Skuggsjaa.


Difficile est satiram non scribere.

Det er Tider, som er meire rike paa Hendingar enn andre, og ei slik Tid hev me havt no desse siste Fjortendagarne. Fyrst kom no Høgre-Lands-Foreiningi med eit Høgreprogram til alle dei andre Program, som Høgre hev. Dette var den fyrste Hendingi, og ho er stor, fordi Høgre endaa ein Gong hev synt Folk sin merkjelege Evne til aa finna fleire og altid fleire Program. Me veit soleids, at dei fyrr hev havtinkje so faae baade moralske og kristelege Program, og no kom dei med inkje mindre enn 8 reint verdslege. Um inkje lenge fær me vel endaa ein Del Program fraa dei, so dersom dei skal prenta alle, baade dei, som hev komet, og dei, som kjem, so ottast eg mest for, at Bokprentararne her i Landet inkje vinn stort meire enn aa prenta Program for Høgre. For det er reint merkjeleg for alle dei Program, som hev vakset fram or dei Grunnsetningar, som besjælerPartiet, og som hev fenget si Form av den historiske Utvikling eg av Situasjonens Krav. Ja for nokot sovoret var det, som skulde skapa eit Program, sagde Morgbl. for eit Bil sidan. Det er hellest eit stort Pengetap for Høgre, at dei inkje tek Patent paa Programmi sine, for daa vilde dei snart verta Krøsosar alle saman. Men dei er inkje dei, som traktar etter timelegt Gods, difor vil dei inkje taka nokor Betaling for det, som dei berre hev sin store Givnad aa takka for.

Den andre store Hending kunna Morgbl. fortelja um alt for væl 8 Dagar sidan, daa det kom med den Tidendi, at Tingmennerne her fraa Byen hadde sett seg iverkmed nokot. Og kan du gjeta, gode Lesar, kvat dei sette seg iverkmed? Jau, med forberedende Skridt. Og kvat var det vel desse Skridt av dei verkjande Menn skulde forberede? Jau, det fekk eg sidan veta av Morgbl., det var ei Høgreforeining her i Kong Kristian den 4des gode gamle og skikkelege By.

Denne siste Hendingi er so mykje merkjelegare no, som for eit Aar sidan brydde Høgre her i Byen seg slett inkje um aa skipa nokot Samlag, daa det berre vilde sjaa ut, som dei tok til aa veikna. Men no! ja dei er sagtens sterke; men Samlaget kunna likevel inkje vera av Vegen. Men ein tek storleg imist, um ein trur, at det var ei lett Sak aa faa istand eit Høgresamlag for Hovudstaden. Tenk 4 Mann laut setja seg i Verk berre med Fyrebuingarne, og dersom ein kann tru det, som Stortingsmann Stang sagde paa Festningi, so hadde dei verkt lengje.

Og det gjekk væl baade med Verken og dei som verkte, for um ei Tid verkte det ut or dei ei Innbjodning til alle gode Menn med Bøn um, at dei skulde møta paa Festningi i Gymnasitksalen no Laurdags Kvelden. Og for at dei gode Borgarar skulde faa so mykje større Hug til aa møte, so lovde Stang, Joh. Berg, Pastor Heuch og L. L. Daae aa halda Fyredrag, og Fædrel. lovde paa Forhaand, at dei skulde koma med gedigne Sager og let i det heile falla Ord um, at det skulde inkje verta dekt med Kvardagsmat den Kvelden. Og det var mange, som hadde Hug til aa høyra, kvat desse Kararne hadde aa segja og til aa sjaa dei gedigne Sager, som det var lovt, dei skulde koma med, og soleids var det og med meg. Ein maatte no og sanneleg vera ein Daare, naar ein skulde lata eit sovoret Tilhøve ganga ifraa seg. Der møtte i det heile ikring 2000 Menn, berre Menn, forstend seg, for Høgres Kjæringar, som valde Partiet so mykje Mein i Vinter, og som Morgbl. skreiv so mykje um, dei heldt seg heime denne Gongen. Trulegt hev dei sluttat minnelegt Forlik med sine gode Æktemenn. Og desse 2000 Menn var alle intelligentepaa 3 nær, og dei 3 vart utkastad, segjer Høgrebladi. Fyrr enn Talarne og dei gedigne Sager kom, saag eg meg i kring i Salen. Jau dei saag svert so intelligente ut allesaman. Serleg merkte eg meg dei, som sat mitt i Salen. Det var mange av dei, som etter Skapnaden aa døma sletinkje manglar det, som dei skal eta og drikka og som difor, dersom ein kann tru det, som den Guds Mann Heuch sidan sagde, er Landsens mest intelligente elder rettare: dei er i Grunnen dei einaste, som er intelligente. Rundt kring Veggerne var mange Arbeidarar, og eg stod og ventad so smaatt paa, at dei skulde verta viste Døri; men det var du fri for. Høgrebladi ser endaa svert nøgde ut no etterpaa nettupp for, at dei hadde Arbeidararne med seg. For Arbeidararne er intelligentedei og, forstend segnaar dei berre møter fram paa Høgremøti og styd Høgre. For det er nettupp deri den sanne Intelligensyttrar seg. Det er det sama, um ein høyrer til de besiddelsesløse, naar ein berre inkje gjer de meningsberettigede Mein. Men bland disse gode Menn var og ein, som eg lyt røda nokot meir um. Det var eingong Folk ikring meg skreik Bravi, at eg høyrde ei Beljing nett som av ein Ukse. Hm, er her umælandeDyr og? tenkte eg og saag meg ikring. Nei, firbeinte Skapningar saag eg inkje; men eg saag honom, som Lyden kom ifraa. Oøøh! oøøh! oøøh! sagde han Gong paa Gong. Men kvar hadde eg set dette Andlitet fyrr? Jau nettupp: det var ein Dag, eg gjekk yver Kutorvet, at eg saag Politiet dreiv og baskad med ein av dei namngjetne Kutorvgutarne. Denne Kutorgguten var no komen paa Høgremøtet og vorten intelligent. At han beljad istaden fyr segja Bravo, det skal me inkje heftast ved. Det var trulegt fyrste Gongen han var saman med mælande... og difor skal ein tilgjeva honom, at han bar seg som dei umælande. Men korleids kunna han finna paa aa gaa til eit slikt Møte? Ja, spør du meg, so spør eg deg; men det hadde seg vel so med honom, stakkars Fyr, at han vart keid av aa slabba nede i Vaterland saman med umælande Dyr, og so hadde han fenget Hug til aa koma paa eit meire intelligent Kutorg, um so berre for ein Gongs Skuld. Og naar kunna han vel faa betre Tilhøve til det, enn netupp no siste Laurdags Kvelden. Og Mannen viste aa nytta Tidi.

Eg saag rundt ikring Veggjerne. Og so mykje fint, som der var. Det var alle Stader tilstasat med Byrsur og Sablar og andre Slags Vaapen og uppe paa Trevet stod ei Bysta av ein Konge, og ikring denne Bysta var ein Krans av Sablar. Eg var mest tenkt paa aa spyrja Heuch, kvat for Slags Sindbillededet laag i denne Kransen; men eg kunna inkje koma so langt fram. Ja der var i det heile prydd paa ein sovoren Maate, at dette maatte setja Mod i Mann, sjølv um ein inkje kann stole paa Armeen. Og framme ved Talarstolen var det prydd med avgjengne Ekselensar og meire slikt, eit Sindbillede, som inkje er godt aa tyda for den, som inkje hev fenget Høgres merkjelege Givnad for det morosame.

Best som eg sat i slike Tankar tok dei til aa klappa i Henderne rundt ikring meg. No kjem vel det gedigne. Eg saag up; Stang stod paa Talarstolen. Og etter Stang kom Pastor Heuch og etter honom igjen L. L. Daa. Og desse 3 Kararne song kvar sit Vers av sama Visa. Dei song um, at dei hadde mist al Magt, Radikalismen var komen inn i Kongens Raad, Kongsraadet var no inkje annat enn ein permanent Storthingskomite, som vakte yver, at Kongen gjorde som Stortinget vilde; Røysteretten var vidkat, Folket gjekk inkje lenger fram paa den givne Vei, Folket var narrat upp i Stru.

Dei kalgad seg i det heile for, at dei no hadde det skrekkjeleg ille, og dei hadde ingi Von um aa faa det betre so snart. Ødelæggelsens Vederstyggelighed var ventande, sagde Heuch.

Det var det gedigne.

Daa Klagesongen tok til, tenkte eg: ja no vert her vel eit Hus! For eg ventad paa, at Gjengangararne no skulde taka til aa rive sig i Haaret af Fortvivlelse liksom deira namnspurde Namnefrende paa Horten for ei Tid sidan; eg ventad paa, at dei skulde taka til som Likferdskjæringarne i gamle Dagar med Hyl og Graat og all Slag sorgfull Læte. Men det gjorde dei inkje. Det var intelligente Folk, det er vist, og den intelligente Aftenpost hev funnet eit Prov for deira Intelligens nettupp deri, at dei skreik Bravo der dei skulde. Og Bravo tyder: det er rett, det er som det skal vera. Og Bravo kunna dei skrike, det er vist. Dei skreik Bravo til alt mogelegt. Dei skreik Bravo av alle Livsens Krefter til det, at dei hadde tapt, til det, at Radikalismen sat i Kongens Raad, til det, at Styringi no var berre ein
permanent Storthingskomite, til det at Folket var vortet narrat upp i Stru o. s. b. Og ved det viste dei sin Intelligens, segjer Høgrebladi. Eg fann dette undarlegt eg, min Uviting; men no gjer eg inkje det lenger. Eg skynar no, at Høgre heldt detta Møtet berre for aa visa Folk, at dei er like lystige, anten so sakerne stend so elder so. Dei Galningar! Tenk: dei fekk tri Mann til aa rita upp kor ille det stod til med dei, og so stod dei sjølve og log og skreik Bravo og hadde svært til Moro av, at no er Forfaldets og Nedgangens Tid:

Kor Høgre lel kann vera intelligente.

_ r _.