[Tidender.] Belgia.



Ved siste Tingvalet sette Høgre Skjilingspolitikken paa Programmet sitt. Den frilynde Styringi, som daa var, var fluss i Pengevegen vart det sagt. Høgre vilde spara baade her og der, og Skattarne skulde verta mindre. Og ein stor Del av Folket let seg narra, og Høgre fekk Fleirtal i Tinget, og Kongen som altid styrer konstitusjonelt tok eit Høgreministerium. Men det synte seg snart, at dei inkje vilde spara annat enn til Landsens Skade. Dei frilynde hadde etter langt Stræv fenget istand ei Skulelov, og ved den teket Magti fraa dei katolske Prestarne og Jesuitarne, og det fyrste Høgre baade i Styringi og Tinget tok seg til, etterat dei var komne i Fleirtal var aa tyna denne Loven. Det var gjort Framlegg til Tinget um aa stengja mange Skular og gjeva Prestarne Rett til aa stella med Upplæringi paa Lag som dei vilde. Men no skynad Folket, at aa spara Statens Pengar paa slik Vis inkje var nokor Vinning, men det største Tap, som kunna tenkjast. Dei vart misnøgde med Styringi, og Misnøgjet var so stort, at Styringi hadde Soldatar ferduge, um det skulde trengjast. Dei frilynde kravde, at Styringi skulde løysa upp Tinget og skriva ut nye Val og dei heldt støre Møte og sende den eine Adressa større enn den andre til Kongen. Men Styringi og Høgre vilde inkje høyra paa nokot av dette; Skuleloven vart endrat, Skularne stengde og Jesuitarne raadde alt. Dei frilynde Førararne bad daa Folket avhalda seg fraa aa fara valdsamt fram, men ved Kommunevalet stemma slik, at Styringi skulde faa vita, at ho hadde Fleirtalet ute i Folket imot seg. Og Styringi sagde og, at Komunevalet skulde avgjera Striden, og ho lovde Kongen, at Valet skulde koma til aa stydja Fleirtalet i Tinget. Men Valet vart ein stor Siger for Vinstre, og Kongen let 3 av dei argaste Høgremann i Styringi vita, at han helst vilde vera kvitt dei, og dei vart difor nøydde til aa søkja Avskjil. I Staden deira vart tekne nokre meir rimelege Menn, som no skal styra, til det vert utskrivne nye Val. Det kann snaudt vera Tvil um, at dei nye Vali vil gjeva dei frilynde Fleirtal i Tinget att.