Stiftsmøte for Kristiania Stift.



Det 9de friviljuge kyrkjelege Stiftsmøte byrjad Tyrsdags Aftan.

Bisp Grimelundheldt Fyredrag um det fyrste Emnet: Arbeidet for kyrkjeleg Sjølvstyring .

Fyrst maatte ein hugsa paa, at Kyrkja vaar var evangelisk-lutherskog heldt seg til Vedkjenningi fraa Augsburg, og for det andre var ho Statskyrkje. Staten kunde inkje halda seg paa Lengdi, utan at han fekk Hjelp av Kyrkja, hellest hadde han inkje Midlar mot Syndi. Og Kyrkja hadde inkje berre det Kallet aa uppbyggja seg sjølv, men ogso aa preika Evangeliet for all Skapningen, og ho kunde inkje negta aa taka mot den Hjelpi, som Staten byd henne, utan aa forspilla mykje som Folkelærar. Men Staten fekk inkje misbruka Magti si, so at han tok Sjølvstendet burt fraa Kyrkja, som hellest var takksam mot Staten for mange Ting. Den lutherske Kyrkja hadde altid haldet ihop med Staten.

Er det no daa nokre Tankar framme i Tidi, som kann hjelpa fram ein betre Skipnad av Kyrkja enn den, som me no hev? Jau det er Tanken um Sjølvstyring, det trengst inkje aa verja honom, for den Tanken er uppe paa alle Leider.

Men so var det, um Kyrkja kunde taka nokon slik Skipnad utan aa brjota ned Vedkjenningi si, og korleids denne Skipnaden skulde lagast.

Sjølvstyret høvde godt ihop med Augsburgs-vedkjenningi, som jamvæl leikad inn paa det, at den verdslege Magti inkje hadde Rett til aa styra Kyrkja, og etter Reformasjonsformelen av 1545, som Luther var med i, var det inkje Meiningi at Magti skulde vera hjaa dei verdslege Fyrstarne til alle Tider.

Retten til aa styra maatte vera hjaa Kyrkjefolket, inkje berre hjaa ein Del av dei, men helder inkje hjaa plent alle. Og det me skulde stella med, var daa inkje Pengegreidur, som var Stat og Kommune si Sak, og inkje helder Lovsaker, men utanum desse Ting var det ei vid Mark for Sjølvstyring inkje berre for kvart Sokn, men for heile Landskyrkja.

Han hadde tenkt seg ei Trideling:
  1. Sokneraad.
  2. Kyrkjemøte, som kom ihop til visse Tider.
  3. Kyrkjeraad.
Øvst vart daa Kyrkjemøtet, som skulde avgjera alle Spursmaal, som vart lagt fram aat det av Kongen, slikt som Godkjenning av Bibelutgaavur, symbolske Bøker, Lærebøker og Salmebøker, raadleggja um Kyrkjelovar og senda fram til Kongen Søknader og Ynskje (slik paalag som dei svenske Kyrkjemøte). Det var nok, naar eit slikt Møte kom ihop kvart 5te Aar.

Vandare var det aa faa istand Sjølvstyre paa andre Leider, der no Kyrkjedepartementet hadde same Stelling som andre Departement, det hadde inkje nokor Fullmagt av Kyrkja, berre av Staten, det var ein framand Lem paa Kyrkje-lekamen og det hadde vondt for aa koma etter kvat Meiningar Kyrkjefolket hadde. Det var Trong um ein annan Skipnad, og til det meinte han det var høvelegt aa hava eit Raad, som var valt av Kyrkjemøte; hellest var det vandt aa skilja ut dei Saker som skulde høyra til Kyrkjedepartementet og til dette Raadet. Av slike Ting, som Raadet maatte hava med, kunde nemnast: Uppsyn med Læra, Liturgi, Livnaden aat Prestarne, Ordinasjon, øvste Styring mrd Pengestellet, Uppsyn med at Vedtaki fraa Kyrkjrmøtet vart gjenomførde, Fyribuing av Saker til Kyrkjemøtet, Mottaking av Visitasmeldingar o.s.v.

Men Underbygnaden maatte leggjast i Sokneraadet, som skulde gjera seg kjent med Folks aandelege Trang, segja si Meining um dei som søkte Prestekallet o.s.v.

Det som galdt for det fyrste maatte vera aa faa isaman ei Kyrkjeforsamling for heile Landet til aa grunnleggja den nye Skipnaden.

Tilsist nemnde han Grensurne, som eit kyrkjelegt Sjølvstyre maatte hava; det var Grunnloven § 16, som inkje kunde endrast, solenge § 2 stod, dinæst § 21 (Kongens Rett til aa setja inn Embættsmenn).

Endeleg samlad han sine Tankar um Sjølvstyret i desse 4 Setningar:
I. Sjølvstyre for Kyrkja bør naa-ast gjenom:
  1. Eit valt Sokneraad i kvar Bygd.
  2. Eit valt Kyrkjemøte kvart 5te Aar.
  3. Eit fast Kyrkjeraad, uppnemnt av Kyrkjemøtet.
II. Vilkori for Røysterett er: Bruk av Naademidlarne aat Kyrkja og Godkjenning av Augsburgs-Konfessjonen.
III. Til aa fremja Saki sender Stiftsmøtet Søknad til Kongen um aa kalla inn ei konstituerende Kyrkjeforsamling med Paalegg um aa arbeida ut Framlegg til ei Forfatning og senda det aat Kongen til Yverlegging. I denne Kyrkjeforsamlingi bør det vera med 6 Bispar, 2 av dei theologiske Professorarne, Læraren i Kyrkjerett, 12 Prestar og 24 Lækfolk. Av Prestar møter det 2 fraa kvart Stift, utnemnde av Bispen, av Lækfolk 4, valte ved Valmenn.
IV. Stiftsmøtet nemner upp 3 hell 5 Mann til aa skriva Søknaden aat Kongen.

Sokneprest Skaartrudde inkje det kunde nytta aa senda Søknad aat Kongen, det var inkje sagt, at Regjeringi vilde hjelpa. Han vilde, at dei skulde freista aa faa istand ei Kyrkjeforsamling av seg sjølve, Stiftskomissjonen i Kristiania fekk setja seg i Spissen.

Professor Petersen likad dei fyrste Setningarne hans Grimelund, men heldt seg til Skaar i det andre. Men han trudde inkje me kom nokon Veg, Stortinget hadde vist liten Hug til aa gjeva Magt ifraa seg i Kyrkjesaker. Hellest likad han godt, at Bisparne var tenkt aa skulle vera sjølvskrevne, og det var bra um mange Prestar ogso kom med, men det var inkje verdt, at det vart sett nokot fast Forholdstal millom Prestar og Lækfolk.

Gardbrukar Elverød viste inkje, um det var nok Trong til Sjølvstyre endaa, men vart skarpt motlagt av

Professor Gisle Johnson , som hadde arbeidt for denne Saki i meir enn 30 Aar, og det var heller for seint no enn for tidlegt aa vinna det fram.

Sokneprest Heuchhadde inkje nokor Lit til ei Kyrkjeforsamling; um ho ogso vart valt berre av Kyrkjelemer, som var yver 25 Aar, so vilde han vanvyrda eit slikt Møte, fordi det var bygt paa den Tanken, at der dei mange er, der er Retten, denne ugudelege Tanken; for eit slikt Møte kunde ein venta av Regjeringi.

Klavenæss meinte, at det var Prestarne, som hadde Skuldi for, at det hadde drygt so lenge med denne Saki.

Professor Johnson lagde fram nokre nye Setningar, som veik av nokot fraa Grimelund sine. Soleids vilde han, at Kyrkjemøtet helst skudle telja 72 Medlemer, valde av Stiftsmøti, 15 fraa Kristiania Stift, 9 fraa Trumsøy og 12 fraa kvart av dei andre Stift. Minst 1/ 3 skulde vera Prestar. Han trudde det dugde inkje aa venda seg aat Regjeringi.

Chr. Bruun vilde helst hava Kyrkja heilt skilt ifraa Staten, men var glad i dei Framlegg um Sjølvstyre, som no var gjorde, det vilde verka til hans Fyrimaal. Han meinte, at det var den nye politiske Stelling, som no hadde sett ny Kveik i Folk.

Hellest var det mange Talarar, som ordad seg: Slutningi vart den, at Setningarne aat Professor Johnson vart uttekne.

Sidan vart det haldet Val paa Folk. 15 Menn fraa Kristiania Stift, som skulde møta paa Landsmøtet. Det vart umdelat ei Valliste, som nemnde: Bisp Essendrop, Prestarne Sven Brun, Schjørn, Heuch og Klavenæss, Bisp Grimelund, Professor Johnson, Justitiarius Broch, Bønderne Østby, A. Berger, H. Opsata, Kyrkjesongar Paulsen, do. Presthus, Landh. Eriksen, Kapt. Winsnes. Og dei vart valde.

Yver det andre Emnet, um Lov til aa vera med aa velja Prestar, heldt Sokneprest A. Hansen Fyredrag; han talde for Tanken, men det vart inkje Stunder til aa ordskiftast nokot vidare um det.