Gjenteskulen i Sogndal.

 
(Brev.)


Eg hev lenge tenkt at fortelja deg korleids eg likad meg paa Høgskulen i Sogndal i Sumar, men det hev ikkje vorte nokot av; fyr strakst me kom heim av Skulen byrjad dei aa slaa. Eg fekk det daa so travelt, at eg laut berre vera glad, at eg med andre fekk Helsing fraa deg kvar Gong du kom ruslande.

No fær Utarbeidet til at minka, og her vert meir Tid at samla Tankarne.

Skulen sluttad den 16de Juli med ei liti Fest med Talur og Song. Skulen hev varat i 3 Maanader (fraa 17de April). Der var 33 Gjentur paa Skulen.

Ja det var tri hugnadlege Maanadar at sitja inne i den store Skulestova og sjaa utyver den blanke Viki med Soli skjein og Gauken gol saa det glimade borti Storhaugen og Læraren stod paa Talarstolen og fortalde um alle Stormenn, som hev faret der; ja eg tykte plent det var som eg saag dei gamle Nordmenn for Augo mine. Og saa naar Styraren hadde Fyredrag um dei store Diktarne vaare _ det var Mann, som kunde kveikja upp Ungdomen.

Ja det var hugnadlege Timer darinne paa Helgheim alt ifraa fyrste Stundi eg kom der; der var alt so rolegt, der kvilde en slik Fred, og den friske og lette Lufti liksom strauk meire mildt um Panna mi enn paa nokon annar Stad, alt derinne fyrekom meg so kjendt, som um eg hadde ruslat der i heile mitt Liv; Lærararne tok mot os, og me var som gamle Kjenningar; og Folket, som me hadde Husely hjaa, likaeins; alt gjorde det Inntrykk paa meg, at soleides maa det vel verte fyrr me kann segja, at Brorskapstanken hev vakset seg sterk i Folk att.

Ja eg maa segja at dei var hugnadlege, alle Timarne i Soga, Song, Grammatikk, Hagestel og Handgjerning, alt er fyr meg like ugløymande.

Ja reis paa Folkehøgskulen alle som kann koma dit, eg trur, at fleire med meg vil sanna, at det var godt at anda inn nokot av det friske Aandslivet, som vert utsaatt paa Helgheim.

Saa skjøn en Drøm ei findes
som den paa kjendte Strand
om Arven, som skal vindes
i Aandens Fedreland.

Ja ta Dykk fri den korta Tidi alle norske Gjentur, so mange som paa nokon Maate kann, tenk paa at det vert Dykk til mykje Gagn i Livet.


Ei Skulegjente fraa Ytre-Holmedal .