Klokka.


(Etter Iwan Turgeniew. )
 
(Del 6 av 13. Fyrste delen.

(Framhald.)


XII.

Solenge det var Venskap millem Far hennar og vaare, saag me kvarandre ofte. Det var eit Tak ho var hjaa oss dagstødt og sat og saumad og batt med dei fine og hage Fingrarne. Det var ei venvaksi og vælslungi Gjente, med brune kloke Augo og langt bleikt Andlit. Ho talad litet, men vitugt; og naar ho talad, var det med djupt Mæle, mest utan aa opna Munnen. Men trefte det til, at ho lædde, som inkje var so ofte, daa saag du Tennerne, glimande som ei Rad med Perlur. Eg minnest endaa det lette svivande Gangelaget hennar. Og alt ho tok seg fyri, fylgde det ein serskild Ynde. Daapsnamnet hennar var Raissa, men me kallad ho jamnast Svartlippa, for di ho hadde ein blaaleg Fødeflekk paa Yverlippa, so det saag ut som um ho nyleg hadde voret i Blaaberskogen. Men det skjemde henne inkje det Slag.

Ho var eit Aar eldre enn David.

Eg hadde som ein Age for henne; det kom kanskje av det, at me inkje kjende kvarandre skilleg væl, for endaa ho var hjaa oss so mykje, so kom eg inkje til aa røda med henne nokot større. Men David hadde komet i merkjeleg Venskap med henne; han vitjad henne ogso heime av og til.

Eg kann væl segja, at eg aldri sidan hev set nokor Gjente, som var lik henne. Eit Huglynne so underleg blanda, aalvorleg og snarraadug, elskeleg og vyrdeleg, vankvædi og huglaus. Eg høyrde aldri, at ho sagde nokot aandfullt, men hell aldri nokot utekt og daamlaust. Og Augo hennar blikad so vitugt, dei saag so klokt inn i Verdi.

Sidan den Tid det gjekk sund millom oss og Latkin var det sjeldan eg saag henne.
Far hadde forbodet oss strengt aa ganga dit, og inkje Raissa hell var heime hjaa oss meir. Men eg møtte henne anten paa Gata hell i Kyrkja, og no som fyrr fylgde det Svartlippa ein Age og ein Vyrdnad, som heller voks enn han minka.

Ho bar Ulukka, som kom paa dei so verdug og traust. _ Denne Gjenta er ei Perle _ sagde jamvel Skarven Trankillitatin. Ein maatte hava den djupaste Samhug med henne. Andlitsdragi saag nokot nedstemde og trøyte ut _ for tunge Byrder var lagt paa dei unge Oksler. David saag henne oftare enn eg, for han saag um henne heime endaa. Far hadde inkje ganske forbodet honom det, fordi han viste, at det kunde inkje nytta. Stundom kom ogso Raissa, og so treftest dei nedi Hagen. Ho kom aldri berre for aa godsvalla med honom, men naar det var nokot som stod paa Huslyden hennar, naar det var komet paa nokor Uheppe att, so ho var i Raadløysa. Med Latkin var det no so stelt, at i Hender og Føter var han nokso ledug, Vitet var heilt, men Tunga hans hadde komet reint paa Ulag, so han inkje fann rette Ordi for Tanken, men kom til aa segja Ord, som inkje nemnte det, som han tenkte paa.

_ Sju, sju _ fekk han endeleg fram, naar han hadde stræva ei Rid (han byrjad altid paa den Visi) _ Soksi, Soksi, ja! _ og so meinte han, at dei skulde sende honom Braudet.

Paa Far var han fælt vond, han meinte det, at honom aaleine hadde han all Uheppa og Vanlagnaden sin aa takka for. Han kallad honom stundom for Slagtaren og stundom for Gullmakaren.

_ Vaag deg inkje aa ganga aat Gullmakaren Wassiljewna! _ So kallad han Dotter si, endaa han sjølv het Martin og han soleids hadde maatt kalla henne for Martinowna.

Fraa Dag til annan vart han so vønen og kravsam, at det kunde mest inkje Folk vera saman med honom. Korleids skulde dei gjera honom nøgd og fylgja etter alle hans Lunur? Vesaldomen og Armodi voks dei yver Hovudet, det var ingen Utveg aa finna. Alt detta fekk me høyra av den syttanaars Vækja _ hennar Lagnad var isann inkje mild.


( Meir.)