Vinstres "Program"
Etter mi Tru kunde
Styret for Lands-Vinstrelaget gjera nyttigare Ting enn aa sitja aa
laga ihop Programforslag. Eg vil berre nemna ein Ting som den
aa senda Agitatorar elder Foredragshaldarar rundt ikring; for
slikt trur eg det er, politiske Samlag plar driva mest paa med i
vanskelege Tider og naar nye Val stend for Døri, og slikt er det nok
Høgre og driv paa med i desse Dagar, ettersom eg hev høyrt. Men
Vinstrestyret
_
Lands-Venstre-Forenings-Bestyrelsen, som det heiter paa
Sproget
_
hev
funnet, at det me trong mest um, var ei Lista yver vaare Idear;
og den Lista hev ho daa sett upp. For noko veit du, at ei
Lands-Venstre-Forenings-Bestyrelse maa
gjera.
_
Ikkje
ei
Lista hev ho sett upp, men tvo paa ein Gong. Ei for no, og ei for
sidan. Ei for dei Sakerne, som Vinstre
veit,
at det vil ha fram, og ei for dei Sakerne, som det ikkje veit, anten
det vil ha fram elder ikkje; ei Lista for Arbeidssaker, og ei for
Saker til aa tenkja paa, ei for Aalvor og ei paa Voni. Idear er
det ingen Vant paa, kann ein skyna, og det er daa ikkje annat enn
godt og væl.
Lands-Venstre-Forenings-Bestyrelsen
hev meint aa gjera det væl, det maa ingen tvila um. Dessutan hev ho
viljat vera klok. Og Klokskap er ei Dygd. Men det er ei faarleg Dygd,
for ein vert so lett altfor klok. Og den, som er altfor klok, ber seg
tidt galnare aat, enn den, som ikkje hev Draum um Klokskap.
Lands-Venstre-Forenings-Bestyrelsen hev i dette Tilfellet voret
væl klok. Dermed hev ho sett upp eit Programforslag, som ikkje er so
vælgjort som det er vælmeint.
For det fyrste kunde heile
Program-Forslaget voret uskrivet, til dess Vinstre hadde gjort ifraa
seg dei store og vande Sakerne, som stend att fraa tidlegare Aar, og
som i seg sjølv var meir enn Program nok for næste Val, naar me
hugsar paa, kva dette i Røyndi maa koma til aa staa um, so lenge
ikkje Høgre¨heilt og ærlegt gjev upp sine Tankar um Strid mot det,
som no er vunnet. Ser me for det andre paa sjølve Programforslaget,
slik som det er framlagt, so vil me finna, at det er ihopsett slik,
at det lite kann vera til Rettleiding for Vinstre elder for dei, som
Vinstre skulde tenkja paa aa vinna, men derimot til ikkje so lite
Hjelp for Høgre, som i desse Tider visst tek imot all den Hjelp det
kann faa, og meir til.
Eit Forslag til
Val-Program
skal vera praktiskt. Det skal
ikkjeinnehalda Saker til aa tenkja paa elder
Framtidssaker elder Saker, som Partiet ikkje er samstellt um;
for det spreider istadenfor aa samla. Helder ikkje skal Programet
innehalda Saker, som er so gamle, at dei alt held paa aa
gjenomførast; for det er utrengt og kann altso ikkje vera godt for
nokon Ting. Finn ein, at ein vil hava eit Val-Program, so skal det
innehalda ei elder tvo elder tri av dei Sakerne, som ein finn er dei
mest vigtige; som ein vil hava fram fyrst og fremst, og som ein veit
er so vidt mogne og fyrebudde, at die vil kunna
samla
Partiet og skaffa det Fleirtal
.
Venstre Lands
Forenings Bestyrelsen Programforslag inneheld, som sagt, tvo
Listur. Den fyrste av desse inneheld sju Saker. Desse Sakerne er:
-
Folkedomstolar.
-
Nytt Hærstell.
-
Folkeskolens videre Udvikling i Retning af mere gjennemført Selvstyre med Udvidelse af Undervisningstoffet.
-
Adgang for Menighederne til at øve Indflydelse paa Valget af Prester og paa Anvendelsen af Kirkerne.
-
Videregaaende Frigjørelse af Kvindens borgerlige Stilling (?).
-
Næringsveienes Udvikling, navnlig gjennem forbedrede Kommunikationsmidler.
-
Sparsommelighed i Statshusholdningen.
Dei tvo fyrste Sakerne paa
denne Lista er so gamle, at dei ikkje høyrer heime paa eit
Valprogram no.
Den tredie Posten er so
uklaar, at Landsforenings-Venstre-Bestyrelsen visst er aaleine
um aa forstaa, kva han inneheld. Er det Meiningi, at Vinstre vil
gjeva Skulekommissionarne Rett til aa velja Lærarar, so skulde det
voret sagt. Vil Vinstrestyret hava nye Fag inn i Folkeskulen, skulde
det ha sagt, kva Fag dette skulde vera; dessutan skulde det ha sagt,
um det vil arbeida for Udvidelse av Skuletidi; for vert ikkje
den lenger enn ho er, so nyttar det nok lite aa udvide
Undervisningsstoffet. Snarare kunde der vera Meining i aa knappa
av paa Lærestoffet, t.d. ved aa knipa inn Pontoppidanpugingi; men
det segjer ikkje Vinstrestyret noko um.
Femte Posten ser ut som
ein Talemaate. Av den vert ingen Mann klok paa, kva Vinstre i næste
Storthingsperioden vil gjera til Framhjelp av Kvinnesaki.
Sette Posten er
ikkje stort klaarare. Vil Vinstra halda paa med den gode gamle
Uskikken aa byggja Jarnvegjer langs Sjøkanten, til Skade for
Skipsferdi og til Gagn for ingen, daa visst ikkje for Staten, elder
vil Vinstre taka Tingen fraa ein annan og rimelegare Kant?
Detskulde eit Program gjeva Vitring um.
Sjuende Posten er
ein Talemaate, som Høgre vil setja paa si Lista likso væl som
Vinstre paa si. Kor er det, Vinstre vil spara? Kva Slags Utgifter er
det, det vil knipa inn?
deter
det, som skulde vera sagt i eit Valprogram!
Ein Ting kom eg til aa
tenkja paa, som eg sat og mynstrad med dette Programet og heile vaart
politiske Stell.
I § 1 i Lovarne for
Vinstrelaget stend det, at Vinstre vil arbeida paa Grunnlag av
Forfatningen
og Foreningen med
Sverig
. I det heile kann ein væl
segja, at Vinstre i seinare Tid kappast med Høgre i Elsk til
Unionen. Eg trur knapt, at det nokonstad i Norig no lenger vert
ropt Hurra for Fedrelandet: Det heiter altid: for
Fedrelandet
og Unionen.Fedrelandet
aaleine er liksom ikkje nok no lenger, korkje for Vinstre elder
Høgre. Skal ein vera loyal, maa ein taka Sverig med. Dersom me
held paa med dette i nokre Aar, vil snart ingen Nordmann hugsa, at
det er Norig, som er hans Fedreland; alle vil tenkja, at Fedrelandet
er det same som Fedrelandet
og
Unionen,
d.e.
det
store fælles Fædreland Sverige og Norge.
Vinstre driv som sagt
svært paa med dette, og det er lovfest, som sagt, i sjølve
Lands-Venstre-Foreningens Lovar. No kunde ein tenkja som so,
meinte eg, at Lands-Venstre-Forenings-Bestyrelsen, for aa vera
konsekvent, og for aa koma fullt i Høgd med Høgre i
Unions-Loyalitet, vilde setja upp ein Post i Programet sitt som so:
Udvikling og Styrkelse
af Broderbaandet mellem Sverige og Norge.
Nokon slik Post
finst det likevæl ikkje. Og endaa kunde denne Posten høva svært
godt paa Programet for eit Samlag, som hev Unionen i § 1 i
Lovarne sine, men som ikkje hev funnet Plads for
den
nasjonale Sak
korkje i Lovarne elder i
Programet. Ein slik Post kunde like eins høva godt med ein Ting som
den, at me no hev bygt tri
_
og snart fire
_
Jarnveger millom Aust-Norig og Sverig, men
ikkje
ein einaste ein
millom Aust-Norig og
Vest-Norig. Dette er og ein Ting, som me kann leggja Merke til. Held
me paa aa forbedre Landets
Kommunikationsmidler paa den Maaten, so kunde det eingong verta
Aalvor av det med ein Ting, som visse Austlendingar skal ha snakkat
um, nemleg at naar Trykket blir for stærkt, so gjev Austlandet
seg inn under Sverig, og so kann Vestlandet sitja der med sin
Republik og sine Radikalistar.
So kjem me til
Arbeidslista No. 2, det, som Mgbl. kallar Prøveballongen:
Lista yver dei Ting, som Lands-Venstre-Forenings-Bestyrelsen
hev sett upp berre som paa ei Von. Her er ho:
-
Udvidelse af Stemmeretten.
-
Direkte Valg af Storthingsrepræsentanter.
-
Udvidelse af Religionsfriheden.
-
Fremhjælp af Arbeidernes og Husmændenes Kaar. (?)
-
For Folkeskolens Vedkommende en videregaaende Anvendelse af Landsmaalet, samt Optagelse af Haandarbeide, Legemsøvelse og Skydeøvelse som Undervisningsfag.
Dette er altso dei Ting,
som Vinstre ikkje for visst veit, um det vil arbeida fyre elder
ikkje.
Det kann henda, at Vinstre
vil arbeida for meir Røysterett, dersom Vinstre finn det klokt.
Det kann henda, at
Vinstre vil arbeida for meir Samvitsfridom, dersom Vinstre finn det
klokt.
Det kan henda, at
Vinstre vil hjælpe frem Arbeidernes og Husmændenes Kaar (?
stydja Arbeidarsaki og Husmannssaki?), dersom Vinstre finn det klokt,
_
og so til allersiste
Slutt:
Det kann henda,at Vinstre vil arbeida for Landsmaal,
Haandarbeide, Legemsøvelser og Skydeøvelser ...
dersomVinstre finn det klokt.
Men det kann og henda, at
Vinstre læt desse Sakerne liggja.
_
Det
er
Innhaldet av Arbeidslista No. 2.
Dersom det var avgjort, at
Vinstre i det heile tenkte slik som Venstre-Forenings-Lands-
Bestyrelsen, so vilde der vera stor Grunn til aa venta, at
alle Arbeidarar, }
alle Husmenn, } som hev
alle Dissenterar og
} Røysterett,
alle Maalmenn,
gjekk med Høgre til næste
Val.
Some kjem kanskje
til aa gjera det og, berre av di dette Forslaget er framkomet. Høgre
vil nok vita aa bruka Lands-Bestyrelses-Venstre-Foreningens
Program, som dette
kannverta
brukt. Me ser daa og, at Høgrebladi med Fysnad hev kastat seg yver
dette Forslaget som ein sann Forkunn-Rett i desse magre Tider.
Maalmennerne kunde kanskje
hava mest Grunn til aa gaa fraa Vinstre, um
Venstre-Bestyrelses-Lands-Forenings-Programmet skulde verta til
meir enn det enno er: ein Papirlapp.
Dei ser her den nasjonale
Saki av Landsens Vinstrestyre sett upp jamsides med Haandarbeide
og Legemsøvelser som ein Ting, ein kann taka med elder lata
liggja, ettersom ein synest det fell laglegt. Dei som veit, kva det
nasjonale Arbeid hev paa seg, just i dette Land, og just i desse
Tider, for dei vil dette vera meir enn underlegt aa sjaa.
Landsmaal og
Haandarbeide. Landsmaal og Straafletning. Straafletning er ein
nyttig Ting. Men som politisk Programsak vil Straafletning synast aa
vera av mindre Vigt for dei fleste. Dei Herrarne, som me hev sitjande
i Landsens Vinstrestyre,
hevderimot
funnet, at Straafletning er jamvigtig med norskt Landsmaal, og norskt
Landsmaal... jamvigtigt med Straafletning.
Morgenbladet
segjer paa sin raae Maate, at me Maalmenn etter dette maa venta lite
Løn for vaart lange og trufaste Stræv for den radikale
Politikken. Det er sannt paa sin Maate: me kunde nok finna det
underlegt aa fylgja ein Flokk, som etter so langt Arbeid, og etter so
mange Røynslur, enno ikkje forstend meir av Saki vaar, enn at
Bestyrelsen for den same Flokken kann setja Maalsaki upp
jamsides med Straafletning og Skolapping som ei Sak av
allersiste
Klasse.
Men me fær vona, at
Lands-osfr.-Bestyrelsens Programforslag fær ein annan Skikk
tilslutt, enn det no hev. Dei ymse Vinstrelag rundt um i Landet vil
væl vita aa retta paa dette som paa andre rare Ting i
Programforslaget, dersom dei hellest ikkje segjer som so, at
det kann vera det same med heile Programet, so lengje me ikkje er
ferdige med vaare gamle Saker.
Skulde det koma til
aa visa seg, at Vinstre i det heile hadde likso lite Bry for den
nasjonale Saki, som dei Herrarne i Lands... Bestyrelsen, so
segjer det seg sjølv, at Maalmennerne fær skipa seg ihop til eit
serskilt Parti,
som daa, paa same Maaten som slike Nasjonalaprti i andre Land, fær
arbeida for seg sjølv og til kvar Tid hjelpa det Partiet, som hev
mest Mod og Vilje til aa stydja det norske Maalet. Alt no er
Maalmannsflokken i Thinget ikkje so reint liten, og utetter Landet
kann der vinnast mange Thingmenn, som, naar so skal vera, gjeng med
paa ein reint nasjonal Politikk.
Men eg kann ikkje tru, at
slikt vil verta naudsynlegt. Maalsaki og Vinstrepolitikken høver so
væl ihop, at det vilde vera rart, um dei skulde maatta skiljast. Og
Maalmennerne hev ingenting aa venta av Høgre, iallfall ikkje fyr
dette Partiet kjem so langt, at det vert fullt ut lovlydigt og
parlamentariskt. Maalmennerne fær lita paa, at
Venstre-Forenings-Lands-Bestyrelsen ikkje er det same som
Vinstre. Men naar dei ved alle Val gjeng saman med Vinstre i det
heile, maa dei hugsa paa, at all Tid, naar dei hev Valet millom tvo
Vinstremenn, so tek dei den, som dei veit er den støaste Maalmannen.
Det Programforslaget, Venstre-osfr.-Bestyrelsen hev sett upp,
viser iallfall so mykje, at Maalmennerne i det heile vil gjera rett i
aa lita fyrst og fremst paa seg sjølve, og at dei ikkje kann finna
seg i alt, fordi det kjem fraa Folk, som dei hellest kann hava god
Tru til, og som dei skulde hava Rett til aa venta meir av i det
nasjonale Arbeid, enn det ser ut til at me kann venta av dei
Mennerne, som no for Tidi sit i Styret for Lands-Vinstrelaget.
Etter som eg høyrer,
sender Styret for Det norske Samlag i desse Dagar ut eit
Sendebrev, som inneheld ei stutt Forklaring av Maalsaki som
Upplysningssak,
som
demokratiske Sakog
som
Nasjonalsak.
For dei, som hev tenkt mindre yver Maalsaki fyrr, vil dette Brevet
vera til god Hjelp, trur eg. Det er paa Tidi, at
allefedrelands- og fridomskjære Menn no
lærer aa skyna, kva Saki hev paa seg; for me hev ikkje godt av aa
vera so dauve i dei nasjonale Spursmaal, som me for det meste hev
voret til dessa. Me hev ikkje havt godt av det fyrr, og me kann faa
endaa mindre godt av det heretter.
Arne Garborg.
Publisert