Rispur.


Ein Mann hadde i Myrkret gjenget ut yver ei Bru og hekk berre med Nevarne fast i Brui, medan han skreik paa ein, at han laut koma aa hjelpa honom. Han kom og tok Tak i Nakken hans og huskad honom upp og ned i Vatnet, medan han jamrad: Det var daa fælt so tong du var daa. Ja, svarad hin i Vatnet, du er nokk sterk Nils, men her skal du finna tung Kar au!


Ein annan Mann var namndspurd fyr aa svelta Folki sine. So kom eingong ein Skomakar aat honom. Mannen trakterad Skomakaren med Spa, som var so tunn, at ho mest var berre Vatnet. Daa Skomakaren hadde etet litet, rauk han med eit upp, kastad Trøya og skreik til Mannen: Der var det jamen ei Ert, haldt den du, medan eg jagar etter ei til!
Leif.