Tidender.
K
ristiania,
den 7de Oktober.
Maalsaki i
Hardanger
.
Læraranne i
Hardanger og Voss hev fylgt etter Sogningen. Paa Provsti-Lærarmøtet
i Nordheimssund den 26de September innleidde
Oddm.
Vik
Ordskiftet um Maalsaki. Han heldt
seg til Vedtaki, som var gjorde i Sogn, men meinte at det var nok aa
taka dei 4 fyrste berre, daa dei 3 siste inkje beintfram vedkom
Folkeskulen. Alle var samstelte um, at det var ei fortenstfull og
vigtug Gjerning aa faa Folkemaalet fram til Riksmaal i Landet. Det
einaste dei var nokot usamde um, var det um det var høvelegt, at
Regjering og Storthing tok seg av Saki. Dei fleste meinte, at no var
Tidi komi til aa faa Folkemaalet innført som Læreemne paa
Seminarskulerne, til aa faa Skulebøkerne paa godkjend Norsk, so kvar
Lærar fekk velja det han vilde o.s.v. Men nokre var det daa som
meinte, at desse Saker greidde seg best av seg sjølv. Tilslutt gjord
Forsamlingi eit Vedtak, som gjekk ut paa det same som fyrste Delen i
Uppsettet hans H. M. Dahl. 5 Mann røyste imot, som inkje likad plent
Ordformi som det var sett i.
Stockholmsvalet
hev Høgremenn sendt inn Klage yver. Dei segjer at det er slept inn
Utlendingar og andre Folk, som inkje hadde Røysterett.
Publisert