Brev fraa Volda.

 

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)

 

(Slutten).

 

 

Synmøringarne er nokot forunderlege i mange Ting; mi er det i Politikken og. Mi er som Gud og kvar Mann veit ikkje pengesterke, hev difor inkje Raad til aa fylgja med Tidi so godt som mi skulde med aa halda Aviser og slikt; nye Kulturstraumar stryk for det meste forbi oss, og mi verte staa-andes mykje for oss sjølve.

 

Daa Gardanne ligg langt fraa kvarandre rundt umkring desse lange tronge Fjorarne med høge Fjell umkring, og kvar Mann soleids lyt styra og stelle meir etter sitt eiget Hovud enn Folk gjer i Storbygderne, vert det slikslag i det smaa som det store, Einstøda paa beggje Leider. Denne Einstøda merkjer Karakteren og Utviklingi og gjer beggje eigne og sjølvstenduge, men derfor og einsiduge. Vor politiske Utvikling er og slik ei Einstødings-utvikling, som inkje toler det ho inkje likar. Eg laut flira, og harmast stundom og, naar eg las i Høgrebladi um ”Venstrebladenes Opviglerier”. Eg viste, kor det var her, og slik paalag var det vel andrestader og. Mi heldt Almuevennen og Fædrelandet, og kven kann skulde dei for ”Opvigleri” til Vinstreleidi? Men likevel hev her altid voret Vinstreval. Det er Tilfellet, som raader, sa Høgre; vaknar Folkjet til, so skal du sjaa. So kom Vetostriden; der vart Strid paa harde Livet, og alle veit kor det gjekk. Men det var Vinstrebladi si Skuld sa Høgre daa. ”Vinstrebladenes Opvigleri” gjorde Partiet so stort. Men naar Aviser kann gjera Partiet sigrande, kvifyr lagad inkje Høgrebladi seg eit Parti um inkje heilt ut sigrande, eit med Vyrdnad? Er dei kanskje inkje so go til aa skriva for seg desse Høgrekaranne? Det er løgje at dei skal gremja seg for, at Vinstrebladi reiv Folket fraa dei. Anten er dei daa nokre Unæmingar til aa skrive og snakke for seg, hell daa er den Sak, dei kjempa for mindre god, og beggje Delar er ille for dei.

 

Eg nemnde Almuevennen; han var mykje lesen her ei Tid; han fanst mest paa kvar Gard, men no er det vant aa sjaa eit einaste Nummer. Ja det hev gaatt reint tilbake med Alm.v. Stakkar, og det er V. G. si Skuld, meinar han. Nei gode Alm.v. det var di eigi Skuld, allvist her: Mi kasta Høgre- og tok Vinstreblad, fordi dei høvde betre med vaare Meiningar. Der var altso inkje nokor Umvending, men berre eit Framstig. Mi var Vinstrefolk og er Vinstrefolk, inkje fordi Bladi skreiv; men fordi det var naturlegt, fordi Grunndraget i Vinstrearbeidet høvde og høver med vaar Tenkjemaate, og burt fraa dette Grunndrag kann mi inkje rikkast korkje av Høgre- hell Vinstreblad. Tes meir Alm.v. braakad paa tes verre vart det, og daa Stykki kom um Sverdrup vart mi reint harme, sagde upp og fekk slike Blad, som talte vaar Sak. Mi er hellest vonde paa Vinstrebladi ogso, mi likar inkje, at dei braakar formyket paa med Politikk; Folk vert leide av det og. Og so skal det inkje vara lenge fyrr Folkedomen gjev dei eitkvart Svidmerkje. Mi er hellest nokot einsynte og sjølvgode i den Vegen. Mi toler inkje høyre Tankar, som inkje plent er like vaare eigne. Dette er vondt; men det er ingi Raad med det; mi er inkje go aa skapa um i ei Fart. Det nyttar inkje aa laga Folket etter Bladi; ein lyt laga Bladi etter Folket. Ein lyt bøygja seg for Folkeviljen og Folketanken. Det er ein brysam Lov dette; men han lyt fylgjast.

 

Nei no kom eg ut av det. Det var um Synmør eg skulde skriva. I Politikken er mi altso i det djupe Drag Vinstrefolk; men mi fær so seint fram, at det mest ser ut som mi var Bakstrævarar. Mi vil halda paa vaar Grunnlovsrett, kva det so skal kosta; men store Framstig og Umbrigde er mi rædde. Det er løgje det, at mi er so reint maatelege medan mi er heime; men naar mi daa kjem ut t. D. til Kristiania for aa studera, so vert mi reint som forandra. Det er vist Havet, som klember oss formykjet her inn millom desse høge, tronge Fjelli.

 

Slik som mi er i Politikken, slik er mi og i Maalvegen. Ein skulde tru, at slik ein stor Mann som Ivar Aasen skulde riva sine Sambygdingar med seg for Ende; men daa det! Ja vist er her mange Maalmenn, maavita; men det er berre teoretisk; i Praksisen trur mi enno, at ”det tena det, som er” og so slær mi oss til Ro. Men eg vil no segja dokke det Synmøringar, at med dokka gode Maalføre og dokka Ivar Aasen, so er det ei Skamm, at inkje fleire held Fedraheimen og er Tingarar i Det norske Samlaget. Mi lyt sanneleg til aa skunda oss nokot no! Det er langt fram! Og høyr paa i ei Skulestoga ei Stund, kor dei stakars smaa der stotar og stimar med alt det framande, dei lyt meiska i seg utan aa skyna eit Or, so vil du vel medgjeva, at det inkje tenar det, som er!

 

Mi hev no faatt istand eit Skjotarlag her i Volda. Der hev alt teiknat seg 70 Lagsmenn.

 

Berre Folk tok til laga Maalmannssamlag og!

 

R.

 

Frå Fedraheimen 25.10.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum