Fraa ei Fjellbygd.


(Framhald).
 
(Del 2 av 3. Fyrste delen.


Kva Maalmennerne her segjer um Programmet tarv eg vist ikkje orda nokot um. Dei er harme alle som ein: Heilt utestengd er Maalsaki ikkje; men ho er teket med paa ein Vis, som er verre hell utestenging. Hadde ho kje voret nemnd, so hadde ein kunna trøysta seg med, at ho var gløymd. Ho heng i ytste Haletippen paa dette nasjonal-politiske Dyret, som Styret for Vinstreforeiningen hev gjevet Namn av Venstres Program. Det er greidt, at det beintfram er vond Vilje mot Fars og Mors fagre Maal, som hev gjort det. Det ser ut til, at desse Mennerne i Styret ikkje er so gamle endaa, at dei hev fenget det fulle Vit paa alt det gode, Mor deires hev gjevet dei. Og dei synes vel, at dei for sin Part so godt kann vera Maalet forutan. Og so ligg det mindre Vigt paa, kva andre treng til. At eit Program for Vinstre skal vera for alle Vinstrefolk, Maalmannsflokkjen medteken, det er ein Ting, som dei Kararne lyt hava aa tenkja paa til neste Gong dei skal gjera Valprogram.

Maalmennerne tarv ikkje strida lenger for aa faa si Sak godkjend; ho er godkjend. Og det skal undra meg, um ikkje Maalvenflokkjen no ikkje er so sterk baade i Tal og andeleg Magt, at han hev Rett til aa krevja si Sak vigsla av Livet. Og ingen fær meg til aa tru, at Regjeringi set Maalsaki paa ein so laag Plads paa Programmet sitt som no Styret for Vinstreforeiningi hev gjort. Baade Johan og Jakob Sverdrup og Haugland og Arctander hadde skrivet under Framlegget for Tinget i 1878, som kravde, at Undervisningi i Almuskularne paa Landet so vidt mogeleg skulde gaa for seg paa Barnets eiget Maal. Og kva Statsraad Blix meiner um Maalsaki er absolut hævet over Tvil. Og soleids hev me vel Rett til aa vona eit Tiltak i Maalvegjen. Og det vel ikkje minnst, fordi Maalsaki hev voret framme med sine Krav lenger enn ein Mannsalder. Og Tinget hev funnet henne so vigtig, at det hev gjevet ut mange Pengar til Studnad for henne. Og kor mange er det ikkje, som hev slitet heile sitt Liv for henne utan so mykje som aa fenget ein Skjeling til Vederlag for sitt Slit og Stræv. Mange hev gjort det, og mange gjer det framleids. Men alt dette hev Styret for Vinstreforeiningi gjevet ein god Dag. Um Maalsaki var gamal som Jordi, um Kravet etter Maalet var eit Folkekrav, det hev ingenting paa seg, meiner desse Kararne, og so tek dei fram ei Sak, som mest ingen hev tenkt paa til dessa. Eg meiner direkte Valg paa Stortingsrepræsentanter. Dette skal gaa fyre baade Maalsak og Husmenn og Arbeidarar, som eg skal tala lite meir um nedanfor. Det skulde vera Moro aa faa vita, naar Kravet etter beintfram Val paa Tingmenn hev voret so sterkt og aalmennt, at Styret hev Grunn og Rett til aa taka det framum Maalsaki. Meir skal eg kje segja um ein Ting, som det er best aa tigja med.

Framhjælp af Arbeidernes og Husmendenes Kaar stend som No. 4 paa Tillegget. Det ser mest ut for, at Styret av Vinstreforeiningi bryr seg likeso lite av Husmenn og Arbeidarar som av Maalmenn. Og med det kann ein vel segja av Smaafolket i det heile.
Det synest kje aa koma ihug, at Høgre her hev ein god Kans til aa kunna faa gjera seg eit Fleirtal, ja den einaste Kansen kann ein vel segja. Tek det aalvorlegt upp alle Kravi aat Smaafolket, so vil det faa alle som ein av dei med seg. Og daa vil det faa ei Magt, som det i Lengdi ikkje gjeng ann aa trassast med, daa vist ikkje, naar Smaafolket fær Røysterett, som Styret hev set som No. 1 paa Tillegget. Vinstre maa nokk taka det paa ein annan Maate, um det skal kunna faa Mengdi av Folket med seg, for Mengdi er Smaafolk og ikkje Stormenn. Og er dei ikkje vare um seg her, so kann godt Høgre koma og taka heile Kurven. Det er Smaafolket, som slær Pengar her i Landet, Pengarne som so mange andre liver av. Og daa gjeld det um aa halda Livet i dei lengst mogelege. Og det fyrste er daa aa sjaa aa faa stella det slik, at dei ikkje er nøydde til aa fara or Landet. Altfor mange hev alt reist sin Veg. Og tusund andre vil taka same Leid, um det ikkje vert gjort nokot no strakst. Heile Vinstre lyt vera einigt um, at Fremhjelp af Arbeidernes og Husmændenes Kaar er ei Sak, som maa greidast med det aller fyrste. Det er ei stor Sak og ei vigtig Sak, vigtig for Smaafolket sjølve, som no sliter seg ut for aa døy, og vigtig for Landet, som vil hava den største Baten, um Husmennernes og Arbeidararnes Kaar vert slike, at dei finn seg tente med aa vera her i Landet. Og so Rettferd, Rettferd!!


( Sluttar.)