Tidender.


Kristiania, den 10de Oktober.


Høgremøte skal haldast ikveld for aa faa istand eit Høgresamlag for Kristiania.


August Strindberg hev nyleg skrivet ei Bok som heiter Giftas. Ho inneheldt 12 Æteskapssogur og var drug sume Stader. No hev Politiet forbodet aa selja Boki. Mange baade i Sverike og Noreg undrast paa, kvat Grunnen kann vera til ei slik Framferd, daa Sverike baade hev og hev havt ein heil Del raae og grisevoren Bokavl, som Politiet inkje hev røyvt, og so kom dei no og tok ei Bok, som var skrivi av ein Mann, som er ein av dei fyrste Diktaranne i Sverik.

Merkjeleg var det daa, at dei inkje staggad Boki strakst, men fyrst 14 Dagar etter at ho var utkomet og sendt ikring heile Sverik, so det var berre nokre faa Hundrad dei fekk Tak paa i Stockholm; og daa dette spurdest utyver Landet, fekk Boki ei god Avsetjing der kann ein vita.


Sverdrups Fyrimaal fortel Dagbl. skal no fyrst og fremst vera aa faa Umbot i Skule- og Upplysningsvegjen, men derattaat held han paa med Granskingar yver Stellingi og Vilkaari aat Arbeidsfolki og deira Krav for aa faa istand Lovframlegg til aa hjelpa dei.


Høgrebladi jamrar seg, fordi tvo Høgremenn inkje vart uppattvalde til Styrarar for Hovudbanen. Det var Indredeptm. som hadde mest aa raada ved dette Valet. I Styret er Prof. Guldberg, Storhandlar Sundt og Sakførar Krogh.


Arbeidarsaki. Det hev voret arbeidt no i det siste paa aa faa istand eit Arbeidarsamlag for heile Landet. Mange skal alt hava teiknat seg inn i dette Samlage, og dei vil hava ei Avis som serleg skal tala Arbeidaren si Sak.
No Tyrsdags Kvelden heldt dei her fraa Byen, som hev teiknat seg inn i Samlaget Møte og valde seg Styre og Varamenn. Etterpaa vedtok dei nedanstaaande Program for det norske Arbeidarsamlag:
  1. Lovlydugskap _ Sedugskap _ Avhald fra Drykk.
  2. Umsorg for gamle og sjuke Arbeidarar (Hjelp av Staten).
  3. Aalmenn Røysterett.
  4. Ingen Toll paa dei Varur, som er naudturvelege for Arbeidaren og Huslyden hans.
  5. Innføring av viss Arbeidstid.
  6. Samvitsfullt Arbeid, men rimeleg Løn.
  7. Arbeidaren bør hava Del i det, som Drifti kastar av seg.
  8. Fri Lære baade i Statsskulen og Kommuneskulen.
  9. Fri og offentleg Sakføring.
 
Vinteren. Fraa Vadsøy skriv dei i Finnmarkspostenfor 20de Sept.: Den 14de og 15de snøde det, so Marki vart heilt kvit. Snøen er no gjengen burt att nede ved Strondi; men i Fjelle ligg han og vert vel trulegt liggjande, daa det er kaldt i Veeret. Folk hev det no annvint med aa taka upp Poteterne, endaa dei berre er halvmogne; Høyet er komet i Hus vælbergat.


Kvalfiskjet. Vard. Tid. fortel, at dei i Aust- finnmarki iaar i det heile hev fangat 379 Kvalar. Ifjor fangad dei 389; men Fortenesta er likevel paa Lag den sama iaar som ifjor, daa Kvalen iaar hev fallet større.


Gammal Grav. Times melder um, at nokre Vitenskapsmenn hev gravet ut en gamal Gravhaug nær Gaskerville i Nordamerika. Nokot ned i Haugen kom dei til ein Kvelving og under den fann dei Beingrindi av ein Mann. Beingreindi var godt vedlikehaldi. Ho var 7 Fot høg og laag paa Huder, og var innsveipt i Straafletningar. Haaret var svart og grovt og naade ned til Hofterne og paa Hovudet var ei Koparkrune. I Haugen fann dei og Beingrindar av fleire Born og ein Del Perlur og Bein. Fleire av Steinarne i Kvelvingen var dekte med Innskrifter, og dersom nokon vert istand til aa tyda dei, so vil ein væl kunna faa Upplysningar um ei Kjempeætt, som dei trur ei Tid hev but i Nordamerika. Dei sama, som grov ut denne Haugen, hev og etlat seg til aa grava ut nokre Kjempehaugar i Pensylvania.


Det gamle Edystone Fyrtaarn vart nedrivet for nokre Aar sidna, daa det skulde byggjast eit nytt og større Fyrtaarn der. Men Styringi i England vilde inkje, at det gamle Taarnet skulde verta gløymt burt, difor let ho alt det, som til det hadde høyrt, fara til Portsmuth, og der vart Taarnet uppatbygt i sin gamle Skapnad. No for nokre Dagar sidan vart dei ferduge med Uppattbygningi og daa heldt dei Fest i Taarnet.


Birma. Nokre Fangar freistad paa gjera Uppreist i Fengslet. Soldatarne sette daa Eld paa, og skaut paa dei, som vilde røma burt og paa den Maaten vart inkje mindre enn 435 av Fangarne drepne.