Tidender.


Kristiania, den 14de Oktober.


Kongen kjemtil Kristiania Fredag fyre Middag.


Professorposteni Filosofi. Universitetet hev innstelt paa at Svensken Pontus Wikner skal faa Posten.


Vatnet i Kristianiafjordnen er endaa so varmt, at Folk held paa og laugar seg.


Nye Bøker paa Norsk. Paa Huseby & Olsens Forlag kjem det ut, naar det lid um nokot, Forteljingar og Sogur av Arne Garborg og ei Forteljingsbok (umsette Stykkje) utgjevne av Stefan Frich.


Nyt Tidsskrift. 6te Hefte (for September) er utkomet og inneheld: En hverdagshistorie , av K. E. Den ældste græske historie , av B. O. Schjøtt. Vælgernes retfærdigste repræsentation , av Fredrik Bajer. Om kvindesagen, av H. E. Berner. Prof. Petersen: Om Skabelsen, meldt av Arne Garborg. Om Ibsens Gjengangere , av Camilla Collett.

I næste Heftet kjem det eit Stykkje av ei Forteljing, som Jonas Lie held paa med (Lorden), og Stykkje av Gina Krog, Kristofer Janson og Anton Welde.


Gassen sprang paa ein Skule her i Kristiania, daa dei skulde kveikja i Lampa, og det kunde nær hava vortet ei stor Ulukke. Det vart ein Skrell, som høyrdest gjenom mange Rom, og Bonni sette i med ein Yl og ein Skrik av Rædsle. Og alle styrmde mot Utgangen og vilde ut, og der vart Straumen so tett og stinn, at mange vart rivne yverende og laag sanselause, medan dei andre trykte paa, og det var berre sovidt, at dei kunde bergast undan.


Stygt Mord. Timan Møkle hadde ein Plass langt uppe i Skogen millom Sandsvær og Slemdal. Han hadde vondt Ord paa seg og let ofte um det, at han skulde knekkja baade Kjeringi og Sonen og Bror sin. Ein Dagen lagad han seg til og ladde tri Byrsur. Men Kjeringi saag han seg Kans til aa slaa ihel med eit Eplegrip. Sonen fekk sjaa dette, og lagde ut med ein Skrik og sprang nedaat Tjørni, der han trefte Farbroren. Og hadde dei inkje gøymt seg undan daa, so trur dei, at det hadde gjenget likeeins med dei som med Kjeringi. Mordaren ventad inkje til Strafi kunde koma, han stupad seg nedi Møklevatnet og druknad.


Tobaksaakrar i Noreg . Fraa Sogndal i Sogn skriv dei til Bergens Tidende um, at ein, som for nokre Aar sidan kom heimatt fraa Amerika gjorde ein liten Freistnad med aa plante Tobak. Folk trudde fyrst, at Mannen inkje var rett klok elder at han dreiv med det berre for Moro Skuld. Men fyrre Vinteren var Mannen til Bergen med Tobaken, han hadde haustat, og fekk inkje mindre enn 2000 Krunur for honom. No tok Folk til aa gjera store Augo, og iaar hev fleire Bønder teket til aa bruka nokot av Aakrarne sine til Tobaksplanting. I det heile hev dei i Aar brukt 22 Maal til det. Hausten slog godt til, og der er mykjen Tale bland Bønderne um, at dei for Aalvor bør leggja seg etter Tobaksavl; fleire Bønder hev sett upp Turkarhus (Kjylnur). Tobaken, som hev vakset i Sogndal i Aar, skal vera likso god, som den dei avlar i Amerika.


Lauseld. Sundagskvelden Kl. 9 ½ kom det upp Lauseld i Holmestrand. Det bles hart, so Folk var inkje istand til aa sløkkja og 60 Bygningar rauk med.


Bannevogner talar dei um aa faa paa Jarnvegarne i England. Dei tykjer, det er paa lag like so naudturveleg aa hava serskilde Vognar for Bannarar som for Tobaksrøykjarar. Men no er det inkje so greidt aa avgjera, kor mange slike Vogner det trengst. Det kjem no mykje an paa Skikken i dei ymse Landslutar. Men med Togi, som førar Folk fraa og til Kapplaupi trengst vist inkje Vogner for andre enn dei, som bannar, segjer et engelsk Blad.