[Tidender.] Dei Nasjonale.



Dei er fælt harme uppe i Morgenbl. no, for det at Sverdrup segjer, at det er Bonden som hev haldet Nasjonaliteten uppe i dette Landet, og at Byfolket er gjenomsyrat av dansk-tysk Innverkning. Høgrepartiet hev i det siste teket til aa slaa paa den Strengen, at deivar det nationale Partiet, og Professor Daae vaagad seg jamvæl til aa smeikja Kristiania med det, at ho var den nasjonale Byen. Og so kjem Sverdrup straks etter og avsannar desse gilde Sjølvvitnesburd. Det var lite høvelegt gjort av ein Statsministar tykkjer Bladet. Men han inkje berre avsannar dei, men heiltupp avheidrar dei, ved det, at han sjølv set upp eit verkelegt nasjonalt Program.

Morgenbl. vert nøydd til aa freista prova, at dei ogso verkelege er nasjonale.

Og korleids gjer dei det?

Ved aa setja upp eit Program, som er endaa meir nasjonalt kanskje? Ved aa hevda Maalsaki endaa sterkare enn Sverdrup kanskje?

Aa nei det var du fri for.

Nei dei freistar aa prova det med Tal _ prova Nasjonaliteten sin med Tal, likesom det var eit annat Reiknestykkje.

Kvat meiner Morgenbl. det er aa vera nasjonal? Jau det same som aa vera fødd i Landet. Og det aa vera nasjonal i framifraa Maate meiner dei er det same som aa vera fødd i ei Bygd og inkje i By.

Naar De no høyrer at Høgre gildar seg av aa vera det nasjonale Parti, so veit De soleids kvat det vil egja _ at dei er fødde i Landet. Naar Vinstre talar um det same, so meiner dei nokot annat og meir enn det.

No er Stordelen av Høgre verkeleg fødde her i Landet _ ergo er dei nasjonale.

Og med aa prova, at Kristiania er nasjonal i framifraa Maate, det fell dei likeso lettvint. Av dei som no bur i Kristiania, segjer Bladet, er det berre 42 av 100 som er fødde i Byen, 36 av 100 er jamvæl fødde i Bygder, difor maa væl Kristiania hava Lov til aa kalla seg nasjonalt, og den Politikken, som Kristiania hev ført, maa vera nasjonal i framifraa Maate.

Det kann inkje tenkjast nokot meir forvrengt.

Liksom Høgre hev likat aa pryda seg med falskt Fridoms Namn, soleids freistar dei no aa pryda seg med eit endaa falskare nasjonalt Namn.

Dei skulde vera nasjonale, som hev arbeidt imot alt nasjonalt, som hev voret reist Krav um i dette Landet?

Dei som held det nasjonale for aa liggja i gamle Klædesfillur fraa forne Tider i utgamle Skikkar og Seder, i eit raatt Folkeliv, som heldt seg utanfor all Politikk og Samfundsliv? Men dei sanne nasjonale Krav, som Kunst, Bokrikje og Statsliv reiser no _ dei bryr dei seg inkje um. Den daude og steingjengde Nasjonalitet er det, som dei hev huglagt, men inkje den livsfriske og sterke.

Og so meiner dei det skal vera nok til aa vera nasjonal, ja so nasjonal, at ein kann kyta av det _ berre ein er fødd i Landet.

Um dei sette Strid mot det nasjonale aldri so greit paa Programmet sitt, dei vilde kyta av at dei var nasjonale likevæl.

Nei, Saki er den, at me kunde vera likaso unasjonale, um kvar Ibuar var fødd i Landet _ me kunde likevæl for det ganga upp i Dansken hell Svensken.

Og sjølv um Halvdelen av Folket var født utanlands, me kunde gjerne for det hevda ein sterk og kraftig Nasjonalitet. Det er inkje so mykje Talet som det er Krafti det kjem an paa her. Sjølv um det inkje var so Tilfellet, at norskt Maal var talat av Fleirtalet her i Landet _ Norsken vilde vinna likevæl, fyrst fordi det er dette Maalet, som er mest heimhøveleg etter vaare Forhold og maatar til heile vaart Liv, og for det andre fordi Norsken i seg sjølv er eit no mykje betre, friskare, rikare og meir livande Maal enn Dansken.

So Morgenbladetlyt nok finna seg i aa høyra Fabelen om de to Nasjonaliteter endaa ei Stund, til des at den sanne norske Nasjonaliteten vert so sterk, at det inkje vert Tale um andre, av den Grunn at dei er døydde ut hell uppsogne av den norske.

Den Tidi kjem kanskje fyrr enn nokon trur.