[Tidender.] Morgenbladet
tykkjer ille um det,
at Sverdrup, som er Statsministar og Departementssjef, skal leggja
seg burti andre Saker, soleids som no dette Framlegget um
Skulestellet vaart. Slikt er mot all god gamal Departementsskikk:
Fyrr gjorde ein Embættsmann inkje det Slag meir enn det han hadde
Løn for, og no kjem Sverdrup og skjemmer ut all gamal god Sed. Han
er inkje nøgd med sitt eiget Departement, og med si Stelling som
Statsministar, men han vil aataat vera norsk Borgar, og hava same
Rett som andre til aa gjera Framlegg aat andre Departement. Skulde du
hava høyrt paa slikt fyrr! Dette er so beint imot Morgenbladets
Meining um kvat det sømer seg ein Eksellense, som det best kann
vera. Statsministarembættet vert misbrukat paa den Maaten, meiner
nok Bladet. For med ein Statsministar meiner Bladet ein Mann, som hev
stor Løn av Riket nettupp for aa passa paa, at Livet inkje flyg for
fort, at Framgangen inkje vert for braa. Han skulde berre sitja og
venta som ein annan Konge til des at Sakerne vart lagde fram for
honom, og dei Saker, som daa inkje alt fyrr hadde fenget si Grav paa
dei Stelle, hvor man arbeider, skulde det daa vera hans
Embættesgjerning aa leggja fram for Hans Majestæt med Bøn um
naadigst Negting av Sanktion.
Morgenbladet
hadde væl kanskje trutt det um Sverdrup ogso, at naar han kom so
høgt upp og fekk so stor Løn, so vilde han ogso vyrda seg til
og sitja for seg sjølv i det innste Romet, dit litet nytt kom inn,
og der endaa mindre kom ut ifraa.
Men no hev dei med
Rædsle set, at det er so langt ifraa, at han nøgjer seg med aa
sitja som Gamlefar og berre jamna og sletta paa det, som andre gjer
fyri
_det
er so langt ifraa, at han tykkjer Landsens Arbeid gjeng for fort, at
han sjølv, rask som ein Ungdom, steller seg fremst i Arbeidet og
skuvar det veldugt fram:
Er det Under, um
Morgenbladet jamrar seg yver slikt?
Er det Meiningi han vil
driva sine undergjevne Embættsmenn etter sitt eiget Fyredøme, kor
skal det verta av deira gode Dagar daa?
Tenk um han kravde
av dei, at dei skulde gjera meir for Folket enn det nettupp var
fyreskrevet dei som Embættespligt
_
kven kunde verta Embættesmann i Landet daa?
Tingmann Emil Stang sagde
i Møtet paa Festningi, at det no inkje fanst nokot annat, som kunna
halda att mot Rotriving og Øydeleggjing enn Landsens eigne Borgarar.
Han tykte, han laut minna Høgre um, at han var komen so langt i
politisk Visdom, saag det ut for.
Mannen er snart eit halvt
Aarhundrad gamall, og han veit endaa likso mykje, som ein vanleg
flink Gut i Konfirmasjonsalderen.
Er det inkje store Ting af
Høgres fyrste Mann?
Det som Pastor Heuch hev
imot Vinstre er inkje det, at det vil gange litt fort fram paa den
eingong gjevne Veg; men det var det, at dei vilde brjote den gamle
Vegen av og byggja nye Vegar, sagde han i Møtet paa Festningi.
Hr. Heuch gjorde
væl, um han vilde upplysa Folk um, kvat han meinar med
den
engang givne Vei
, som det norske Folk
skulde ganga, og kven som hadde synt
honomden.
Ellest er det inkje
vondt aa skyna, kvat han meinte. Det var han, som sagde, at
Grunnloven av 1814 var nokot Tull, og det var han, som inkje kunna
stole paa Armeen,
difor kann ein utan altfor stor Vande skyna, kvar den Heuchske Veg
ber av.
Dersom Folket gjekk
fram til
Prestarne
med all si aandelege Magt og til
Tronenmed all si politiske, daa vilde det
visseleg av Heuch faa Skotsmaal for, at det gjekk fram paa
den
engang givne Vei
.
Men Tiderne er vonde, Hr.
Pastor!
Kristiania hev ei god
Aand; men Folket utyver Landet var narrat upp i Stru, sagde L. L.
Daae.
Ja er det inkje eit
elendigt Folk dette norske.
Kristiania
gode
Aand
hev sendt ut L. L. Daae, Yngvar
Nielsen, A. B. Rustad, Lensmann Stenbuch, Steen fraa Bygdøy, B.
Kjekstad, Advokat Vogt, Lærar Skaar, Grosserar Gulbrandsen m. fl.
for aa upplysa vort arme forblindede Folk um, at gjekk det med
Vinstre, so skulde det verta Krig baade innanlands og utanlands; daa
var Vantru og all Landsens Ulukke ventandes.
Og endaa let Folket seg
narra og gjekk med Vinstre.
Er det inkje so det kann
kulsa i ein Stein tes meirs?
Kristiania gode
Aand! Men kvat var det
Aftenposten
sagde daa Kongen kom? Jau, han fortalde, at han inkje var i
Stemning
til aa rope Hurra, og at han ved det Tilhøvet kom til aa minnast,
kvat Jødarne sagde, daa Heidningarne vilde hava dei til aa syngja.
Hvorledes skulle vi synge Jehovas Sang i Hedningeland.
Ja so: Kristiania
med den gode Aand, den mest nasjonale av alle Noregs Byar, Byen med
den virkelige Historiesøkk
paa 8 Dagar ned til aa verta Hedningeland.
Det er inkje langt fra
Kapitolium til den tarpejiske Bergknausen og inkje fraa Kristiania
til Hedningeland helder.
Forfaldets og
Nedgangens Tid.
_
r
_
Publisert