Klokka.

 

(Etter Iwan Turgeniew.)

 

(Del 4 av 13. Fyrste delen.)

 

(Framhald.)

 

 

IX.

 

Aldri tykte eg at David hadde voret so sein til aa somna. Han som plagad vera so tagal, tok til og vilde røda fleire Vendur. Og aldri var det talat, sunget og skraalat so lenge Huset hadde stadet.

 

_ Kvat er det daa som er paa Ferde no _ tenkte eg _ hev inkje Folk Tid nok til aa skravla fraa Morgon til Kveld, skal dei daa ogso draga det ut til langt paa Natt? _ Og utanfor paa Gata var det so lydt, snart var det ein Hund, som gøydde so høgt og kvelt, at alle Grannebikkjurne tok i med og det vart ein fæl Yl. So var det ein drukken Bonde, som gav seg til aa standa utanfor Glaset vaart og sleppa or seg ein Flaum med Eidar og Vaabøner. So var det ei Dør som knirkad i sine rustne Gjenge, og so ei Vogn, som rullad etter Gata.

 

Endeleg ein Gong vart det stilt, alle tagde seg, og Natti lagde seg yver Byen og Huset. Alt sov, berre inkje eg. So skilleg høyrer eg Stogeklokka pikkar, inkje ein Gny høyrer eg, berre Andedraget fraa honom, som ligg i hi Sengi. Eg vil til og reisa meg _ halt, kvat var det? det høyrdest ut som nokot gleid etter Golvet. Hell var det inkje annat, enn eg som var rædd? Aa pyh, det er inkje verdt aa fæla. Blytung ligg Svevnen yver alle saman, berre fram, no er det Tid. Skjelvande kastar eg Aaklædet til Sida, let Føterne siga ned paa Golvet og stig upp. Eit Stig fram, berre eit _ er det daa verkeleg Føterne mine, eg kjenner dei snaut, so breide og lange. Min Gud, høyrde eg inkje einkvar stynja? _ hell lægja lydt? _ hell sukka? Knei bøygdest paa meg og Augo vart fulle av Taarer. Andsloppen lydde eg etter _ det var daa væl ingen Ting. Berre fram. Det var væl dimt, men eg veit daa Vegen. Braaleg støytte eg atti ein Stol; hu kor det ramlar. Au det gjorde vondt, eg hev støytt Kneet mitt _ berre inkje nokon vaknad. Men eg gjeng fram hugheil. Alt hev eg komet igjenom Matsalen, eg finn Døri, og med ein Fløyg fer eg ho til aa ganga upp. Uff det knakad i ho. Men eg stig uppigjenom Troppi _ ja berre her hadde voret nokot ljosare, so eg kunde seet. Eg naar den indre Døri, Gudskjelov, ho gjeng upp ganske stilt. No er eg inne i Gangen. Gjenom det vesle Glaset høgt uppunder Taket lyser det sovidt, at eg kann sjaa det som finst i Romet; der ligg Tenestgjenta og søv med Henderne knytt kringum Hovudet. Ho andar fort i den lette Dormen sin, tett attmed Hovudgjerdi hennar er Døri, dit eg skal. Eg lurar meg framum, og utan at eg sjølv veit korleids Døri kom upp, er eg inne i Romet hennar Farsyst.

 

Der i ein Krok heng Lampa framfyre Heilagbilætet, og i den andre Kroken stend Sengi, og der ligg ho Farsyst, med Andltiet snutt imot meg, men so kyrr som um ho var død. Logen i Lampa bivrar og blakrar for Luftdraget, og det synest eit Bil for mine Augo, som um det sviv upp og ned alt som eg ser paa, som um Andlitsdragi hennar Farsyst ledar paa seg, og sjølve Skuggen paa Veggen rører seg.

 

Der er Klokka, ho heng paa Veggen beint yver Sengi. For ei Lukke. No gjeldst det berre aa vera hendt. Men kvat er det for nokre Stig som eg høyrer? Er det Hjartat mitt, som bankar so hardt? Eg gjer eit Fet_ aah, ein rund Kropp kjem attpaa Foten min, ein Gong, tvo Gong _ eg hadde nær sett i og skriket, so rædd vart eg; eg laut halda meg fast attmed ein Stol for inkje aa siga ned; _ aa det er berre Katten som fer og krøkjer Ryggen sin. Han spring upp paa Bordet og set seg til aa stira paa meg hoggande stilt som ein Domar paa Brotsmannen. _ Pus, Pus! kviskrar eg, bøygjer meg yver Bordet og yver Sengi og tek Klokka. Men daa reiser Farsyst seg upp med opne Augo _ kor skal eg no gjera av meg. Men Augo let seg att so fort som dei var komne upp, eg høyrer berre ein uforstaaeleg Laat, og ho sig ned att.

 

Ei liti Stund etter er eg i Romet mitt og ligg i Sengi med Klokka i Handi.

 

Fortare enn eg kann det fortelja hadde eg komet attende. Eg er ein Røvar, eg er ein Tjov, men eg er ogso ein Helt. Av Glede yver det eg hev gjort kann eg snaut anda, det er so snaalt, at eg maa lægja, eg vil vekkja David og fortelja honom alt _ men daa somnad eg med ein Gong søvd av mine Tankar. Det var inkje lang Tid fyrr eg opnad Augo att, daa var det ljost i Romet, Soli hev nettupp runnet. Eg stend upp, vekkjer paa David og fortel honom kvat eg hev gjort. Han høyrde paa meg, log og sagde: _ Veit du? paa det at inkje nokot Snakk skal verta meir um denne furdege Klokka, so lat oss grava ho ned i Jordi.

 

Denne Raadi likad eg godt. Straks etterpaa var me paaklædde, og me gjekk ned i Hagen bakum Stoga, og der under ein gamal Apall grov David eit Hol i Jordi med Kniven sin, og der kom ho burt den leide Gaava aat Gudfar min, paa det at ho aldri skulde syna seg meir. So skal daa Trankillitatin sleppa og faa ho. Me lagde Jord yver att, og kastad Gras burtpaa, og byrge og sæle gjekk me inn, lagde oss att og sov endaa tvo Timar ein god Svevn.

 

(Meir.)

 

Frå Fedraheimen 04.10.1884

Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum