengd med Bønebrev, endaa Politiet lagde seg imillom alt det orkad for aa hindra det. Keisaren skal sidan hava leset desse Brevi og funnet druge Klagur paa mange russiske Embættsmenn i Polen. No er Justitsministaren reist til Polen, og dei segjer, at han hev fenget Paalegg af Keisaren um aa granska, um Klagararne fær med Sanning elder inkje.


Slavehandel i Turkiet . Styringi i Turkiet hev forbodet Slavehandelen, men likevæl vert han driven fort vekk i mange Landslutar, serleg Arabia. Under den sidsta Pilgrimsferdi til Mekka hadde ein Kaupmann fraa Sud-Arabia med seg 10 unge vene Jentur, han sagde, at dei høyrde til Huslyden hans og at dei saman med honom skulde gjesta den heilage Byen, difor fekk han draga avstad i Fred og Ro. Nokre Dagar etter reiste Kaupmannen aaleine fra Byen, og han sagde daa, at han hadde latet Huslyden sin vera att, for at dei skulde faa halda fram med Botsøvingarne sine. Norke Dagar etter kom Mannen att med ei heil Horg med Jentur, og no skynad Styringi der i Landet, at han utgav Slavarne sine for Pilgrimar, for paa den Maaten aa faa dei med seg um i Byen og selja dei der.


Johan Sverdrup hev eit stort Bilæte av Ole Gabriel Ueland hengjande yver Skrivebordet sitt.


Uppaling av Udyr. Skinnet av Aligatorar og Krokodillar hev lengje voret mykje etterspurde i Handelen. Dette hev gjort, at desse Dyri vart drepne i so stor Mengd, at dei paa lange Leite av Missippi vart mest burte. Men Amerikanarne hev Raad for Uraad. Dei hegnade store Stykkje av Elvi, so Udyri inkje kunna koma burt. So drap dei og flaadde berre dei eldste Dyri, og dei unge fekk sine Feder til Mat. Ein Aligatoruppalar hev i Aar sendt ein Garvar St. Louis inkje mindre enn 5000 Aligatorskinn.


Kongen av Siam hev inkje so liten Huslyd. Han hev inkje mindre enn 600 Kjeringar, 137 Søner og 126 Døttrar. Mannen er berre 26 Aar gamall, so han kann hava god Von um aa auka Huslyden sin inkje so litet heretter og.


Ny Sekt. I Amerika er ei stor Mengd med Sekter, og sume av dei lærer so utrulege Ting at ein mest lyt tru, dei inkje er ved fult Vit. No er det uppkomet ei ny Sekt, og ho ser ut til aa vera den galnaste av dei alle. Ho lærer, at naar ein Mann vert sjuk, so kjem det av, at Gud hev forlatet Kroppen hans. Kvar som er frisk hev Gud i seg, og han kann gjera Sjukingen frisk ved aa gnida Ryggen sin mot hans.


Eimbaaten City of Richmond , Inmanlina kom til New-York 24de Oktober med Amerikafararar, som reiste herifraa den 10de Oktober. Alt væl.


¹) I Stykkjet um England i fyrre Numeret er nokre leide Prentevillur. Der stend soleids: Yverhuset, der Medlimarne er valde; skal vera: Der Medlimarne inkje er valde. Vidare: og Lordarne hevkjøvt desse, som no set seg imot Folks Valrett; skal vera: og Lordarne hev kjøvt ned desse, som inkje plent hev havt sama Tru som Folk flest, og no set dei seg imot Folks Valrett.