[Tidender.] Programmet aat Høgre.


Etter Hendingarne her i Vaar vart Høgremennerne liggjande reint flate. Sist paa Sumaren tok dei daa likevæl til aa sanka ihop sine Restar, og heldt eit Møte i August, i Pultosten dei kallar. Der vart det vedteket at dei framleids skulde freista aa halda ihop som eit politisk Parti. Men til det trengde dei aa hava eit politisk Programm, daa dei forstod at det gjekk inkje lenger som i gomal Tid, daa dei ved Vali for den store Hopen berre rette fram sine Autoritetar til aa velja paa. Dei gjorde difor ein Komision, som skulde granska um eit slikt Programm var aa finna. Til dette Embætte tok dei 10 av sine beste Menn (2 Sakførarar, 1 Prest, 1 Statsministar (hev voret), 1 Historiegranskar, 1 Riksarkivar, 1 Konsul, 1 Brukseigar, 1 Brennevinsbrennar, 1 Gardbrukar og Kand. theol.) Denne Nemndi sat ihop ifraa 27de August itl 8de Oktober, og dei hev virkeleg fenget ihop 8 Uppsett, som dei trur vil høva seg til Programm for Partiet.

Heile Innstellingi deires er skrivet paa ein viss rørande Maate, det er eit yvervunnet Parti, som veit um sin Lagnad og vedkjennar seg den, og godt er det at Sanningi kann verta sagt so greidt ogso fraa den Kanten.

Dei kallar Hendingarne i Vaar for so betydningsfulde, at deira Rækkevidde _ endnu ikke fuldt ud kan overskues. Dei vedkjennest at no er vort offentlige Liv bragt ind i et nyt Stadium og under væsentlig nye Former.

Um seg sjølve minner dei um, korleids Partiet hev minkat ved Vali, og dei maa sanna, at det nok er so, at de store Strømninger i Folkene ikke vexle med korte Mellemrum, og saaledes maa vi være beredte paa, at der kan komme til at gaa flere Valg, førend vi kunne fremvise en Majoritet i Storthinget.

Alt minner so um Solveigs vedkjømelege Song i Per Gynt:

Kanske der vil gaa baade Vinter og Vaar,
før vi sees faar.

Slik er Tilstandet no hjaa desse Folk, som fyrr var so kvik, som hadde so friskt og kraftugt eit Programm, som det ingi Nemnd trengte aa sitja i maanadsvis for at finna ut: Nedkuging av det nationale, Burtstenging av det framande, Samrøring med Sverik, eit kraftugt Embættesvelde, Kristiania er Norig og styrer Norig, Innføring av absolut Veto osv. og so eit Yverhus som eit blaanande Maal for Framtidsarbeidet, og so endeleg Streik og blanke Sablar leikande bakum _ alt dette var daa Program, som det var Tak i, som Folk kunde skyna; nokot som kunde samla eit Parti og eggja og elda upp sine Menn.

Men sjaa Armodsdomen no!

Ein skulde daa venta vist, at naar det var med i Nemndi Menn som Presten Heuch og Yngvar Nielsen vilde dei kunna faa med sine kjære Tankar um Uppløysing av Grunnloven og Utviding av det absolute Veto til aa gjelda Lovsaker ogso.

Men nei, ein ser inkje nokot til det, dei hev nok maatt yvergjevet alt ihop.

Kvat er daa Innhaldet av desse 8 Uppsett?

Me hev sanneleg vanskeleg for aa finna nokot Innhald i dei, og endaa verre trur me det vert for Veljarfolket i vaart Land.

Inkje nokot positivt Programm, ingi serskilde Saker aa arbeida for, berre Motstand, Motstand, Motstand, all Vegjen. Motstand imot dei Saker, som Vinstre hev sett upp som sitt Programm. Jau, dei nemner ogso nokre Saker, som dei inkje vil arbeida reint imot, men heller hjelpa fram; men dette er altsaman Ting, som Vibstre alt hev sett upp paa Programmet sitt, og som der høver ihop med det politiske Syn og er Ledar i heile Umvølingsarbeidet. Slik som det kjem fram hjaa Høgre, vil ingen tru, at det er nokot Aalvor med det hell at det vert til nokon Ting. Slikt nokot som Sparsamheit, at Dugleiken skal koma til sin Rett utan andre Umsyn, Utvikling av Nærignsvegjer, av Herstellet, Framhjelp av Arbeidaren og Mindremannen og av Kvinna(?). _ Aa det nyttar inkje! Folk veit altfor væl, at i slike Ting er det einast Vinstre, som hev Hugen og Dugleiken til aa føra nokot fram.

Um ein no skal samla under eit, kvat Høgre tykkjest aa sjaa som si Uppgaave so er det:

aa vera ein Vreist hell ei Bremsevogn i vaar politiske Framgang og Utvikling