Fritenkjarskapen
et truleg um seg, og endaa
skjotare vil det væl ganga heretter. Mest merkjer ein det paa
Ungdomen, som kjem til Kristiania paa Lære. Ein skulde meina at
Kristentrui var nokso godt rotfest i slike, men det er inkje lenge
fyrr ho ligg der, dei kastar Trui mest likeso fort som den
heimegjorde Trøya. Dei evnerike vert snart full av Tvilar um alle
Ting, berre dei fær ei Teft av den nye Lærdomen og vert naturleg
fælt radikale i det daa med det same, og preikar fælt imot
Kristendomen. Dei som hev mindre Evne vil inkje standa til bakars,
som Voni er, og dei fylgjer med.
Paa Bygderne er det endaa
inkje so mange, som er openberre Fritenkjarar, som vilde vera leidt
for Skuld Umdømet av Mugen, men det er daa ein stor Del, som hev det
Draget i seg; men det vil væl koma snart fram. Allvist Folk av
Høgreflokken løyner det væl, og finn at det løne seg aa vera til
Vens med Prestarne, som dei daa igjen kann faa bruka til politiske
Fyremaal. Men skulde det koma større Liv og Rørsla i Kristendomen,
soleids at Tyngdi vart liggjande hjaa Folket, og Prestarne inkje kom
so høgt upp, daa skulde De sjaa ei merkjeleg Svinging soleids at
Vinstre vilde dylja meir og Høgre setja Fritenkjarskapen klaart upp
paa Programet sitt, daa ein sterk livande folkeleg Kristendom vilde
vera deira verste Fiende. Det er væl ingen Tvil um annat enn at
Fritenkjarskapen ogso trivst best millom dei store og rike, for slik
som han no er, er han mykje aristokratisk, um det er hjaa Vinstre
ogso.
Det er vist faafengt
Arbeid aa freista vilja stansa denne Straumen, for det er Spreng i
honom som ein Naturlov. Og ingen kann negta at det er denne
Straumen, som no ber Kulturtankarne, so det vilde likna Sjølvtyni aa
stagga og øydeleggja Bøker av dette Slaget hell meinka Ungdomen i
aa lesa dei. Til fortare det gjeng, til fyrr fær det gjort ifraa
seg. For det er klaart, at den neste Vindflaga att kjem til aa verta
overlag kristeleg, slik skiftest Straumdragi i Tidi. Eg fæler meir
for at Kristendomen vilde verta for streng daa enn for mild.
Rimelegvis vil dei hardaste Fritenkjarar no verta dei strengaste
Pietistar hell Metodistar, soframt dei liver so lenge.
Det stend no til alle
vituge Kristne i Landet aa verka til, at dei Tider kann ovra seg fyrr
og aa jamna Yvergangen, so dei inkje kjem braastøytande paa oss til
Skade baade for Mann og Samfund.
Dei skal paa ingen
Maate halda seg sjølv burte fraa dei nyare Skrifter hell lesa dei
berre med den Meining aa motstrida alt som stend der, men lesa for aa
læra, so dei kann koma i Jamnhøgd med Kulturen i den Tid som no er,
daa fyrst vert dei føre til aa taka Taumarne paa dei Tider som kjem.
j.
Publisert