Tidender.

 
Kristiania, den 24de Oktober.


Dei tek til aa fæla for Maalsaki uppe i Morgenbladet ogso no. Dei likar inkje Framlegget hans Johan Sverdrup, og allerminst det um Landsmaalet, Friele kan inkje undskylde, at nogen offentlig Mand _kan lefle med denne Tanke. Han er so uvitande, at han trur det er Meiningi, at Landsmaalet kunstig skal ophøies til Skriftmaal. Nei me er inkje slike, at me vilde bruka Magti vaar til aa gjengjelda vondt med vondt; for oss sjølve krev me berre vaar Rett, full Fridom unner me Dansken, hev han Kraft til aa liva, so lat han det. Me vyrdes inkje aa gjeva honom Daudhogget.

Bladet meiner, at det neppe er muligt at finde noget Skriftsprog, der for største Parten af Nationen skulde kunne ligge Talesproget nærmere end det nuværende.

Les Fedraheimen, beste Friele, so fær du sjaa, at det umogelige likevæl hev hendt!


Rangvise Autoritetar . _ Skulenemndi i Overhalden vedtok, at Skularne skulde kjøpa seg Hægstads Lesebok i Landsmaalet, Evangeliet etter Markus og Romarbrevet (paa Landsmaalet). Presten Norman spurde Stiftsdirektionen, um dei fekk Lov til dette. Stiftsdireksjonen svarad soleids: at den fremdeles fastholder sin Anskuelse, hvorefter det ikke kan billiges, at der i Kretsskolerne ved Siden af Læse- og Lærebøger i Bogsproget anvendes saadanne affattede i det norske Landsmaal.

Det er Bonnevie, som er Skuledirektør der.

Det er sendt Kyrkjedepartementet Melding um dette med Bøn til det um aa aga slike vrangvise Prestar og Stiftsdireksjonar, so dei inkje slepp til aa leggja Mein for Norsken meir.


Kongen reiste til Stockholm igaar Kveld. Mange var ute og ropad Hurra og paa Jarnvegsstasjonen møtte mange fram. Bland dei var: Stiftamtmannen, Generalløtnant Wergeland, Borgarmeistaren og fleire Raadmenn, Ordføraren og fleire Medlemar av Amtsformannskapet, Konsul Hefty, Politimeistaren, dei avgjengne Statsraadarne N. Hertzberg, Johansen og Kjerulf, Medlemar av Jarnvegsstyret, Hoffolk o.s.v. Daa Toget gjekk ut fraa Stasjonen ropad alle, som tilstades var, Hurra.
 
 
Ei Kunstutstelling vart opnad her fyrre Laurdagen. Rikskassa hev latet til Kr. 3000 for aa faa henne istand; Kongen var fyrste Mann som var der. Ingen som kjem til Byen, maa gløyma aa sjaa det, Landsens Folk maa sjaa kvat det er dei kostar Pengarne til, for det er Meiningi aa faa ei slik Utstelling tilkostat kvart Aar, slik som det er i andre Land: det er daa berre nye Stykkje som er uppstelte her, innmot 150 er komne no. Utstellingi vert haldi uppe berre ein Maanads Tid; det kostar Kr. 0,25 aa sleppa inn; Inngangen er fraa Grupegata, det er i den Bygningi, som dei brukad til Rikshospital fyrr, og som Justitsdepartementet skal flytja inn i no etterpaa. Me skal kannhenda skriva meir um Utstellingi.


Fraa det norske Samlaget vert det no med det fyrste sendt ut til Medlemerne: Eit Hefte av Vinjes Skrifter, Ervingen, Lukas Evangelium, Medlemsliste og Sendebrevet for Samlagsstyret. Sidan vert det sendt eit Hefte med Lauvduskar, som denne Gongen for det meste kjem til aa innehalda Ting, som inkje hev voret trykte fyrr.


Paa Asker Seminar hev dei haldet 50 Aarsfest. Seminaret var grunnlagt 1834, fyrr var det eit Stiftsseminar paa Trumsøy ( stiftat 1826), men denne Lærarskulen i Asker var meint aa skulle vera for heile Landet, fyrste Aaret hadde det 16 Gutar, no 59, i 1861 var det mest Søkning, 91 Gutar. Styraranne for Seminaret hev voret: K. Gislesen, E. G. Døderlein, Jacob Aars, E. O. Berg, Nils J. J. Aars , som er det no.

Til Festen var det innbodet umlag 180, Skulestyraren og Bisp Essendrop heldt Talar. Nils Hertzberg, Statsraad hev voret, var der ogso, han sytte og bar seg ille fordi han no inkje hadde meir med Skulen aa gjera og spaadde inkje Skularne nokot godt for Framtidi.


Nytt Maalblad. Fraa Nyttaar skal det koma ut eit Blad for Ungdomen, paa Landsmaal. Marius Hægstad og Nils Brenne skal styra det. Det skal koma ut tvo Gong um Maanen og kosta Kr. 2 for Aaret. (Nordtr.)


Formykje av det gode. Blandt dei, som stod til Konfirmasjon i Kyrkja paa Moss no i Haust var og ein 40 Aar gamal Svenske. Sama Dagen vart han gift og Barnet hans døypt, so Mannen paa ein og sama Dagen var baade Konfirmant, Brudgom og Barnefar.


Politiske Foreiningar, Lærarsamlag o.s.v. fær Sendebrevet fraa Det norske Samlaget til seg sendt, naar dei skriv til Kasseraren for Samlaget H. Johansen, Lykkjevegen 13.


Prest utan Eksamen . I Sverik gav Kongen nyleg sitt Jaminne til, at ein Skulmeistar, som lenge hadde hjelpt fleire Prestar med Preiking og Kristendomsundervisning, vart vigd til Prest, utan at han vart spurt um anten Gresk hell Hebraisk.


Hyggjelege Folk. Det var i Paris nyleg. Mannen kjem heim, der sit Kjeringi hans og rør med Bror sin. Mannen var vond og brukad seg, ho tok ein Kniv og stakk gjenom Nasen paa Mannen, som inkje vart blidare for det. Ho vart rædd og sprang aat Glaset, Mannen vilde halda henne att, men vart dregjen med utyver, det var fraa tredje Høgdi. Fyrst datt dei, ned paa nokre Snorer og vart hangande der men Snorerne rauk og baade tvo ned i Gata, hoslog seg ihel med det same, han orkad sovidt draga seg upp Troppi; der stod Sonen hans med ein Revolvar og skaut paa Far sin, men han raakad inkje, og so kom det fleire til, so dei fekk binda honom.


Billigt Nytestament . I England sel dei no det nye Testamente for ein Penny (7 ½ Øyre).


Belgia. For at Skulen skal koma endaa hardare under Prestarne, hev Innanriksministaren teket berre Prestar til Religionslærarar. Det var Bisparne, som raadde honom til det. Prestarne skal vera tvo Timar paa Skulen for Vika og for det skal dei hava 2000 Franks Aaret. Daa det i Belgia er 40 Vikur Skule um Aaret, so vert det inkje mindre enn 25 Franks Timen. Ein Artillerikaptein, som hadde borni sine paa Kommuneskulen, fekk 10 Dages Arest fordi han skreiv under eit Bønebrev som gjekk ut paa, at Skulen inkje maatte stengjast.

Dei hev no havt Komuneval og det vart ein Siger for dei liberale. Det ser soleids ut til, at Folk alt er keide av Prestestyret og Styringi sit endaa lausare i Salen enn fyrr.


England. Tingi kom saman igaar og det ser sanneleg ut for, at dei skal faa nok aa gjera. Det er fleire store Sakjer, dei hev aa taka paa, soleids Krigen i Ægypten, det sudafrikanske Spursmaal, Kongospursmaalet o.s.v., men fyrst og sist er det Røsyterettsloven.