Klokka.



(Etter Iwan Turgeniew. )

(Del 12 av 13. Fyrste delen.)
 
(Framhald.)


XXII.

Framum Farsyst, Vassilj, og Trankilitatin bar det med Raissa, ho sprang beinast inn i Romet aat David og kastad seg innaat honom.

_ Aa David, min kjæraste David!

_ Tilgjev meg _ sagde han ganske laagt.

_ Kvifor gjekk du daa heim Raissa? _ spurde eg. _ Kvifor vart du inkje lenger ved Elvi? Daa hadde du set det, at han vart bergad.

Ho lyftad berre litet paa Hovudet, medan ho svarad:

_ Eg veit inkje, spør meg aldri. Eg kann inkje minnast, korleids eg kom heim. Eg tyktest berre sjaa korleids han stupad nedi Vatnet. Det var som nokon hadde gjevet meg eit Slag.

_ Eit Slag _ hermde David; me saag paa kvarandre, og maatte lægja. Aa me kjende oss so lukkelege.

_ Skal detta vara lenge, hell er det snart slutt _ høyrde me med ein Gong eit grovt Maal segja, det var Maalet hans Far. Han stod paa Dørstokken.

_ Kvat er detta for Narrestrik? Kor liver me helst? I Keisarriket Rusland hell i den franske Republikken?

_ Den som hev Hug til aa gjera Staak og vanskipa seg, han fær ganga sin Veg aat Frankrike! Og du _ korleids kann du vaaga aa koma hit? _ dermed snudde han seg aat Raissa.

Ho hadde reist seg imot honom, ho var hosta forfærd yver denne uventa Koma, men freistad aa sansa seg.

_ Du, Dotter aat den Skarven, rett for ei, ho veit inkje Skamm hell. Ut med seg, paa Staden, hell eg skal _

_ Farbror! _ ropad David og freistad reisa seg upp i Sengi _ gjer inkje Raissa nokot. Ho gjeng av seg sjølv, men gjer henne inkje nokot.

_ Kanskje du skal gjeva meg Fyrisegner um kvat eg skal gjera? Eg gjer henne inkje nokot, eg jagar henne berre utor Huset. Du og, du og skal standa meg til Skrifte. Du hev øydelagt ein Eignalut, som inkje var din; du hev freistat paa aa avliva deg; du hev valdet meg Kostnad _.

_ Korleids Kostnad?

_ Korleids Kostnad! Du hev skamført Klædi dine, reiknar du inkje det for nokot? Og so Drykkepengarne, som eg laut betala aat Folki, som hjelpte deg heim. Heile Huset hev Gutungen sett paa Ende, og endaa brukar han grov Kjeft. Men det som er verst, med henne, som gløymer all Skamm.

David lagad seg til aa vilja springa upp or Sengi.

_ Eg segjer deg endaa, gjer henne inkje nokot.
_ Teg still!
_ Vaaga det inkje _ aa vannvyra Fruga mi skal verta!
_ Fruga di skal verta, hahaha, det er grepa!
_ Hahaha _ kom Ljomen ifraa Farsyst.

_ Kor gamall er det daa du er? _ tok Far til Ords. _ Snaudt hev han voret eit Par Vikur i Verdi, og er endaa inkje turr bak Øyrom, fyrr han tenkjer paa aa vilja gifta seg. Aa du, aa du, aa du!

_ Lat meg ganga _ sagde Raissa laagt aat David og snudde seg aat Døri. Ho var drivande bleik.

_ Deg tarv eg hellest inkje spyrja um dette _ sagde David _ Far, rette Far min er ventande kvar Stundi; han er det, som hev Retten til aa bjoda yver meg; og so um Alderen, Raissa og eg kann godt bida.

_David _ skreik Far, fælande vond _ Gut kom til deg sjølv att. Hev du daa reint mist Vitet?

_ Aa stopp daa Munnen paa honom endeleg _ ropad Farsyst _ og denne Strjukarjenta _.

Ho fekk inkje sagt meir, i Stadan høyrde me eit veikt og skjelvande Maal av ein Gubbe segja desse Ordi inngjenom Døri: _ Brør, kristne Vener, høyr paa meg.