Norsken paa Seminari.
Fraa Stord Seminar
fortel ein Mann i
Demokraten,
at Skulestyraren hev negtat Maalsaki Lov til aa koma inn paa
Samtalemøti aat Seminaristarne.
Kann det vera mogelegt, at
slikt er sant?
Seminari, som skulde
kjenna som si Pligt aa gjera Gutarne duglege til aa undervisa paa
Norsk, skulde daa inkje dei fyrst og fremst vilja gjera alt som kunde
kveikja Kjærleiken til norsk Maal og Samhugen med Maalsaki?
Er det daa mogelegt, at
Vestlandet hev fenget ein Seminarstyrar, som so reint misforstend si
Pligt og Uppgaave, at han arbeider tvert imot?
Kanskje ein Seminarstyrar
snarare held det for si Pligt aa arbeida paa aa tyna det norske
Maalet hjaa Gutarne?
Han vil kanskje
segja, at som samvitsfull kongel. norsk Embættesmann er han
nøyddtil aa vera med i eit sodant
Rothoggararbeid, med di han held seg til Reglementet av 31te Juli
1869, som legg det paa honom aa fuska burt og stela Norsken hjaa
Gutarne og gjeva dei att Dansk.
Reglementet segjer,
at Læraren ogsaa skylder at tage fornuftigt Hensyn til Elevens
tilvante Sprog
_Naar
det, som ikke saa sjelden hænder, at Gutter fra Fjeld- og
Fjordbygder have vanskeligt for at udtrykke sig i Bogsproget, bør de
opmuntres til at tale, som det falder dem naturligt,
paa
samme Tid som det er Lærerens Pligt at føre dem ind i og lære dem
at bruge baade i Skrift og
Tale
det almindelige Bogsprog.
Fyrst liksom
sleppa
etter
med ei Haand for aa
takaso mykje meir med den andre. Det var
nok Meiningi, at Seminari skulde vera ein god Reidskap i det
planlagde Øydeleggingsverket av Maalet vaart, som det var so fullt i
Samhøve med, naar det slapp ut or Skuledirektør Bonnevie, at
Læraranne i Folkeskulen skulde læra Skuleborni sine ogso aa
talaDansk.
Etter den Tid hev det
vortet Systemforandring med Umsyn paa Maalet i Skulen,
Stortinget gjorde det fyrste Tiltaket, og den gamle Regjeringi maatte
ogso gjeva upp sine Tankar um aa tyna Norsken, og slaa inn paa ein
annan Veg, stella seg som Tenar for Folkets Krav; Instruksen av 14de
Mai 1878, som segjer at Norsk skal vera Undervisningsmaalet, var det
fyrste Stiget paa den nye Vegjen, og dermed var det innført ein ny
Synsmaate, som naturleg maatte inkje berre gjenomførast i
Folkeskulen, men ogso verka til ein annan Framgangsmaate ved
Utdaningi av Lærararne, som for aa verta dugelege til aa fullnøgja
dei nye Krav, no ogso laut lærast upp paa ein Maate, som i det
minste inkje gjorde dei uskikka til deira Kall.
Men skulde Instruksen um
Maaltyningi ved Seminari endaa standa ved Kraft, so vart den seinare
Orderen, um at Norsk skal vera Maalet i Folkeskulen, utan nokor
Meining.
Daa det er denne siste,
som det no er Meining med, maa Seminari retta seg deretter, og halda
Tilsetningi um aa tyna Norsken for aa vera attrad og sett ute av
Kraft.
Dette maa kvar
Seminarlærar skyna, som daa hev Viljen til aa skyna, og dei som er
samvitsfulle og arbeider for Skulens Bate, vil retta seg etter det og
ved alle Midlar kveikja og næra Kjærleiken til Norsken.
Er det endaa nokon
Seminarlærar, som vil stela hell fuske burt Talemaalet aat Gutarne,
so fær dei klaga til Kyrkjedepartementet, so fær dei nok sin Rett.
Publisert