Klokka.
(Etter
Iwan
Turgeniew
.)
(Del 8 av 13.
Fyrste delen.)
(Framhald.)
XV.
Ein Dag kom eg til aa
ganga gjenom ei Gate, der eg sjeldan for. Utanfor eit Ølstoge der
Glaset var uppe, fekk eg høyra eit Mæle, som eg kjende, det var
Drengen vaar Vassilj.
_
Sjaa her, kvat eg hev funnet
_
sagde han aat ein inne i Ølstoga.
_
Ja det er løglege Menneskje, baade desse Gutarne. Ein Morgon stend
eg upp som vanleg og vert standande ved Glaset, og der ser eg baade
Gutarne kjem stiltrande, grev eit Hol i Marki attmed Apallen og legg
Klokka nedi og sletter so til med Jord att.
_
Og du grov uppatt Klokka?
_
Ja det var greidt. Men eg lyt gøyma henne, til eg fær selt henne,
og det skal væl verta ei Raad med di, naar Offiserarne kjem, hell
so spilar eg ho burt.
Eg lydde inkje meir,
men sprang beinast heim og fekk Tak i David.
_
Kjære deg
_
byrjad eg
_
ver inkje vond paa meg, eg hev gjort deg Urett, eg hadde slik ein
leid Mistanke til deg, eg skuldad deg for aa hava teket Klokka.
_
Klokka no att? Er ho der inkje lenger daa?
_
Nei. Eg trudde fyrstundes, at du hadde selt henne for aa hjelpa dine
Vener, og so er det Vassilj.
Eg fortalde no David alt
saman. Men so vond som han vart; eg kunde inkje kjenna honom att, han
som sagde fyrr, at denne Klokkagreida aldri var nokot aa bry seg um.
Men no sprang han upp i fult Sinne.
_
Det skal aldri henda
_
skreik han. Korleids torer den Guten vaaga seg til aa taka det, som
inkje høyrer honom til, eg skal læra honom, at me inkje held Hus
for slike Skarvar.
_
Kvat vil du gjera?
_
spurde eg.
_
Det skal du faa sjaa, naar Far legg seg til aa kvila. Eg vil taka
Guten for meg, me hev nokot utalat me tvo.
Eg kjende væl paa meg, at
eg inkje vilde standa i den Stakarens Sko, som no skulde skrifta for
David.
XVI.
Straks etter Maten, daa
det vart stilt i Huset, gjekk David nedi Drengestoga og ropad paa
Vassilj. Eg fylgde etter. Han vilde fyrst inkje høyra, men vart
nøydd til aa fylgja med oss ut i Hagen.
_
Vassilj Terentjew
_
tok David i
_
no er det paalag 6 Vikur, sidan du hev gravet upp ei Klokke under
Appallen der. Du hadde ingen Rett til det, Klokka var inkje di, gjev
ho difor fraa deg att og det straks.
_
Vassilj vart nokot flat med det same, men samlad seg att straks og
sagde:
_
Kvat for ei Klokke? Kvat meiner De? eg veit inkje av nokor Klokke.
_
Eg veit kvat eg segjer, eg lyg inkje. Du hev Klokka, fram med henne!
_
Eg hev inkje Klokka.
_
Eg høyrde daa, at du sjølv der burte i Ølhuset
_
sagde eg, men David gjorde eit Teikn aat meg, at eg skulde tegja.
_
Jau me veit det, at du hev Klokka. Me segjer deg det endaa, gjev ho
fraa deg. Vist
inkje, so
_
_
Kvat so? spurde Vassilj.
_
Kvat so? Jau daa skal me slaa deg, so du inkje orkar aa standa paa
Føterne meir.
_
De slaast med ein liveigen! Det held De Dykk lel for gode til
_
og daa log han so stygt.
David tok og heldt
honom i Bringa og skreik:
_
Væl, so skal me inkje bruka Nevarne paa deg, me skal finna paa andre
Raader. Eg gjev deg ein Kniv og tek sjølv ein, so skal me sjaa kven
som vert Meistar. Alexis, skunda deg, spring stad og finn den store
Kniven min, du veit den med Beinskaftet, han ligg nedi Skuffa; eg hev
den andre paa meg.
Vassilj vart bleik; David
heldt honom endaa.
_
David Jegoritsch
_
tok han i, medan Taarerne braut fram
_
kvat vil De gjera? For Guds Skuld, kvat vil De gjera? Slepp meg laus!
_
Eg slepper deg inkje laus, det finst inkje Naade for deg. Tek me deg
inkje no me hev deg, er det uvist aa faa Tak i deg. Alexis kor er
Kniven?
_
David Jegoritsch
_
ropad han
_
drep meg daa inkje. Ja, ja, det er eg, som hev teket Klokka, De skal
faa ho att straks. De er eit fælt Menneskje. Berre slepp meg laus,
so skal De faa ho; men De treng inkje fortelja um det aat Far sjølv.
David slepte honom, og han
sprang inn det fortaste han vann og kom att med Klokka, som han
skjelvande lagde i Henderne aat David.
(
Meir.)
Publisert